08.09.2013 Views

Tida lækjer ikkje alle sår - Helse Fonna

Tida lækjer ikkje alle sår - Helse Fonna

Tida lækjer ikkje alle sår - Helse Fonna

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

nr. 2 / juni 2011

Tida lækjer

ikkje alle sår

Kosteleg! Smoothies! Reisebrev » Trine Bay i Tanzania

Fagforeiningane Min gode kollega Sårpoliklinikken på Stord

Notiser HMS-hjørnet 5 i korridoren

Kosteleg!

Smoothie sikrar

sommarfølelsen

Kva smaker vel betre i sommarvarmen enn ein kald

forfriskande smoothie? Smoothien blei introdusert i USA

på 60-talet og var allereie då marknadsført som sunn.

Og smoothie er sunt. Den skil seg frå milkshake ved at

den som regel ikkje inneheld iskrem eller mjølk. Hovud-

ingrediensane i ein smoothie er frukt og bær, gjerne litt

yoghurt eller fruktjuice - og eventuelt isbitar.

Å lage ein smoothie krev lite førebuing og planlegging. Best

resultat oppnår du ved å bruke frosne bær eller frukt. Godt

modna frukt, som har lege på kjøkkenbenken litt lenge og

ikkje blitt spist, passar ekstra godt. Den kan gjerne vaskast,

kuttast og frysast før bruk, så har du alltid noko klart i

frysaren. Fruktyoghurt og fruktjuice er ferskvare, men dette

har vi ofte i kjøleskapet uansett. Får du uventa besøk av

naboar, venner, barn som vaksne, er smoothie redninga i

finveret!

Smoothie er også ein flott måte å få i seg dei to daglege

porsjonane av frukt og bær vi treng. Bær er vi kanskje ikkje

så flinke til å bruke – med unntak av jordbær – til anna enn

syltetøy eller som saus til desserten. Bruk dei frosne bæra

du plukka i fjor. Mmm, herleg! Ved å variere frukta og bæra

sørgjer du for å få i deg variasjon av vitaminar og mineralar.

Ein smoothie bidrar også med kostfiber, som rein fruktjuice

ikkje gjer.

Her får du nokre gode oppskrifter du kan kose deg med.

Bruk gjerne fantasien og prøv deg fram!

God sommar!

Helse Fonna sine tre kliniske ernæringsfysiologar; Marianne

H. Wennersberg, Inger Helene Kvala og Eli Moksheim vil i

kvart nummer av Helse på fortelle om arbeidet dei gjer i spalta

Kosteleg! Dei gir gode råd om kost og ernæring til pasientar

– og tilsette.

Helse På er Helse Fonna sitt internmagasin. Du kjenner nok igjen bladet frå

tidlegare – då var pasientar og pårørande målgruppa. No har Helse på fått

ny drakt og eit nytt publikum: Deg! Helse på kjem fire gonger i året.

Ta gjerne kontakt med redaksjonen om du har innspel.

Ansvarleg utgivar: Helse Fonna HF

E-post til redaksjonen: helsepaa@helse-fonna.no

Tekst: Stina Steingildra & Eirik Dankel Foto: Eirik Dankel

Layout: ABACUS Kommunikasjon AS Trykk: Senter Grafisk AS

2 Helse På! / Internmagasin

Marianne, Inger Helene

og Eli gir deg oppskrifta

på herleg, svalande

og sunn sommarfølelse!

Alt du treng er ein blendar, hand- eller stavmiksar som moser frukt

og bær til ein tjukk puré. Det går ikkje an å gjere feil, alle har sine

favorittsmakar. Det er råvarene som får bestemme smaken, og dei

varierer jo. Husk at få ingrediensar gjerne gir best resultat.

Vask, reins og eventuelt skrell og del frukt og bær, og tilsett litt

frukt- eller naturellyoghurt, fruktjuice og gjerne krydderurter. Ha

alt i behaldaren (eller eit høgt glas viss du brukar stavmiksar) og

køyr til ein flytande og tjukk puré. Server straks!

Her er to av våre favorittar denne sommaren. Fleire gode

oppskrifter kan du finne i Smoothieguiden på www.frukt.no.

Tropisk enkelt (2 sjenerøse porsjonar)

2 mango

1/2 ananas

1 1/2 dl appelsinjuice

No er det sesong for mango. Denne frukta er den mest spiste i

verda etter banan. Ein etemoden mango er litt mjuk og har gjerne

nokre svarte prikkar i skallet. Del mangoen i to ved å skjære på

langs av den flate steinen i midten. Skjær i båtar og skjær av

skrellet. Del i bitar. Skrell og skjær ananasen i bitar. Køyr alt

saman i ein miksar saman med appelsinjuice til en herleg drikk.

