24.09.2013 Views

Årsmelding 2012 - Jæren Friluftsråd

Årsmelding 2012 - Jæren Friluftsråd

Årsmelding 2012 - Jæren Friluftsråd

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Jæren friluftsråd—Årsmelding 2012

Arbeidsprogram 2013

Friluftsrådet Vest og Jæren friluftsråd har frå Direktoratet for naturforvaltning og fylkeskommunen fått midlar til eit prøveprosjekt

til arbeid med sikring av nye friluftsområde. Prosjektet var opprinneleg på tre år, men er blitt utvida med ytterlegare 2 år.

Dei to friluftsråda skal då stå til disposisjon for andre råd og kommunar for å gi opplæring i sikringsarbeid. I denne perioden er

mange nye områder blitt sikra til friluftsformål. I vår region, med stort press på arealer, er det viktig å avsette natur til rekreasjon,

opplevingar og fysisk aktivitet. Neseskogen i Gjesdal kommune blei sikra med statlege midlar i 2012.

Saman med Gjesdal kommune vil det bli laga ein plan for tilrettelegging og drift av Neseskogen. Det er søkt om midlar til nokre

tiltak i 2013. Lifjell blei og sikra med statlege midlar i 2012. Saman med Sandnes kommune må det lagast ein plan for tilrettelegging

og drift av Lifjell.

Plan for ny badeplass ved Tengesdalsvatnet har stått i stampe dei siste åra. Her ventar vi på eit utspel om samarbeid med Sandnes

kommune. Areal til ny parkering på Borestranda er innkjøpt. Arbeidet med opparbeiding og inngjerding skal starte opp i 2013.

Toalett skal restaurerast. Gamal parkeringsplass skal avviklas. Turstien frå Friluftshuset til Orrestranda skal oppgraderast. Dei

gamle morkna svillene skal skiftast ut med nytt materiale. Ved Madlandsvatnet har JF fått avtale med Stavanger kommune og

grunneigarar om opparbeiding av parkering, bygging av ny bru og utviding av landbruksveg. Frå Madlandsvatnet skal det merkast

tursti inn i Gloppedalen og koplast på den gamle ferdavegen til Veen i Bjerkreim. I Brekko er det 11 store og små trebruer. Alle

skal skiftast ut med nytt dekke. Seks bruer er ferdige. Arbeidet med oppgradering skjer i takt med tilgjengelege midlar.

Det siste året har JF starta eit renoveringsarbeid i Haugstadskogen i Hå. Rydding av skog langs turvegar, grusing av turvegar og

grøfting. Dette arbeidet vil fortsette i 2013. Samtidig vil turstiar og turvegar i skogen bli merka. Informasjon og kommunikasjon

med publikum er viktig. JF har eigne Facebook sider som har over 900 venner. Her har vi dagleg kontakt med brukarar av våre

friluftsområde. Vi har fått nye heimesider i 2012. Desse må kontinuerleg følgjast opp med aktuell informasjon. JF er med i ein

nasjonal informasjonsbase om friluftsliv. Dei tilsette får arbeidet med å oppdatere denne med våre friluftslivtilbod.

JF har til ei kvar tid søknader inne om økonomisk støtte til nye tiltak. Utfordringa er bemanning og økonomi til å drifte alle tiltaka.

Vår medlemskommunar har i 2013 vedteke auka kontingent til vårt arbeid. No er det viktig å få fylkeskommunen til å vedta

ein indeksregulering av sitt driftstilskot. 2012 var prega av mange arrangement. Vi vil halde fram med samarbeidet med kommunane

Klepp, Hå og Gjesdal om arrangement i sentra våre. Dette arbeidsprogrammet viser nye tiltak som kjem i tillegg til drift av

alle faste arbeidsoppgåver JF har gjennom året. Arbeidsstaben må prioritere strengt kva oppgåver som til ei kvar tid må gjennomførast.

Driftsoppgåvene vil vere viktigast. Det kan føre til at nye tiltak må utsettast.

Arbeidsprogram:

Sikring: Halde fram samarbeidet med Friluftsrådet Vest om sikring av nye friluftsområde. Drøfte med

medlemskommunar område som kan sikrast til friluftsformål.

Planlegging: Vidareutvikle utstillinga på Friluftsfyret

Plan for bruk av Neseskogen

Plan for tilrettelegging Lifjell

Plan for ny badeplass ved Tengesdalsvatnet

Tilrettelegging: Opparbeide ny parkeringsplass ved Borestranda

Renovere tursti til Orrestranda

Ny parkeringsplass i Madland

Ny bru på Madland

Skifte ut bruer i Brekko

Skilting og løypemerking i Haugstadskogen

Restaurere toalett Bore

Starte tilrettelegging av Neseskogen

Informasjon: Bruke våre Facebook sider aktivt

Utvikle bruk av våre nye heimesider

Legge inn våre friluftslivstilbod på felles databaser

Økonomi: Arbeide med finansiering av prosjektet ved Friluftshuset

Søke om økonomi til restaurering av assistentbustaden på Kvassheim. Arbeide for auka statleg og

fylkeskommunal tilskott til drift av våre friluftsområde.

Arrangement: Halde fram arrangement samarbeidet med- En kjede av fyr-.

Fortsette samarbeidet med Klepp kommune og Gjesdal kommune om kulturarrangement på Frilufts

huset og på Friluftstunet.

Stimulere til samarbeid med Hå kommune om kulturarrangement på Friluftsfyret Kvassheim.

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!