30.07.2013 Views

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

EGDE nr 2 - 2008 - Agder Historielag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Tunet på Lindhommen gard var heilt tjukt av folk under kulturdagen om laurdagen.

Gratulerer Fjotland!

Siste helga i august vart Fjot -

land sett på kartet 3 dagar til

en de med ei beint fram fantastisk

feiring av Ivar Aasen, ny -

norsk liturgi og skulemål. Med

eit publikumstal på mest 800 to -

talt, vart det suksess frå ende til

annan.

Med eit program som famna alle frå grunnskulealder

til pensjonistnivå, vart det ei brei

og solid feiring. Odd Nordstoga Trio (med

Daniel Sandén Warg og Thomas T. Tofte) og

Enny og Helene Stulien Lauen heldt ein nydeleg

konsert om fredagskvelden. 270 publikummarar

fekk med seg dette ute i skulegarden

på Kvinlog skule – skulen som skapte så

stor spaning i samband med skulerøystinga

for eit års tid sidan, og som no feirar 100-års-

8

jubileum for nynorsk som skulemål. Som vel

alle målfolk hugsar med stor glede, så røysta

heile 73,8% ja for nynorsk skulemål.

– Kva var då meir naturleg enn å leggje

konserten nett her, seier ein av dei ivrigaste

eldsjelene for feiringa, Tom Arnt Lindeland.

– Me visste tidleg at me ynskte å gje skuleelevane

gratis konsert, held han fram, og la

difor opp til eit budsjett som tok høgde for

dette.

– Me måtte med andre ord leggje mykje

arbeid i å få tak i sponsorar og leggje til rette

heile tilskipinga, men det betaler seg; for me

kan vel røpe så pass at me ikkje kjem til å gå i

underskot, legg Dag Runar Egeland til.

– Det har vore stor velvilje og stor støtte

frå alle me har vore i kontakt med, så dette

har berre vore moro, fortel Kåre Narvestad,

som òg har vore aktiv i tilskipingskomitéen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!