TiPs

Viss du brukar yoghurt eller banan,

blir konsistensen tjukk. Brukar du

juice eller mjølk blir konsistensen

tynnare.

Viss du bruker fersk frukt og bær

i staden for frosne, kan du tilsette

nokre isbitar.

Blåbærsmoothie (2 porsjonar)

1 banan

2 dl frosne blåbær

2 dl vaniljeyoghurt

2 dl druejuice

Skrell og del banan. Bland saman med frosne blåbær, yoghurt

og juice.

Kjelde: www.frukt.no

FrukT, Bær oG kryddEr som

EiGnAr sEG yPPErLEG TiL smooTHiE:

FrukT

Banan, melon, mango,

eple, appelsin, sitron,

lime, pærer, plommer,

nektarin, kiwi, ananas.

Bær

Jordbær, blåbær,

bringebær, rips, solbær,

bjørnebær, stikkelsbær,

morellar.

kryddEr

Basilikum, mynte,

sitronmelisse, persille,

kanel, vaniljestang.

3

Reisebrev » Trine Bay

Behovet for blodgivarar er

stort – også i Afrika. Eit tilfeldig

tips frå ein kollega førte Trine

Bay frå Blodbanken i Odda

til Tanzania i Fredskorpset si

teneste.

I reisebrevet Trine har sendt frå Tanzania

kan du lese om kor ulik kvardagen i Odda

og Tanzania er. Éin ting har ho tydeligvis

tatt med seg: Den store gleda over

arbeidet ho får ta del i.

– Eg byrja å interessere meg for

laboratoriearbeid då eg jobba litt på

Tinfos i Tyssedal på vidaregåande. Sidan

eg òg er glad i biologi, bestemte eg meg

for å bli bioingeniør. Det eg ikkje visste

då var kor kjekt det er å kombinere

laboratoriearbeid med kontakt med

pasientar og blodgivarar. Dette gjer yrket

enno meir givande enn eg kunne tenkt

meg på førehand.

Etter eitt år ved Blodbanken i Haugesund

og eitt år i Odda, var det tilfeldig at ho

kom over stillinga i Fredskorpset. Det

verkar ikkje som om ho angrar på valet sitt.

– Eg har fått sett ei heilt anna verd. Den

største opplevinga er dei små forskjellane

som no er blitt heilt vanlege. Kvinner med

4 Helse På! / Internmagasin

På jakt etter Afrikas

raude gull

enorme bører på hovudet som går heilt av

skaftet når dei får sjå ein kvit utlending.

Jenter som kjem og vil klemme meg slik at

dei kan ta på det tørre, flokete håret mitt

og så spring fnisande av garde. Å kjøpe ein

mango eller ein maiskolbe og berre sitte

att med ein brøkdel etter å ha delt med ei

handfull ungar. Å vere ein «kjendis» som

alle kjenner og veit kven er.

I reisebrevet skriv ho om heilt andre

haldningar til kvalitet, tryggleik og pasientrettar

enn i Noreg. Men alt er ikkje betre

her heime, meiner Trine.

– Offentleg transport fungerer mykje betre

i Tanzania. Det er alltid ein buss som går

dit du skal. Samhaldet i familiane er mykje

sterkare, og sjølv om folk har lite, hjelp dei

kvarandre.

Ho medgir at ho saknar Odda, og ho har

planane for heimkomsten klare:

– Eg skal ete heimebakt brød med

heimelaga syltetøy hos mormor, bade

i fjorden, gå fjellturar, sitte oppe lyse

sommarnetter og sjå på fuglane i hagen ut

frå kjøkenvindauget.

Men Trine har endra planar før, så ho legg

til:

– Men vi får sjå kva som skjer!

Du kan lese meir om Trine sitt liv i

Tanzania på bloggen hennar:

www.binetray.blogspot.com

Vil du jobbe ute?

Trine Bay søkte ei stilling i

Fredskorpset via Helse Bergen.

På www.fredskorpset.no kan du

lese meir om korleis dei arbeider

og kva stillingar som er ledige.

Ein får dekka reise og utgifter til

bustad. Lønn vil avhenge av yrke og

ansiennitet. Ein kan òg søkje om

midlar til eigne prosjekt. Trine fekk

10 000 kroner til å lage ein brosjyre

for å rekruttere fleire blodgivarar.

Fredskorpset har mellom anna nytta mobile tappestasjonar,

til dømes ved universitetet. Foto: Trine Bay.

