30.07.2013 Views

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Selskapet for Grimstad Bys Vel

Medlemsskrift 51–2007

Ein bør kan hende vere frå Grimstad for å riktig

finne dette skriftet spennande, men det har

så absolutt sine høgdepunkt, sjølv for ein lesar

som ikkje har noko med Grimstad å gjere. For

det handlar mest om interessa for lokal -

hi storie. Det vert diverre noko for mykje

prega av gratulasjonar av jubilantar som har

vore med i foreininga. Og det gjer til at det

kjenst vél lokalt, og eg kjem ikkje til å seie

noko om desse.

Heftet, i uinnbunden A5-format, er på 90

sider, inkl. 20 (!) sider med reklame. Mykje

av heftet er årsmeld ingar og protokollar, noko

som er av stor interesse for medlem ene, og er

difor viktig å ha med. Det er tre hovudartiklar,

av heilt ulik karakter. I den fyrste artikkelen

har Knut Øvensen teke før seg den gamle

skule vegen frå Maløya til Frivoll i 1930 og –

40-åra. Han byrjar med å seie noko om Mal -

øya si eldre historie, og dannar eit godt grunnlag

for lesarar utan tilknyting til staden. Og

det er ei lang og mangslungen historie ein får

servert, med mange artige småhistorier som er

fletta inn, og krydrar artikkelen på ein god

måte!

Per Assev har skrive eit stykke om ei

adresse – nemleg Storgaten 46. Det er eit hus

med mykje historie i veggane. Heilt frå det

vart bygd i 1855 og til dags dato har det vore

fylt av aktivitet, anten det har vore snikk -

arverkstad, sjømannsskule eller prestebustad.

Det har endå vore dyrehald her; huseigaren

dyrka poteter og hadde gris, medan ein av leigetakarane

heldt hest, og hadde eit storfe og

ein gris! I 1866 budde det heile 44 personar

på eigedomen (fordelt på 6 hushald), medan

det i 1900 var nede på eit meir normalt nivå

med 18 personar. Kommuneadministrasjonen

har nytta lokale på eigedomen sidan 1890-åra,

og held framleis til her med

Kvalifiseringstenesta.

I artikkelen om Grimstadbanen fortel Odd

Fr. Olsen om historia til den vesle jernbane -

stubben mellom Rise og Grimstad. Den opna

september 1907, og vart ein stor festdag! Då

hadde Grimstad hatt eigen jernbanekomité

sidan 1874, det var for å sikre seg at Sør -

7

landsbanen (eller Vest landsbanen som han

vart kalla) som då var planlagt, skulle få eit

sidespor til Grimstad. Det vart ingen Vest -

lands bane, og Grimstad kommune tok saka i

eigne hender. Dei byrja å bygge ein lokal og

privat jernbane. Opphavleg skulle han gå til

Froland, men det fekk halde med Rise, og

1903 kunne arbeidet byrje. Banen vart diverre

ikkje særleg innbringande, og i 1912 måtte dei

be NSB om å overta drifta. I 54 år greidde

jernbanen seg, og «Risemerra» tøffa trufast att

og fram til Rise. Men i august 1961 vart det

slutt, og før snøen låg det året var heile skinnegangen

fjerna.

Er du frå Grimstad, eller har interesse for

byen, er dette eit interessant lite hefte! Men

for dei fleste andre vert det diverre noko i

overkant lokalt. Noko som sikkert er meininga.

God lesnad!

Olaf Moen

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!