02.09.2013 Views

n Den Tomme Grava n Trusopplæring i Skånevik side 9

n Den Tomme Grava n Trusopplæring i Skånevik side 9

n Den Tomme Grava n Trusopplæring i Skånevik side 9

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ava

livet smiler, då også. Vi går aldri åleine slik

han gjorde, nettopp fordi han gjorde det.

Han går framfor oss også, dit kor framleis

berre han kan gå. Då tenkjer vi på

Farshuset. Der gjer han i stand rom for

trøytte medvandrarar som gjekk med

han, der venter han på deg og meg med

Men engelen tala til kvinnene: «Ver ikkje redde!

Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han

er ikkje her; han er stått opp, som han sa.»

Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men

jublande glade. Matt. 28

all glede og venleik himmelen kan by på. I

det håpet går vi mot ham.

Jesus går med deg, Jesus går føre deg.

Vend blikket mot han og sjå på det som er

og det som kjem. Jesus er der. Og det er

påskas glederike bodskap.

PH

kjærE LESar

2012 kan bli eit spanande år for

kyrkja i vår kommune. Sjølv om

det mest synlege skjer i Etne, med

heile saka med ny kyrkje, går det

føre seg også i Skånevik: Trusopplæringsreforma

og alt den fører

med seg.

Vår trusopplæringsmedarbeidar

Astrid arbeidar jamnt og trutt med

å laga plana som vil føre til at alle

born og unge får merke at kyrkja

ynskjer å vere ein faktor i livet

som gjev gode opplevingar utover

sjølve augneblinken: Håp, tru på

ein god Gud som er hjå dei, ei

erfaring av himmelsk nærvær i ei

jordisk kyrkje.

I Skånevik har vi gleda av kjennskap

og vennskap og gode medarbeidarar

som gjer at det blir

eit framifrå oppmøte. Det skapar

ikkje berre gode opplevingar, men

gjev også medarbeidarane mot til

å halda fram år etter år.

I Etne skal også trusopplæringa

få merksemd og tid. Sjølv om ny

kyrkje tar mykje tid og tankar, vil

den gjere lite nytte for seg om

ikkje trua er gitt vidare! Likevel

opplevar vi at trusopplæring og

kyrkjebygging er to ting som ikkje

skal stillast opp mot kvarandre,

men dei står godt i lag! Ei ny

kyrkje er nemlig ikkje berre huset,

men endå viktigare er menneska

som fyller huset.

Det står ikkje noko om nykyrkja i

denne utgåva av kyrkjeposten. Det

er fordi deadline og trykking skjer

omtrent samstundes med kommunestyrets

handsaming av saka,

som vi håper blir i tråd med innstillinga

frå formannskapet. Men

trass i at vi ikkje no veit korleis det

går, satsar vi absolutt på å komme

tilbake i neste nummer med jubel

og glede!

God påske til 3alle

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!