Trine Bay fekk

prosjekstønad frå

Fredskorpset og

laga ei brosjyre

for å rekruttere

blodgivarar.

Foto: Trine Bay.

Reisebrev fra Tanzania

Det synes nå uvirkelig å tenke tilbake på den dagen Lene,

fysioterapeut ved Odda sjukehus, kom ned på laboratoriet og

spurte meg om jeg ikke hadde søkt på jobb som bioingeniør i

Tanzania. Jeg visste ikke at det fantes engang, og dessuten hadde

jeg aldri sett for meg å reise til Afrika. Det fristet meg lite å dra til

et fattig land og ikke kunne gjøre stort mer enn å gi etter for en og

annen tigger på gata. Men etter en spontant skrevet jobbsøknad

og et inspirerende jobbintervju senere, virket et år i Tanzania som

en glitrende inngang til opplevelser og erfaringer for livet.

Overgangen fra å jobbe på Odda sjukehus i Helse Fonna til å

jobbe i den nasjonale blodtransfusjonstjenesten i Tanzania var

ganske dramatisk. Tanzanianere er ufattelig gjestfrie og gir de

varmeste velkomster. Men de liker ikke å bli tråkket på tærne. Da

er det ikke like beleilig at man får trang til å tråkke på tær når man

ser uheldige avvik som blir gjort.

Fra blodbanken i Odda og Haugesund har jeg blitt vant til at hver

minste ting vi utfører skal dokumenteres, som for eksempel hva vi

har vasket og desinfisert og alle kontroller som har blitt utført. Jeg

må innrømme å ha irritert meg mer enn én gang over at jeg må ta

to prøver til blodtyping av pasienter som skal ha blodtransfusjon.

I Tanzania er blodtransfusjonstjenesten en ganske annen historie.

Her klarer vi langt ifra å forsyne sykehusene tilstrekkelig for å

dekke pasientenes behov. Blodgiverne finner vi på videregående

skoler, hvor vi setter sammen pulter og legger elevene oppå, hvor

de så blir tappet. Hygiene står godt beskrevet i prosedyrene våre,

men gjenspeiler ikke alltid hva som blir utført. De fleste er førstegangsgivere

og er ofte ganske nervøse. Få tar seg tid til å passe

på hver enkelt, og som oftest blir flere givere tappet samtidig. Alle

trår til med å hjelpe med tappingen, og til og med vaktmesteren

kan bli satt i sving.

Testing er begrenset i forhold til det vi er vant til i Norge.

Identitetssikring før transfusjon kan gå på navn og ikke identitetsnummer.

Hvor ofte det gis ut feil blod og hvor ofte blodet går til

feil pasient har jeg ingen formening om. Men det skjer nok rett

som det er.

Jeg er blitt så takknemlig for at jeg bor i Norge! Og for at vi er så

pinlig nøye på alt i blodbanken hjemme! Jeg er stolt over å jobbe

et sted hvor kundeservice og god arbeidsmoral står i høysetet. Det

å jobbe i blodbanken er en utrolig takknemlig jobb. Tenk å kalle

det arbeid å tappe blod fra frivillige som kommer ene og alene for

å hjelpe andre i nød! Om jeg har en dårlig dag, skal det ofte ikke

mer til enn et møte med en blodgiver før alt er helt på topp igjen.

Det å jobbe et år i Tanzania har vært en givende erfaring. Jeg har

fått jobbe som foreleser i blodtransfusjon på universitetet, jeg er

kjendis (på godt og vondt) hver dag, har lært å snakke swahili,

startet opp en støttegruppe for enker i nabolaget, jeg har ubegrenset

tilgang til ufattelig god frukt og grønnsaker, og har møtt

spennende mennesker som jeg har fått tid til å bli glad i.

5

Fagforeiningane

Våren er her!

Det er ikke bare blitt grønnere, lengre dager, og kongelig

bryllup. Med våren følger også tariffoppgjør. Et mellomoppgjør

vi alle ser frem til med spenning og forventninger.

Skal vi eksempelvis denne gang få uttelling for ekstra

kompetanse som en har tilegna seg, og som foretaket har

nytte av? Likelønnsløft? Vi får krysse fingrene i ventetiden.

Fagforbundets oppgave er selvsagt å fremme arbeidstakernes

rettigheter. Vi mener at trivsel og medbestemmelse

over egen arbeidsdag er den beste garantien for kvalitet på

tjenestene.

En bør lytte til dem som vet hvor skoen trykker. God

kvalitet skapes med medarbeidere som har solide

kunnskaper og som er motiverte til å gjøre en god jobb.

Klarer vi også å skape mer arbeidsglede, gir det bedre

arbeidsdager.

