01.09.2013 Views

25-års Jubileum - Hol Fotoklubb

25-års Jubileum - Hol Fotoklubb

25-års Jubileum - Hol Fotoklubb

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

1982-2007

25-års Jubileum

«Kjærleik» av Osvald Medhus. Vinnarbilete i høve tusenårsmarkering for innføringa

av kristendomen på Selje.

Osvald Medhus vart utnemd til æresmedlem av Hol Fotoklubb på jubileumsfesten.

Framsidefoto: Eitt av Oddvar Reintons mange praktbilete av «Snøslottet», Hallingskarvet.

Baksidefoto: Mattias Pettersson, vårt svenske klubbmedlem frå Gotland, har fanga inn:

«Kos til mor!»

«Marits Hallingskarv»

Foto: Marit Halstensgård.

«Fyr på Gotland»

Foto: Mattias Pettersson.

«Eg hadde ein ven som

var glad i tysbast.

Eg hadde … »

Foto: Jostein Sandsmark.

FOTO-

SAFARIAR

Hol og Dalen Fotoklubb på Rui.

Foto: Oddvar Reinton.

Skrivar Jostein i Skallagrimspositur ved Eivind

Fredlaus steinbu. Foto: Oddvar Reinton.

«Forgrunnsfigur»

Oddvar Reinton har i mange år vore forgunnsfigur

som leiar og høgt oppe på konkurranselistene. Her

i Eivindbotten.

Fototur til Lårdal sammen med Dalen Fotoklubb.

Foto: Oddvar Reinton.

HOL FOTOKLUBB 25 år

1982 ----- 2007

Hol Fotoklubbs 10-års MELDING 1982 - 1991 er skriven av Osvald Medhus.

Denne andre delen av skriftet tek for seg tida i klubben frå 1992 - 2007, og er skriven av Jostein

Sandsmark.

Fotoklubbens sjel og kropp avspeglar seg i det skriftlege materialet: Skrivarprotokollane. Etter gjennomlesing

stig det fram or framkallarbadet eit bilete av klubbens andlet, kropp og sjel.

Den ytre kroppen har endra seg frå tid til tid. Storleiken kan først og fremst målast i talet på medlemer.

Det har variert mellom 41 og 17. Klubben sitt andlet har også skifta litt i takt med aktivitetane

innover og utover i det offentlege rom.

Fram til 2000 vart det sendt referat med bilete av klubbmøta og årsmøta til Hallingdølen. Etter det

har det vore lite blest om Hol Fotoklubb blant folk.

Mest synleg har klubben og medlemene vore ved dei årlege utstillingane i banklokala i Hol. Det har

vore flotte utstillingar med ca 30 store, innramma fotos, og utstillinga har vore godt besøkt.

Innad i klubben har aktivitetane halde seg på eit stabilt nivå i alle år. Det har vore minst to styremøte

i året der møteprogrammet for eit halvt eller eit heilt år har blitt lagt opp i detalj med tid, stad, program,

gjester, matservering og konkurransetemaer.

GJESTER I KLUBBEN

Mange gjester har vore på besøk, men oftast har ein nytta klubbens eigne medlemer til å ha hovudposten

på møtekveldane. «Dias-reiser» har vore det naturlegaste temaene på klubbmøta.

Desse har vore på klubbmøta ein eller fleire gonger og hatt hovudinnslaget: Lars Bry, Jens Myro,

Arne Knudsen, Hallgrim Ødegård, Geir Olaf Gjerden, Finn Tore Lindahl, Fritz Knott, Vidar Vestby

frå Agfa, Bjørn Mikkelsen frå Kodak, Svein Liodden, Johan Brun, Audun Aasheim, Sigmund

Krøvel-Velle, Jostein Sandsmark, Terje Bjørnsen, Per Aksel Knudsen, Øyvind Jacobsen, Jan

Sørumsbakken, Rolf Steinar Bjørnstad, Pål Harald Uthus, Helge Strand, Espen Bratlie, Knut Bry og

Ola Isungset.

FOTOKONKURRANSAR

Fotokonkurransane har hatt temaer og blitt bedømt innad i klubben, eller eksternt ved å senda deltakarbileta

til juryering i andre fotoklubbar. Det har alltid verka engasjerande og interessevekkjande å

få konkurransebileta tilbake etter bedømming med rangering og kommentarar.

Her fylgjer ei opplisting av temaoppgåvene som har vore gitt: VÅR, FERIE & FRITID, REGN OG

TÅKE, MAT OG DRIKKE, BLÅTT, HUMOR, SPOR, HIMMEL, VÅTT, GRØNT, KONTRAST,

GAMMAL, DET VARME HJARTA, KULTUR, BARN, HUS, MENNESKESKAPT, SAKRAL,

TÅKE, RAUDT og fleire.

