30.07.2013 Views

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Iveland V – Gruvedrift

Ivelands bygdesogenemnd 2007

Gratulerer, Iveland! Her er det ei

fantastisk flott bok som er

komen ut! Denne femte bygdeboka

er eit vakkert tillegg til

lokalhistoria og kjem til å verte

til stor glede for generasjonane

framigjennom.

Som tittelen gjev signal om, så handlar boka

om geologi og gruvedrift i Iveland. Det tyder

slett ikkje at boka ikkje er interessant for dei

som ikkje likar steinar. Tvert imot er det så

variert og folkeleg skrive, at dette er ei bok

14

som pirrar kvar og ein som anten er interessert

i steinar, som er glad i å lese om si eiga lokalhistorie

– eller som vil ha med seg eit utruleg

stykke historie frå Agder.

Spesielt dei mange og ulike bileta gjer at

boka er utruleg lettlesen og attraktiv for sjølv

den minst ihuga lesaren. Det er bilete av ei

rekkje menneske som jobba i gruvene eller på

anna vis hadde med gruvedrift/geologi å gjere

– og heilt bak finn me eit oversyn med ei

mengd verkeleg nydelege bilete av minerala

som fanst i Iveland. I tillegg er det mange

artige skisser teikna av Odd R. Jørgensen,

som på ein humoristisk måte

understrekar teksten.

Boka har mange hovudkapittel,

der «Kva eldre og nålevande

gruvefolk fortel» har

fått særs stor plass. I dette

kapitlet vil eg trekke fram eit

avsnitt som minner mest om

eit eventyr. Thortveititt høyrest

ut til å vere eit mineralnamn

sagt i spøk – men nei,

på Knipane på Ljosland fann

dei dette ukjende mineralet

som Olaus Thortveit sende

inn for analyse på

Mineralologisk Institutt.

Professoren der konstaterte at

dette var eit nytt, ukjent mineral,

og gav det namnet etter

finnaren. Eg gjev lesarane ein

smakebit frå teksten i denne

samanhangen: «Alle store

mineralsamlingar skulle straks

ha prøver av thortveititt, dette

merkelege mineralet som

ikkje fanst andre stader enn i

Iveland. Olaf Landsverk har

fortalt om korleis prisen flaug

i vêret. Særleg blei det betalt

godt for store og vakre krystallar.

Ikkje noko under at

gruvefeberen greip gruvearbeidaren,

som nå såg eventy-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!