Fagforbundet mener at hovedregelen i norsk arbeidsliv om

fast ansettelse skal gjelde.

I følge Helse Vest ønsker en å beholde nyttig kompetanse

– uansett utdanningsnivå.

Kompetansen til de forskjellige yrkesgruppene i helsevesenet

må utnyttes til det beste for pasientene. Prinsippet

om «rett person på rett plass» er viktig. Et sykehus trenger

fagfolk med forskjellig type kompetanse, som sammen kan

utgjøre et godt helsetilbud.

Tillitsvalgte i Fagforbundet har forventninger og tro på

Helse Vest og NTNU sitt pågående samarbeidsprosjekt,

«Klem» (kompetanse, lederskap, endring og medarbeiderskap).

Fagforbundet i Helse

Fonna har nylig hatt valg

på tillitsvalgte for en ny

2-års periode, og vi er stolte

over å ha fått tillitsvalgts-

representanter ved alle fire

sjukehusene, DPS og innen

ambulansen. Disse er klar for

å bistå deg som medlem.

Nyt våren og sommeren.

Laura Lill Haavik,

FTV Fagforbundet,

Helse Fonna.

I kvart nummer av Helse på får ein av fagforeiningane denne

spalta til disposisjon.

6 Helse På! / Internmagasin

Min gode kollega

Alle gode ting er 3

Det kjem inn mange nominasjonar frå tilsette

som vil gjere stas på ein god kollega. Frå kirurgen

3 på Stord kom det så mange at vi måtte ta turen

og undersøkje saka nærare. Der fann vi Berit,

Olga og Anne-Karin – tre blide damer som ikkje

kan fullrose kvarandre og avdelinga nok.

– Det har alltid vore godt arbeidsmiljø på kirurgen 3, seier Olga

Nordal. Ho har jobba der sidan 1973, så ho veit nok kva ho

snakkar om. Saman med Berit Skorpen har ho hatt kirurgen 3 som

arbeidsplass i 38 år.

– Her passar alle på kvarandre, seier dei to. Forutan å skryte av

kvarandre, trekk dei fram fleire andre på avdelinga:

– Kolleger med initativ og pågangsmot bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Anne-Grete Bjelland Livingston, til dømes, arrangerer ofte

fjellturar med overnatting og sosialt samvere. Det skapar samhald

og gjer at vi blir betre kjent med kvarandre, seier Anne-Karin

Dahle.

– Og er det nokon som skal feirast eller gjerast stas på, kan vi

alltid rekne med deg, Olga. Slike folk inspirerar og motiverer oss

alle, legg ho til.

det gode stellet

Det har skjedd mykje i helsevesenet sidan 1973. Olga og Berit

meiner dei hadde betre tid til pasientane før, då det var vanleg å

vere lengre innlagt enn i dag. Mange pasientar er berre inne til

behandling på dagen eller ligg inne kort tid.

– Ein blei jo betre kjent med pasientane då, seier Berit. Olga

meiner helsevesenet treng folk som Berit, slike som tek seg tid

òg når dei ikkje har tid. I nominasjonen skriv ho: «Berit er heilt

til stades hos pasienten. Her snakkar vi om Det Gode Stellet. Ho

går til arbeid med liv og lyst!». Berit ser litt ned og litt vekk når

nominasjonen blir lese høgt. Litt rørt ser ho ut, før ho bryt ut med

ein latter: – Ja, da e’ i alle fall éi så har fått da me seg!

Anne-karin dahle, olga nordal og Berit

skorpen trivast ved kirurgen 3 på stord.

– det har vore godt miljø her i 30 år,

seier pensjonistane olga og Berit.

dele kunnskap

Dei tre i sofaen er einige i at det viktigaste er å gi kvarandre skryt

og snakke positivt om kvarandre.

– Vi må gjere kvarandre gode, seier Berit. Og det handlar ikkje

berre om humør og veremåte: – Dei som er erfarne må vere flinke

å lære vekk gode arbeidsmetodar som ein har kome fram til etter

fleire års røynsle, men samstundes gi dei som er nye rom for å

finne sine eigne måtar å gjere ting på.

– Alle har sine kvalitetar, og det er viktig å la folk utvikle seg der

dei er gode. Slik kan vi utfylle kvarandre, legg Olga til.

Løn i himmelen

Både Olga og Berit er no pensjonistar. Anne-Karin seier det blir

trist når dei forsvinn, som fleire andre på kirurgen 3 òg gir uttrykk

for. Men sjølv er dei ikkje så sikre på om dei blir vekke for godt:

– Vi skal nok vise att i landskapet, ja! seier Olga. For ho kan jobbe

inntil 30 prosent utan at noko skjer med pensjonen, ei inntekt ho

ikkje akkurat vil skryte av. – Og da e’ jo mon i 30 prosent! Nei, me

får vår løn i himmelen, da e’ me sterkt øvebeviste om, ler Olga.