Dei tre-fire delkonkurransane i året har til saman danna grunnlaget for kåringa av ÅRETS

FOTOGRAF. Med tre slike års-sigrar blir vandrepokalen tildelt vinnaren til odel og eige.

I 1997 vart det vedtak om å setja opp ein vandrepremie for årets beste fotograf. Marit Halstensgård

vann det første nappet i «Vikingskipet», men det var Kjell Arne Tolpinrud som vart først ute med tre

aksjar i skipet og - segla i triumf - av garde heim til Torpo i det.

Nå er medlemene i gang med å sikra seg nye napp i ein glasvase frå Hallingglass, og Jostein

Sandsmark, Oddvar Reinton har vunne kvart sitt napp i pokalen, Marit Halstensgård sit med to napp.

Spenninga stig.

Elles har klubben den meir uhøgtidelege vurderinga «HØGGESTABBEN». Då syner medlemene

bilete som blir bedømt ope med ros og ris og rettleiing, for å gjera det enno betre, - ein god pedagogisk

«institusjon» i klubben.

Døme på årsmelding:

ÅRSMELDING 2004 HOL FOTOKLUBB

Hol Fotoklubb har hatt eit godt arbeidsår med desse aktivitetane:

Styret har vore: Forkvinne: Brit Kaupang. Nestkvinne: Marit Halstensgård

Skrivar: Jostein Sandsmark. 1.Styremedlem: Oddvar Reinton

2.Styrem.: Ole Ivar Karterud. 1.Vara: Bente Medhus

2.Vara: Aase Moen Kasserar: Jorun Kleppo

Valnemnd: Magne Holestøl,

Elisabeth Haugen

10.1. ÅRSMØTE på Løyte. Vanlege årsmøtesaker. Diasframsyning av Jostein.

22.1. STYREMØTE hos Marit Halstensgård. Det vart utarbeidd program og gjesteliste for

heile året.

2.2. KLUBBMØTE. Mattias synte Hellas-bilete med arkitektur, landskap og bybilete.

Jostein gav råd om diasseriar og komponering.

1.3. KLUBBMØTE. Hallgrim Ødegård var gjest og jury for konkurransen «Barn»

29.3. KLUBBMØTE. Arne Slaatten var gjest og synte bilete frå Nes og omgjevnader.

Konkurransen med tema «Barn» var bedømt og gav dette resultatet:

1. Jostein Sandsmark

2. Jostein Sandsmark

3. Aase Moen

4. Aase Moen og Oddvar Reinton

6. Arne Slaatten og Marit Halstensgård

30.4. KLUBBTUR til Geiteryggshytta. Folket vart henta på fredag med skuter. Laurdag

med flott ver og føre. Søndagen i gråver.

7.6. KLUBBMØTE. Jostein var gjest med diasserien «Istanbul i mars»

5.9 FOTOTUR til IUNGSDALSHYTTA. Geirmund var god guide til EIVINDSBOTN.

4.10. KLUBBMØTE: Knut Bry var gjest.

1.11. KLUBBMØTE. Ola Isungset var gjest med reiseserie frå Peru.

«Anne Marie»

Foto: Marit Halstensgård.

«Vått»

Foto: Jostein Sandsmark.

«Båt som ventar på

sommaren»

Foto: Mattias Pettersson.

7.12. KLUBBMØTE. Medlemer synte sommarbilete. Resultat av konkurransane

«HUMOR» «SPOR.»

1. Jostein 1. Oddvar

2. Jostein 2. Aase

3. Marit 3. Aase

3. Brit 4. Jostein

5. Mattias og 6. Mattias 5. Gunnveig

ÅRETS FOTOGRAF vart dermed: JOSTEIN (24p). AASE (14p). ODDVAR (8p).

MARIT (5p). MATTIAS (3p). BRIT (3p). ARNE (1p).

Døme på årsprogram:

ÅRSMELDING 2005 HOL FOTOKLUBB

Styret har vore slik samansett:

Forkvinne: Gunnveig Nerol Nestkvinne: Marit Halstensgård

Skrivar: Jostein Sandsmark 1. Styremedlem: Oddvar Reinton

2. Styremedlem: Ole Ivar Karterud 1. Vara: Bente Medhus

2. Vara: Aase Moen Kasserar: Jorunn Kleppo

Valnemnd Elisabeth Haugen

Brit Kaupang

* Styremøte halde 3.1. Hjå Brit Kaupang, der årsprogrammet vart lagt opp.

