18.09.2013 Views

Last ned som PDF - Forfattar.net

Last ned som PDF - Forfattar.net

Last ned som PDF - Forfattar.net

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

GJENNOMBROT OG TRIUMF I TYSKLAND

”Den mest fremragende Aand i det nyere Norge er verken Ibsen eller Bjørnson, men

uden Tvil Arne Garborg,” skreiv den tyske litteraten Heinrich Hart i 1892. Garborg

vart dyrka som ein stor forfattar i Tyskland.

Då Garborg kom til Tyskland i 1889, fekk han eit utruleg gjennombrott der nede. Han vart omtala som

ein av dei fremste forfattarane i samtida, fortel Ingunn Stuvøy, som hadde ansvaret for utstillinga

Triumf i Tyskland! Forfattaren Arne Garborg i Garborg-året.

Garborg passa perfekt inn i det litterære bohemmiljøa i München og Berlin. I 1880-åra var desse

grupperingane dei fremste forkjemparane for naturalismen, ein parallell til Kristiania-bohemen og den

naturalistiske litteraturen i Noreg.

- Garborg kom til sine eigne i Tyskland. Han skreiv bøker som folk i det litterære miljøet til fulle

forstod. Garborg var jordnær og uttrykte seg på ein måte som stod dei nærare enn dei franske

naturalistane.

Mot slutten av 1880-åra hadde Henrik Ibsen fått ein sterk posisjon i Tyskland. Innverknaden frå Ibsen

kan sporast hjå nesten alle yngre tyske naturalistar.

- Ein kan seie at det var Ibsen som opna dørene for Garborg. Forlaga visste at norsk litteratur var ei

gullgruve i Tyskland, seier Stuvøy.

Lengta ut til Tyskland

Før Garborg drog til Tyskland i 1889, hadde han kontakt med omsetjar og kritikar Laura Marholm,

som kom på besøk til Kolbotn i 1888. ho skreiv ein artikkel om Garborg i Vossishe Zeitung, og

Garborg syntest at ho til fulle hadde oppfatta det han ville uttrykkje i forfattarskapen sin. Han skildra

dette som. ”Den slags Lykke, man føler, naar man for en gangs Skyld ser sig forstaaet og forklaret.”

Ein annan viktig omsetjar var Marie Herzfeld. Garborg skreiv eit brev til Herzfeld 19. april 1889 om

kor viktig det var for han å kome bort. Garborg hadde då mista jobben i statsrevisjonen og han var lei

av ”det evige norske politiske og moralske kjeklet.” Han hadde fått avslag på søknadene sine om

reisestipend, men ville gjerne bu ei tid i Sør-Tyskland eller Italia om det fanst ein stad der han kunne

leve billig. Til venen Ivar Mortensson – Egnud skreiv han: ”Aa finder vi en lun krok i Tyskland, -

Aldrig i evighet skal vi komme hjem igjen til dette grætne Land. – Fy for Fanden.”

Herzfeld fann ein stad for Garborg ute på landet, i Diessen am Ammersee i Bayern. Sommaren 1889

reiste han nedover saman med Hulda og sonen Tuften. Her budde dei den første vinteren medan han

skreiv på boka Hjaa ho mor.

Til München og Berlin

Etterkvart flytta familien Garborg inn til München, og dei tok til å vanke i det litterære miljøet. Stuvøy

fortel at dei tyske forfattarane og tidsskriftredaktørane hadde lese bøkene til Garborg og såg fram til å

treffe han. Dei opplevde at denne nordmanne med sitt stille vesen var temmeleg annleis enn dei

fritalande tyskarane. Likevel vart han ein stor autoritet blant dei.

Forfattaren Gabriel Finne skildra dette slik i Verdens Gang i 1890:

”Jævnlig innbydes han til Fester og Møde inden deres Foreninger. Og naar han iblandt indfinder sig,

kredser man med Nysgjerrighed og Beundring om ham. Ved sitt forlegne og beskjedne Væsen stikker

han forunderlig af mod de livlig gestikulerende Sydtyskere.”

Etter eitt års tid i München måtte Garborg dra heim i 1890. Han var pengelens, og han hadde slite med

å få til boka Hjaa ho mor. Nedbroten psykisk og økonomisk reiste han gjennom Berlin, der han møtte

det redikale litterære bohemmiljøet.

- Medlemmene i dette litterære miljøet bestemte seg for å kjøpe rettane til omsetjinga av Hjaa ho

morfor 2000 Mark. Det var særleg Laura Marholm som stod bak dette, fortel Stuvøy.