Og så får dei litt løn her i Helse på, som gode døme på kva det er

å vere ein god kollega!

nominAsjonAr

olga om Berit:

«Ho er ein sjukepleiar som fortener å bli løfta opp. Ho er praktisk

anlagt på alle vis. Er det noko som går sundt så ordnar ho det

(kopimasin, skifting av batteri i ulike apparat, osb.) Ho er også

heilt til stades hos pasienten. Her snakkar me om Det Gode

Stellet. Ho går til arbeid med liv og lyst. Berit er pensjonist, og eg

har veldig lyst å framheva henne som omsorgsfull, uthaldande

og faglig dyktig i den somatiske avdeling gjennom så mange år.

Kirurgen kjem til å sakna henne.»

Anne-karin om olga:

«En medarbeider med et stort hjerte - for både pasienter og

kollegaer. Olga lytter og oppmuntrer. Er positiv - løfter opp andre.

Faglig dyktig og en stor ressurs for alle kollegaer. Vi kjenner oss

trygge og sett i lag med Olga.»

Anne-Grete Bjelland Livingston om olga:

«Ein utrulig fantastisk kollega som er opptatt av at alle skal ha det

bra og trivast i avdelingen. Både dei ho jobber med og pasientar.

Er alltid positiv og er ein ressurs for avdelingen med all erfaring

og kunnskap ho har. Olga har god kunnskap i stomipleie og har

og god kompetanse innan kreftsjukepleie. Me opplever at dei

kreftsjuke og pårørande set stor pris på henne og den tryggheten

og omsorga ho utstråler. Ho er eit godt forbilde for oss andre!»

kvEn Er din GodE koLLEGA?

Gode kollegaer gjer arbeidsdagen vår rikare, trivelegare og meir

fargerik. I kvart nummer av Helse på får du moglegheit til å gjere

stas på din gode kollega. Send ein e-post til mingodekollega@

helse-fonna.no med namn på han eller ho du vil nominere og

grunngjeving for nominasjonen.

7

Sårpoliklinikken på Stord

Tida lækjar ikkje alle sår

8 Helse På! / Internmagasin

Det veit pasientane ved sårpoliklinikken på Stord sjukehus så altfor godt.

– Smil! spøker sjukepleiar Rebecca

Reddington idet ho knipsar eit bilete av

såret på leggen til ein pasient. Han ler og

småsnakkar med Rebecca og sjukepleiarkollega

Kjellaug Stautland Eide, trass dei

omfattande såra han har over store deler

av beina. Dei ser vonde ut.

Givande arbeid

Til sårpoliklinikken på Stord sjukehus kjem

pasientane med dei mest alvorlege såra.

For mange av dei har tilbodet gjort at sår

dei har gått med i fleire år endeleg heilar.

Rebecca og Kjellaug lyser opp når dei får

fortelje om gleda over å sjå behandling

som verkar.

– Sårbehandling er veldig givande arbeid.

Det er så godt å sjå når pasientar som

tidlegare berre har fått vedlikehaldande

behandling som bandasjeskift endeleg

får behandling som gir dei livskvaliteten

tilbake.

Dei to studerte pleie og sårbehandling ved

Høgskolen Stord / Haugesund saman i

2009, og to andre sjukepleiarar frå Stord

tok eksamen i faget i vår.

interessa breier om seg

Sårpoliklinikken blei oppretta i desember

2010, etter at overlege og ortoped Bodo

Günther fekk tilslag på Såkornmidlar frå

Helse Vest. Når tilbodet om sårbehandling

no er organisert i poliklinisk arbeid, gir det

tettare oppfølging av pasientane, meiner

han:

– Det tek tid og gjentekne behandlingar

for at kroniske sår skal heile. Tidlegare

var det tilfeldig kven som var på vakt når

pasienten kom inn for behandling. Nå

møter dei det same personalet og får

føreseieleg og kontinuerleg oppfølging.

Han håper Helse Fonna vil satse på

poliklinikken og gjerne utvide tilbodet.

– For pasientane sin del hadde det

vore best om dei hadde moglegheit for

å komme inn to gonger i veka, seier

Rebecca. Både ho og Bodo er glade for

at interessa for sårbehandling breier om

seg. Dei har merka ei endring dei siste åra,

der òg kommunehelsetenesta aukar sin

kompetanse.