* Årsmøtet vart lagt til Laa i Ål og halde 21.januar 2005.

* Februar 7. klubbmøte. Steinar Bjørnstad var gjest med ein serie av høg kvalitet.

* Mars 7. klubbmøte. J. Sandsmark var reiseleiar på Sør-Afrikasafari.

* April 4. klubbmøte. O Reinton synte turbilete - sommar/vinter.

* Mai 2. klubbmøte. Marius Taranger melde forfall, og Jostein synte starten av serien «Tema.»

«Verbal Høggestabbe» der kommentarane var til vurdering.

* JUNITUR, 4.5. FOTO-SAFARI TIL LÅRDAL 11 deltakarar i tre bilar.

* September 6. Klubbmøte. Ola Vaagan Slåtten melde forfall. Gunnveig synte Kyotobilete.

* Oktober 3. klubbmøte. Jostein synte serien «Skjæra i barnehagen» og resten av «Tema».

* November 7. klubbmøte. Ola Isungset viste villdyrsafari i Kenya. Aase Moen og Asle Feten

hadde også biletseriar.

* Desember 5. klubbmøte.Medlemene synte sine årsbeste. Klubben spanderte marsipankake.

* Styremøte 29.11. hos Oddvar Reinton.

Resultat frå fotokonkurransane:

Tema: HIMMEL Tema: MENNESKESKAPT

1. Jostein Sandsmark 1. Mattias Petterson

2. Mattias Petterson 2. Mattias Petterson

2. Oddvar Reinton 3. Oddvar Reinton

4. Brit Kaupang 4. Aase Moen

5. Elisabeth Haugen 5. Jostein Sandsmark

6. Aase Moen

Tema: GRØNT

1. Oddvar Reinton

2. Asle Feten

3. Britt Kaupang

4. Oddvar Reinton

5. Jostein Sandsmark

6. Mattias Petterson

FOTOTURAR

Klubbmedlemene dreg i blant på fotosafari. Stundom skjer det i nærmiljøet, i blant dreg dei langt og

vidt. Røo i Kvisla, Hol Museum, Sagen, Iungsdalen/Fødalen, Ruud kraftstasjon, Østerbø Fjellstue,

Prestholt under Hallingskarvet, Geiteryggshytta og Dokken har fått besøk.

Av lengre turar kan nemnast tur til Undredal, Ullensvang, Flåmsdalen, urskogen i Torpo, Eivind

Fredlaus-tufta, Lårdal i Telemark og Vågå. Klubben har og vore vertskap for andre klubbar som

gjer gjenvisitt.

STATISTIKK

I 1992 hadde klubben 41 medlemar, og deltakarane på klubbmøta var i snitt 18 stk. Det var eit stort

år. 1994 hadde det beste frammøtet med gjennomsnitt 20 stk. I 1997 hadde klubben 26 medlemar,

og deltakarane på klubbmøta var i snitt 15 stk. Dei lågaste tala har me frå 2004 og 2005 då det var

17 betalande medlemer og gjennomsnittleg 8 og 9 på kvart klubbmøte. I 2006 var 22 innmelde, og

ca halvparten stilte på klubbmøta.

Leiarar for klubben har i tidsrommet 1992 til 2007 vore:

1992: Ragnhild Vindegg

1993: Asle Strand.

1994: «

1995: Marit Halstensgård.

1996: «

1997: «

1998: Oddvar Reinton.

1999: «

2000: «

2001: «

2002: Brit Kaupang.

2003: «

2004: «

2005: Gunnveig Nerol.

2006: «

2007: «

FOTOGRAF AV 2005:

1. Oddvar Reinton 18 p

2. Mattias Petterson 17 p

3. Jostein Sandsmark 10 p

Styret i jubileumsåret. Bak f.v: Kasserar O. Reinton, skrivar J. Sandsmark.

Framme f.v: Nestleiar E. Haugen, leiar, G. Nerol, varamdl. Aa. Moen.

Ikke til stades: styremedl. O. I. Karterud. Foto: Asle Feten

«Isfuglar» Foto: Aase Moen «Hautmåne i Hovet» Foto: Aase Moen «Kyr er også ålreite dyr» meiner budeie Brit Kaupang.

«Is på kvist» Foto: Marit Halstensgård

«Vinterveg» Foto: Oddvar Reinton.

FOTOKLUBBEN VIDARE FRAMOVER

Klubben har kjøpt ein projektor for digital biletframsyning. Me har halde

to kurs i digital fotografering, med godt frammøte av fotointeresserte. Hol

Fotoklubb er og godt i gang med å laga ei heimeside på internett.

www.trykksakeriet.no (0,08’ - 10-07)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!