18.09.2013 Views

Last ned som PDF - Forfattar.net

Last ned som PDF - Forfattar.net

Last ned som PDF - Forfattar.net

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

”Garborg for härifrån som en annan människa än han var, när han kom hit. Jag bekänner att jag från

den stunden älskade Berlinarna. Så mottager Tyskland en fremmande förf. Hvilken hans eget hemland

sparkat bort.”

Garborg reiste hjem for å skrive ferdig boka og var på sommaren 1890. Men så ville han til Tyskland

igjen, og reiste same sommaren tilbake til Berlin.

- I Tyskland var det på den tida eit nokså autoritært regime, og sosialdemokratiet var eit forbode parti.

Difor yngla det av politiske opprørarar. Garborg kom rett inn i eit politisk redikalt miljø der han vart

sedd opp til som redikalar og anarkist, seier Stuvøy.

Finne skreiv dette i Verdens Gang 21.mars 1890:

”For Tiden er Garborg den, som den unge Slægt i Tyskland om ikke beundrer mest saa dog sætter de

største Forventninger til. Han regnes af det frodig voksende naturalistiske Parti som en Fører, og der

skrives talrike Afhandlinger om ham.”

Die Freie Bühne

I Berlin starta naturalistane Freie Bühne, som både var eit teater og eit tidsskrift. Teateret opna i 1889,

og her sette dei opp alternative teaterstykke om føremiddagen der berre medlemmer hadde tilgang.

Dette var for å sleppe unna den offentlege sensuren. Ibsen var ein av dei mest brukte dramatikarane,

og Gengangere var det første stykke som vart sett opp i Freie Bühne.

- Freie Bühne låg til grunn for Garborgs idé om å skape eit norsk teater. Ideen om eit lutlag hadde han

herifrå, seier Stuvøy.

- Likevel var det tidsskriftet Freie Bühne som vart det viktigaste for Garborg. Fleire romanar og essay

vart publiserte der. Romanane gjekk som føljetongar, den eine boka etter den andre. Mange artiklar

om og av Garborg vart trykte i tidsskriftet.

Tidsskriftet fekk stor innverknad på det litterære miljøet i Tyskland, og hadde mykje å seie for den

posisjonen Garborg fekk der.

Litterær suksess

I denne perioden, frå slutten av 1880-åra og fram til 1903, vart 36 ulike titlar av Garborgs produksjon

omsett til tysk. Omsetjaren Laura Marholm var aller mest ein tolkar av Garborg i Tyskland. Ho var

også ein av dei som inspirerte Garborg til å lese Nietzsche. Mannen til Marholm, Ola Hansson,

punliserte i 1889 eit større essay om Nietzsche på tysk som Garborg omsette til norsk. Tankar frå

Nietzsche kom særleg tilsyne i boka Trætte Mænd som Garborg gav ut på tysk i 1892.

Ein annan omsetjar som fekk mykje å seie for Garborg, var Ernst Brausewetter. Brausewetter stod i ei

særstilling når det gjaldt å formide nordisk litteratur i Tyskland. Han arbeidde mykje for Samuel

Fischers forlag, som vart det viktigaste forlaget for Garborg.

Boka Hjaa ho mor (Bei Mama) vart høgt verdsett i det litterære miljøet i Tyskland. Noka gjekk mykje

betre der enn her heime. Trætte Mænd eller Müde Seelen blei den største boksuksessen for Garborg i

Tyskland. Herzfeld, som omsette boka, skreiv dette:

”I denne boka har Garborg aust av dei djupaste djup i den moderne verdssmerta; der har han lagt ned

alt det som plagar og skremmer vårt drøymande hundreår.”

Heldt kontakten

Garborg brevveksla seinare med fleire av forfattarane og litteraturkjennarane han møtte. Nokre av dei

han vart kjend med i München og Berlin, kom på besøk til Kolbotn. Den gode venen Hans

Schmidkunz, som heldt førelesingar ved universitetet, var også aktiv i bohemmiljøet. Sommaren 1891

kom Schmidkunz og kona på besøk til Arne og Hulda på Kolbotn. Også litteraten Heinrich Hart, som

var sentral i det politiske redikale berlinmiljæet, kom på besøk sommaren 1891. Han skreiv fleire

reisebrev og artiklar frå denne turen, mellom anna i Freie Bühne.

Tekst: Johanne Landsverk

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!