30.07.2013 Views

Fri tanke nr. 2-2010

Fri tanke nr. 2-2010

Fri tanke nr. 2-2010

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Amina Wadud skapte kontrovers da ho leidde ei fellesbøn for kvinner og menn i 2005. Her frå ei fellesbøn i Oxford i 2008. Foto: Scanpix

Amina leidde fredagsbøna

Kjønnsblanda fredagsbøn – leidd av ei kvinne?

Møt ein muslimsk feminist.

Tekst: Kristian Bjørkelo

-D

et tok folk på

senga. Dei kunne

ikkje førestelle seg

at kvinner kunne

leie fredagsbøna

for båe menn og kvinner. Sjølv dei

som støtta tiltaket kunne ikkje førestelle

seg at det var mogleg å følgje

ritualet og samstundes utfordre kjøn ns -

hegemoniet som er koda inn i det,

fortel Amina Wadud om då ho første

gong leia ei slik kjønnsblanda fredagsbøn

i New York i 2005.

Den amerikanske muslimske femi -

nisten og professoren i islamstudiar

kon verterte til islam i 1972, og har

vært ei tydeleg stemme for feministiske

lesingar av Koranen gjennom

fleire bøker.

Då ho sto i spissen for bøna i

2005, var reaksjonane mot henne

massive og tidvis ganske aggressive

og hatefulle. Wadud trakk seg

attende frå søkjelyset, og på lang tid

gav ho korkje intervju eller kommen-

34 FRI TANKE 02-2010

tarar til saka, og lot heller bølgjene

leggje seg.

– Sjølv om eg kanskje har skapt

noko kontrovers, likar eg verkeleg

ikkje konflikt. Eg nyttar ikkje mykje

tid på å krangle med andre, og eg vil

ikkje nedverdige meg sjølv til å argumentere

med nokon som tyr til u -

kvemsord og personleg sjikane, forklarar

Wadud. Ho måtte venje seg til

drapstrugslar i 2005, og framleis vert

– Dei som hevdar at dei sjølv tolkar

Koranen bokstaveleg, vel òg ut kva

dei vil forstå bokstaveleg i den.

ho omtala i ganske krasse ordelag av

sine argaste motstandarar. I deira auga

er ho ein kjettar.

– Eg angrar på nokre av visa det

har endra livet mitt, men eg angrar

ikkje på at eg gjorde det.

SHARIA MÅ MED I VURDERINGA

Wadud vitja Noreg og Universitetet

i Bergen i samband med ein work -

shop kor temaet var enkelt formulert

som «Sharia and Human Rights».

Wadud er opptatt av kva som er

dekka av Sharia, islamsk lov, og av

menneskerettane. Ho trur ikkje dei to

nødvendigvis ekskluderar kvarandre.

– Eg trur at å gå utifrå at dei står

i opposisjon til kvarandre, hindrar oss

i å inkludere båe Sharia og menneske -

rettane i det større allmenne prosjektet;

å tryggje menneska si velvære,

forklarar ho.

– Eg er usikker på korleis ein skal

oppnå denne velværa og universelle

menneskjerettar i denne kompliserte

verda, men sharia er ein del av denne

verda og må takast med i vurderinga.

Sjølv hevdar ho ikkje å vere noko

ekspert på sharia, men at ho har sett

det som si oppgåve å utfordre den

urettvisa som vert oppretthaldt i

namnet åt islam og sharia.

Medan ho er mest kjend for å ha

leia ein kjønnsblanda fredagsbøn i

2005, er dette berre det mest synlege

resultatet av det som har vore hennar

kamp mot urettvise og ulikskap i

muslimsk kultur.

– Ein av dei eksplisitte årsakene

til mine studiar av Koranen var at eg

såg ein ulikskap mellom min tanke

om at båe menn og kvinner stod like

framfor Gud, og det eg opplevde

som kulturell praksis blant muslimar,

forklarar Wadud. Ho tok fatt på eit

PhD-studie med fokus på kvinna slik

ho vart framstilt i Koranen. Resul tatet

vart seinare boka Qur’an and Woman.

Rereading the Sacred Text from a

Woman’s Perspective, som har blitt ein

standardtekst for fleire muslimske

feministar. Sjølv fortel ho at ho ikkje

ante kva ho kom til å finne då ho

byrja på arbeidet, men var open for å

forlate islam.

– Til då hadde eg lest Koranen som

ein truande, utan å utfordre ideane.

Eg trengte å sjå for meg sjølv om det eg

såg i muslimske samfunn var ein re -

fleksjon av Gud si vilje. Om det var det,

så kunne eg ikkje lenger vere muslim!

Dei urettvise forholda mellom

kjønna i muslimske samfunna var

noko ho ikkje kunne forstå som ein

del av hennar Gud, så om dette var eit

uttrykk for Guds bodskap i Koranen,

var dette ikkje guden eller religionen

for henne. Hennar oppleving av den

islamske Gud vart bekrefta av Ko -

ranen, og ikkje i den kulturelle praksisen.

Wadud innrømmar at det finnes

ein del spenning mellom delar av

Koranen, men at spørsmålet då for

henne vert korleis nytte Koranen for

å oppnå likskap mellom folk. For

henne var det viktig å forstå at

Koranen var eit produkt av ei spesifikk

tid og stad, og islamsk religion av -

speglar dette. At avhugging av hendar,

til dømes, var rekna som ein vanleg

straff på den tida, treng ikkje å tyde at

dette skal vere ein evig varande straffemetode.

Og få vil hevde det, meinar

ho.

Nytolking av Koranen, itjihad, er

ikkje eit enkelt spørsmål i islam.

Særleg fundamentalistane vil understreke

at dette ikkje er tillete. At

Koranen skal verte forstått som ein

evig og uforanderleg tekst. Og den

skal verte tolka bokstaveleg.

– Problemet er at dei som hevdar

at dei sjølv tolkar Koranen bokstaveleg,

vel òg ut kva dei vil forstå bokstaveleg

i den. Ingen tar til dømes

antropomorfismen i Koranen bokstaveleg,

der Gud sine auge og hender

vert skildra, sjølv ikkje fundamentalistane.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!