24.09.2013 Views

TIME KOMMUNE

TIME KOMMUNE

TIME KOMMUNE

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

INNLEIING

IKT-strategien i Time kommune for planperioden 2009 – 2012, Timeplanen for 2010 – 2013

og KS sin strategiplan e-kommune 2012 forankrar visjonen om å innføra fullelektronisk arkiv

i heile kommuneorganisasjonen.

Fullelektronisk arkiv bør gi kommunen vår ei meir effektiv arbeidsform, sikra bevaring av

dokumentasjon både på kort og lang sikt, og hindra att me får store mengder med papirarkiv

som skal takast vare på for all framtid. Denne planen skal vera eit verktøy som sikrar

planmessig overgang til fullelektronisk arkivering i kommunen.

Kap. 1 i planen gir ein oversikt over arkivseriar i kommunen. Kap. 2, 3, 4 og 5 peikar på

utfordringar, problemstillingar og konsekvensar for å få til overgang frå papirarkiv til

elektronisk arkivering.

Prosjektet har undervegs gitt djupare innsikt i fagfeltet, som har ført til at planen er blitt

mindre omfattande enn først tenkt. Noark 5 er ein norsk arkivstandard for elektronisk arkiv

som sikrar langtidsbevaring av dokumentasjon på ein betre måte enn tidlegare standard. Blant

anna vil den gjera det muleg å innføra fullelektronisk arkiv på klientsystema. System som er

basert på NOARK 5 er på langt nær ferdigutvikla for sal. Ein viktig kostnadskomponent med

tanke på oppgradering til ny arkivstandard (og database) fall då ut, og dermed manglar

grunnlaget for å vurdera konsekvensar av og kostnader ved oppgradering til ny arkivstandard.

Tidspress har ført til at ambisjonane om planen måtte setjast ned, og mandatet er difor justert

midtvegs i prosjektet.

Med denne bakgrunnen vil denne rapporten vera eit førstegenerasjonsprodukt som må

oppdaterast når system etter denne arkivstandarden blir realiserte. Rapporten er likevel ein

kunnskapsbank om dei viktigaste utfordringane og problemstillingane som organisasjonen vil

stå overfor når arkiva skal gjerast fullelektroniske. Så langt er vurderinga at det overordna

målet om at alle arkiv i kommunen skal bli fullelektroniske, framleis bør liggja fast.

Kap. 6 tek opp eit utval tilrådde konklusjonar, som viser at det er fleire arkiv som kan gjerast

fullelektroniske, og at ein del må venta. Mellombels løysingar kan i nokre tilfelle takast i bruk

fram til forholda ligg til rette for å gjera alt fullelektronisk.

Gjennom prosjektarbeidet har gruppa fått tenkt igjennom ein del viktige og strategiske saker

som gjeld arkivorganisering og ikt struktur. Me har fått auka kunnskap og forståelse om

kvarandre sine arbeidsfelt. Me ser at arkiv og ikt meir og meir vil gå som hand i hanske

framover etterkvart som innføring av fullelektronisk arkiv vert realisert. Det er heilt

nødvendig med eit godt samarbeid mellom desse to avdelingane.

4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!