– Tidlegare såg vi alle typar sår på

kirurgisk. No ser vi mest dei alvorlege

tilfella, for heimetenesta har blitt flinkare

til å behandle dei enklare sårtypane, seier

Bodo.

Larvar gir rask sårheiling

På Stord tilbyr dei avanserte

behandlingsmetodar som larveterapi,

vakuumbehandling og behandling

med trombosyttkonsentrat. Nokre av

behandlingane krev innlegging ved

kirurgisk sengepost. Du er kanskje ein

av lesarane som stoppa opp ved ordet

«larveterapi»? Nei, det skjer ikkje berre

på film. Allereie i 1829 observerte franskmannen

Dominique-Jean Larrey effekten

av fluelarvar i sår: Raskare sårheiling utan

infeksjonar. I dag blir fluelarvar dyrka fram

i sterile laboratorium og lagt i såret for å

ete vekk daudt vev. Friskt vev inngår ikkje

Behandling som nyttar: Bileta synar eit to år gammalt

venøst leggsår før og etter behandling i to månadar.

Alt dødt og fibrin vev blei jamleg fjerna frå såroverflata,

sårkantane blei behandla og den venøse svikta blei

kompresjonsbehandla. Pasienten blei behandla av Turid

Sørensen, student ved Høgskolen Stord / Haugesund sitt

utdanningstilbod innan sårpleie. Foto: Turid Sørensen.

Givande arbeid:

– det er godt å sjå når pasientar får

behandling som gir dei livskvaliteten tilbake,

seier sjukepleiar rebecca reddington.

i larvedietten, og får vere i fred. Pasientar

som får slik behandling må ikkje leggjast

inn om dei ikkje vil, men kan reise heim

nokre dagar medan larvane et seg mette.

Ei aukande pasientgruppe

Det er ingen spøk å ha kroniske sår.

Mange pasientar opplev at livet deira

blir teke frå dei. Såra luktar gjerne ilt, dei

væskar og er smertefulle. Kanskje går

mykje av dagane med til stell og byte av

bandasje. Kva skjer med det sosiale livet

då? Korleis skal ein våge seg ut eller på

besøk når ein kjenner lukta av eit sår som

ikkje gror? God sårbehandling er dyrt

og tek lang tid, men kan vere forskjellen

på eit godt og eit vondt liv for mange.

Pasientgruppene som typisk er plaga med

kroniske sår, eldre og diabetikarar, er i

stor auke. Bodo Günther håper interessa

for og støtta til sårbehandling vil ta seg

opp. Han er med i Norsk interessefaggruppe

for sårheiling (NIFS), ein ideell

organisasjon som arbeidar for å spreie

sårpoliklinikken

• Held til ved akuttmottaket ved

Stord sjukehus

• Har ope kvar tysdag

• Er tilknytt tverrfagleg kompetanse:

Ein ortoped, to assistentlegar og

to sjukepleiarar

• Starta opp i desember 2010 med

Såkornmidlar frå Helse Vest

kunnskap om sårbehandling og for å

fremme utdanning og kompetanseheving

innan fagfeltet. Günther håper NIFS kan

bidra til at refusjonsordningane for utgifter

til sårbehandling blir betre.

Ønskjer tverrfagleg sårgruppe

Hans visjon for sårbehandlinga i Helse

Fonna er ei tverrfagleg gruppe med

endokrinolog, ortoped, karkirurg og

sårsjukepleiar. Ideelt sett kunne ein òg

drive ambulant verksemd, til beste for

eldre pasientar. Og til slutt den endelege

draumen: Telemedisin som gjer det lettare

å rettleie til dømes fastlegar. – I Danmark

har dei tatt i bruk dette, men i Noreg er

det ikkje realistisk enda, grunna retningsliner

frå Datatilsynet, fortel Bodo. Inntil

vidare får sårpolikinikken på Stord vere ein

god og lovande start. Draumen er likevel

god å ha.

9

Sårpoliklinikken på Stord

Populært

studium

– ettertrakta

studentar

– Studentane våre får gjerne

meir ansvar i jobben med det

same dei har begynt på studiet,

seier førstelektor ved HSH,

Arne Langøen. I år kjempar 97

søkjarar om 50 studieplassar

innan pleie og behandling av

kroniske sår.

- Mange sjukepleiarar synest dette er

eit spennande fag. I tillegg er det gjerne

eit skrikande behov for kompetanse

i sårbehandling der dei jobbar, seier

Langøen. Han meiner det er desse

faktorane som gjer utdanningstilbodet

så populært.