Manne hennar, den svenske forfattaren Ola Hansson, kommenterte denne hendinga i eit brev til

Strindberg:

”Garborg for härifrån som en annan människa än han var, när han kom hit. Jag bekänner att jag från

den stunden älskade Berlinarna. Så mottager Tyskland en fremmande förf. Hvilken hans eget hemland

sparkat bort.”

Garborg reiste hjem for å skrive ferdig boka og var på sommaren 1890. Men så ville han til Tyskland

igjen, og reiste same sommaren tilbake til Berlin.

- I Tyskland var det på den tida eit nokså autoritært regime, og sosialdemokratiet var eit forbode parti.

Difor yngla det av politiske opprørarar. Garborg kom rett inn i eit politisk redikalt miljø der han vart

sedd opp til som redikalar og anarkist, seier Stuvøy.

Finne skreiv dette i Verdens Gang 21.mars 1890:

”For Tiden er Garborg den, som den unge Slægt i Tyskland om ikke beundrer mest saa dog sætter de

største Forventninger til. Han regnes af det frodig voksende naturalistiske Parti som en Fører, og der

skrives talrike Afhandlinger om ham.”

Die Freie Bühne

I Berlin starta naturalistane Freie Bühne, som både var eit teater og eit tidsskrift. Teateret opna i 1889,

og her sette dei opp alternative teaterstykke om føremiddagen der berre medlemmer hadde tilgang.

Dette var for å sleppe unna den offentlege sensuren. Ibsen var ein av dei mest brukte dramatikarane,

og Gengangere var det første stykke som vart sett opp i Freie Bühne.

- Freie Bühne låg til grunn for Garborgs idé om å skape eit norsk teater. Ideen om eit lutlag hadde han

herifrå, seier Stuvøy.

- Likevel var det tidsskriftet Freie Bühne som vart det viktigaste for Garborg. Fleire romanar og essay

vart publiserte der. Romanane gjekk som føljetongar, den eine boka etter den andre. Mange artiklar

om og av Garborg vart trykte i tidsskriftet.

Tidsskriftet fekk stor innverknad på det litterære miljøet i Tyskland, og hadde mykje å seie for den

posisjonen Garborg fekk der.

Litterær suksess

I denne perioden, frå slutten av 1880-åra og fram til 1903, vart 36 ulike titlar av Garborgs produksjon

omsett til tysk. Omsetjaren Laura Marholm var aller mest ein tolkar av Garborg i Tyskland. Ho var

også ein av dei som inspirerte Garborg til å lese Nietzsche. Mannen til Marholm, Ola Hansson,

punliserte i 1889 eit større essay om Nietzsche på tysk som Garborg omsette til norsk. Tankar frå

Nietzsche kom særleg tilsyne i boka Trætte Mænd som Garborg gav ut på tysk i 1892.

Ein annan omsetjar som fekk mykje å seie for Garborg, var Ernst Brausewetter. Brausewetter stod i ei

særstilling når det gjaldt å formide nordisk litteratur i Tyskland. Han arbeidde mykje for Samuel

Fischers forlag, som vart det viktigaste forlaget for Garborg.

Boka Hjaa ho mor (Bei Mama) vart høgt verdsett i det litterære miljøet i Tyskland. Noka gjekk mykje

betre der enn her heime. Trætte Mænd eller Müde Seelen blei den største boksuksessen for Garborg i

Tyskland. Herzfeld, som omsette boka, skreiv dette:

”I denne boka har Garborg aust av dei djupaste djup i den moderne verdssmerta; der har han lagt ned

alt det som plagar og skremmer vårt drøymande hundreår.”

Heldt kontakten

Garborg brevveksla seinare med fleire av forfattarane og litteraturkjennarane han møtte. Nokre av dei

han vart kjend med i München og Berlin, kom på besøk til Kolbotn. Den gode venen Hans

Schmidkunz, som heldt førelesingar ved universitetet, var også aktiv i bohemmiljøet. Sommaren 1891

kom Schmidkunz og kona på besøk til Arne og Hulda på Kolbotn. Også litteraten Heinrich Hart, som

var sentral i det politiske redikale berlinmiljæet, kom på besøk sommaren 1891. Han skreiv fleire

reisebrev og artiklar frå denne turen, mellom anna i Freie Bühne.

Tekst: Johanne Landsverk

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!