29.07.2013 Views

Fjøraposten 2007

Fjøraposten 2007

Fjøraposten 2007

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

13 JAN H. ELVEKROK (Midtbane)

Født: 28. mai 1984

Høgde: 183 cm

Vekt: 78 kg

Tidlegare klubbar: Bjørn

Debut FFK: 17. april 2006

Kampar: 15

Tor Yttri:

Fødd: 1965

Posisjon: Forsvar

Kampar FFK: 55

Mål FFK: 2

Periode: 1988-90

Fortsatt ein viktig bidragsytar til Fjøraposten med alle sine

bilder. Er då som no journalist, spesialist på reportasjar med

litt humoristisk vridning. Skreiv reportasjane om kampane til

Fjøra i måndagsutgåva, og var som regel (les;alltid) banas

beste. Oftast no å sjå på Fosshaugane med campingstolen

på skuldra, og kameraet i baggen når det er kamp. Var med i

stallen til Sogndal då dei rykte opp i toppdivisjonen i 1981,

men fekk ikkje mange kampane. Reiste så i militæret, og då

han kom heim etter endt tjeneste meldte han seg inn i Fjøra.

Tok det rimeleg piano gjennom heile karriera, var mest med

for mosjonen si skuld. Sleit mykje med achillesen, tok dei

med ispigg, noko han merkar den dag i dag. Avslutta karriera

med nokre sesongar i Syril. Fjellmann på sin hals, men helst

på føtene. Skal han ha ski på føtene, er det berre nedoverski.

Gitt ut bok om fjelltoppane i Indre Sogn, og fekk gode kritikkar

for den, spesielt i VG.

Jon Stedje:

Fødd: 1964

Posisjon: Forsvar / Midtbane

Kampar FFK: 108

Mål FFK: 11

Periode: 1985-89

Stort talent, men sleit med medfødt feil i hofta, noko som

hemma han under heile karriera, og som nok gjorde sitt til at

han ikkje fekk atskillig fleire kampar på Sogndal enn han

gjorde. Debuterte for Sogndal tidleg på 1980- talet og var fast

iventar før han reiste i militæret i Horten. Skulle eigentleg

spelt for Ørn-Horten, men hofteproblema sette ein stoppar

for det. Kom tilbake til Sogndal og Fjøra hausten 1985, og

vart med ut 1989-sesongen. Ga seg berre 25-26 år gamal,

men grunna konstant betennelse i hofta kunne han ikkje

spele fotball lenger. Har no fått ny hoftekule i den eine hofta.

Gjekk så over i trenargjerninga. Var fyrst trenar for Norane i

1991 med varierande hell, tok skrekken av det kanskje, og

venta heilt til 1998 med å finne seg eit nytt lag, denne gangen

Syril. Dette året gjekk Syril heilt til Firdacupfinalen mot

Norane, men rauk 5-4 på golden goal i ein særs spanande

kamp oppe i Sognahallen. Grunna lite folk på hausten måtte

han ved to høve snøre på seg skoa att. I dag er han trenar

for 1997 årgangen i Sogndal, der ein av sønene hans er

med. Er fortsatt ein spreking, sykla Jotunheimen Rundt tre

gonger, i tillegg har han vore med på Birkebeinarrittet og

Grenserittet. Augna me ein ny Hallvard Stedje. Spelte alltid i

14 FRODE KVAM (Midtbane)

Født: 22. februar 1979

Høgde: 185 cm

Vekt: 77 kg

Tidlegare klubbar: Hafslo, KIL

Debut FFK: 4. august 2006

Kampar: 11

drakt nummer 14, noko som var uvanleg på slutten av 1980talet.

Grunnen til det var rett og slett Johan Cruyff.

Reidar Gaute Dvergedal:

Fødd: 1965

Posisjon: Forsvar

Kampar FFK: 149

Mål FFK: 15

Periode: 1987-95

Kom i frå Sogndal, der han fekk 20 kampar fordelt over 3 år.

Spelte mykje dei første sesongane, men på slutten vart det

mest kamp mot eit ukjent antall skadar, før han vart tvinga til

å leggja skoa på hylla i 95. Var ikkje innstillt på å gi seg når

han måtte, men med f.eks to avrivne korsband, so var det til

slutt ikkje bønn. Spelte eksempelvis berre ein kamp i 94.

Angra i dag på at han starta for tidleg å spela etter dei to

korsband- operasjonane, noko som nok var ein medverkande

faktor til at han måtte legge opp so tidleg.Var spelande trenar

i 93 saman med Kjell Ertesvaag. Hadde/har eit enormt konkurranseinstinkt

og er ein ekta Fjøragut. Er general manager

for FFK- All Stars i KL. Er sjef på Intersporten i Sogndal, og

har vore der sia 2001. Var før det pubvert i 8 år på Lægreid.

Er i dag tvillingpappa til Synne og Thea og sambuar med

Tone Bakke. Har hoppa i frå Loftesnesbrui (22 meter) i dress

ein novemberdag for herrens mange år sidan, etter eit tapt

veddemål mot Einar Kvam.

Johan Konrad Sundsøy:

Fødd: 1963

Posisjon: Forsvar

Kampar FFK: 187

Mål FFK: 23

Periode: 1983-90

Jobbar då som no i posten, og der blir han nok værande til

han går av med pensjon. Ga seg i Fjøra i 1990, 28 år gamal,

etter eige utsagn altfor tidleg, men kombinasjonen av skiftarbeid,

fotball og familieliv så vart det til slutt ei prioriteringsak,

og han takka for seg. Men han ga seg på topp, også det

etter eige utsegn. Kom i frå Sogndal hausten 1982, etter eit

år i militæret. Var med Sogndal si ferd mot toppdivisjonen

sesongen 1981, og fekk nokre innhopp der. 1988-sesongen

hugsar han som det året dei plukka so mykje stein. Dette var

i starten då Hafslofeltet vart laga, og for at Fjøra skulle få

trena der, måtte dei fyrst gjere sin skjerv med dugnadsarbeid.

Men litt hardt arbeid skadar ingen :-). Hadde ei rivalisering

gåande med Einar Fond, og hevdar den dag i dag at

han aldri har tapt ein duell mot førdianaren. Er i dag gift, tre

born, og er trenar på aldersbestemt i Sogndal. PS! Johan ein

av dei få som har same hårsveis no som i 1988. Kjent som

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!