- Det er hovudsakleg to pasientgrupper

som har kroniske sår. Det er eldre

menneske og diabetikarar. Vi vil sjå ein

auke i desse gruppene framover, og derfor

òg ein auke i pasientar med kroniske sår.

Ein dansk studie synte at kommunane

sine utgifter til sårbehandling truleg ville

bli tredobla fram mot 2020.

Langøen er glad for at Helse Fonna har

oppretta ein sårpoliklinikk ved Stord sjuke-

10 Helse På! / Internmagasin

hus. Han meiner pasientar med kroniske

sår gjerne blir kasteballar mellom ulike

instansar som ikkje vil eller kan behandle

dei. Behandling og utstyr er dyrt, og

refusjonsordningane ikkje gode nok.

- Stord har potensiale til å gjere det

veldig bra. Det er behov for eit senter for

sårbehandling på Sør-Vestlandet, og det

kan ein få til om ein vil satse.

om studiet

Studiet går over eitt skuleår, og tel 30

studiepoeng. Fjernstudiet er basert på

eigenstudium, heimeoppgåver, diskusjon

i det virtuelle klasserommet, oppfølging

av pasient i klinisk praksis og fire

samlingar i Haugesund. Evaluering er ein

heimeeksamen basert på behandling av

ein pasient med kronisk sår.

studiet tar føre seg tema som:

• Forskjellen på akutte og kroniske sår

• Betydinga av bakteriologi, ernæring,

sirkulasjon og oksygenopptak

• Sirkulatoriske sår (forårsaka av

forstyrringar i arteriell, venøs eller

lymfatisk sirkulasjon)

• Kroniske sør (forårsaka av trykk, t.d.

dekubitus og diabetiske nevropatisår,

og sår som følgje av immunologiske

komplikasjonar i kroppen).

For meir informasjon, sjå www.hsh.no

eller ta kontakt med Arne Langøen:

arne.langoen@hsh.no

Notisar

no

Tis

Ar

FAsE 1 i FELLEs

EPj FonnA ovEr

DIPS er no innført som

pasientadministrativt system,

og med dét er fase 1 i Felles EPJ

Fonna avslutta. Prosjektleiar og

overlege Torbjørn Saltveit roser både

prosjektdeltakarar og alle tilsette i

Helse Fonna for framifrå innsats.

Fase 2 startar i august og vil mellom

anna innebere innføring av elektronisk

sjukepleiardokumentasjon. Les meir

på Fonnanett: Klikk på Felles EPJ

Fonna-logoen øvst til høgre. Her finn

du alltid oppdatert informasjon om

Felles EPJ Fonna og om DIPS.

siGnErTE ny

iA-AvTALE

Hald deg også oppdatert på Fonnanett og www.helse-fonna.no

Arbeidsgivar, arbeidstakarar ved

tillitsvaldsapparatet og NAV signerte

8. juni avtalen som forlenger

Helse Fonna sitt engasjement som

inkluderande arbeidslivsbedrift.

Partane har dermed forplikta seg

til å halde fram arbeidet med

førebygging og redusering av sjukefråværet,

styrking av jobbnærværet,

stadig betring av arbeidsmiljøet

og for å hindre fråfall frå arbeidslivet.

Fordelane med IA-avtalen er

mellom anna rett til utvida bruk

av eigenmelding, og tilskot til

tilrettelegging av arbeidsplassen.

oPPussinG Av sTord

sjukEHus i GAnG

7. juni starta det innvendige

rivingsarbeidet i 3. høgda ved Stord

sjukehus. Heile høgda blir stengt i

arbeidsperioden, som etter planen er

ferdig 31. desember 2011. Det er ikkje

bestemt kva høgda skal innehalde,

men ein har prosjektert for at ho skal

kunne nyttast både til medisin, kirurgi

og rehabilitering. Kostnadsramma

for 2011 er på 20 millionar kroner.

Dei indremedisinske postane ved

sjukehuset er slått saman i perioden,

og sengepost for spesialisert

rehabilitering er fram til 1. september

slått saman med kirurgisk sengepost,

men vil frå 1. september og ut

arbeidsperioden bli flytta til Pasienthotellet

i Haugesund.

BEriT HAALAnd

konsTiTuErT

dirEkTØr

Berit Haaland blir konstituert i

stillinga som direktør for kirurgisk

klinikk frå 26. juni til ny direktør er

tilsett. Intensivsjukepleiaren er i dag

klinikksjukepleiar og seksjonsleiar

for kirurgi ved Stord. Ho har lang

erfaring som leiar for mellom anna

intensivavdelinga og akuttmottaket

i Haugesund. Haaland var òg

konstituert i stillinga tidligare i år, og

har inngåande kjennskap stillinga.

Administrerande direktør i Helse

Fonna, Kari Ugland, seier ein vil

leggje vekt på ein god rekrutteringsprosess.

FØLG uTvikLinGA

i ForBETrinGs-

ProGrAmmET

Forbetringsprogrammet i klinikk for

psykisk helsevern skal syte for at

handlingsplanen vedteke av styret

i Helse Fonna i desember 2010 blir

sett i verk. Seks grupper arbeider med

korleis ein skal implementere tiltaka

i klinikken. Prosjektdeltakarane kjem

frå heile klinikken og representerer

fleire yrkesgrupper. Det er òg med

deltakarar frå somatiske klinikkar

og stab/administrasjon. Tillitsvalde,

verneombod og brukarrepresentantar

er viktige deltakarar i programmet.

Framdrift, møteplanar og resultat blir

publiserte på Fonnanett og på

www.helse-fonna.no.

11

HMS-hjørnet

» ved Bedriftshelsetenesta

Helse i kvar

sveittedråpe?

Raskare, høgare, lengre…er det arbeidsoppgåvene og

krava til medarbeidarane i helsevesenet som skildrast?

Der alt hastar og det meste helst skulle vore gjort i går?

Nei, «Citius, altius, longus» er det klassiske mottoet til

dei olympiske leikar, der fysisk yteevne og rekordar stadig

synest å kunna strekkjast lengre. Prestasjonsnivået i toppidretten

ligg nok så høgt at grunntanken i sportsverdas

enno meir kjende motto «Ein sunn sjel i ein sunn kropp»

for lengst er passert!

Samanhangen mellom fysisk aktivitet og helse er likevel

godt dokumentert. Regelmessig fysisk aktivitet vernar

mot mange sjukdomar, og er viktig for muskel-, skjelett-,

og leddhelse. Fysisk aktivitet påverkar humøret, gjev

energi, reduserar stress, betrar eiga kroppsoppleving, og

oppmuntrar til sosialt samvere - det er like viktig å trimma

smilemusklane som biceps!

Data frå Dansk arbeidsmiljøinstitutt i 2006 synte

at tilrettelegging for mosjon og sunt kosthald på

arbeidsplassen gav:

• overskot til fleire arbeidsoppgåver

• betre kvalitet i arbeidet

• auka samhald og trivsel

• redusert sjukefråvær og personalutskifting

Alle er gode grunnar til å ta på alvor Arbeidsmiljølova § 3-4,

som pålegg arbeidsgivar å vurdere tiltak for å fremje fysisk

aktivitet blant dei tilsette.

Helsefremjande fysisk aktivitet treng korkje vera utstyrskrevjande

eller pulsintensiv. Kanskje fleire kan byrje å

sykle til arbeid denne sommaren? Hent fram den velbrukte

gamle «rokken» – eller sjekk sponsa tilbod på ny sykkel

gjennom Velferdslaget Helse Fonna, sjå Tilsettesida på

Fonnanett. Fysisk aktivitet i sol og frisk uteluft: Kan det bli

betre? Ja, for me trur jo på fint ver i år!

Innandørs på arbeidsplassen er pausegymnastikk

velgjerande for både skulder- og smilemuskulaturen.

Energipausar løyser opp, rister laus og gjev ny arbeidslyst.

Hugs slagordet til Aktive Sjukehus (www.bedriftsidretten.

no): Ein halvtime dagleg gjer livet behageleg!

5 i korridoren

» kva skal du i sommar?

Arne Enge

Ambulansesjåfør, Stord

- Eg skal på båttur i

skjærgården her i

Sunnhordland og i

Hardanger. Og så skal

eg ei langhelg til Riga.

olaf dahle

Vernepleiar / student,

Stord DPS

- I sommar skal eg jobbe

litt her og så skal eg til

Lofoten. Det blir ein god

kombinasjon av ferie og

bryllaup!

Harald nygård

Ambulansesjåfør, Stord

- Nei, kva skal eg? Det

blir dagsturar med båt

og ein tur til Danmark.

Båtsesongen varar året

rundt, så lenge det er

stilt på sjøen. Eg har ein

Askeladden Daycruiser.

Lasse Lesto

Seksjonsleiar, Stord DPS

- Eg skal til Kreta i 14

dagar. Sol, varme og

bading før eg skal heim

til Nordfjord ein tur.

jannicke Winther

Hjelpepleiar, Stord DPS

- Halve sommaren skal

eg jobbe her, og den

andre halvparten skal eg

jobbe i hagen og reise

rundt i Noreg. Og så har

eg allereie vore på ferie

på Lanzarote.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!