Innhaldsforteikning Nynorsk - Fiskeridirektoratet

fiskeridir.no

Innhaldsforteikning Nynorsk - Fiskeridirektoratet

Nynorsk

Rettleiar for utfylling av særskilt søknadsskjema om dispensasjon etter forskrift om drift av

akvakulturanlegg § 55, 2.ledd (auka individvekt for settefisk av laks, aure og regnbogeaure)

Innhaldsforteikning

Generelt ...................................................................................................................................... 2

Rettleiing til skjema for dispensasjonssøknad auka individvekt settefisk ................................. 3

Innleiing ................................................................................................................................. 3

Pkt. 1 Generelle opplysningar ................................................................................................ 3

Pkt. 2 Kva det vert søkt om .................................................................................................... 3

Pkt. 3 Opplysningar relatert til lokaliteten ............................................................................. 4

Pkt. 4 Opplysningar relatert til drifta...................................................................................... 5

Pkt. 5 Nærmere opplysningar om tiltaket ............................................................................... 6

1


Generelt

Denne rettleiaren er utarbeidd til hjelp ved utfylling av søknadsskjema om dispensasjon etter forskrift om drift av

akvakulturanlegg § 55, 2.ledd (auka individvekt for settefisk av laks, aure og regnbogeaure). Søknadsskjema og rettleiar er

Fiskeridirektoratet sitt ansvar. Dispensasjonssøknad med ferdig utfylt skjema og vedlegg skal sendast til Fiskeridirektoratet,

Kyst- og Havbruksavdelingen, Tilsynsseksjonen. Søknadsskjema ber i nokre tilfelle søkjar om opplysningar som forvaltninga

allereie har. Dette fordi ein ynskjer ein mest mogleg fullstendig søknad. Ufullstendige søknader vil forseinka

søknadsprosessen, og kan bli returnert til søkjar. Ytterlegare opplysningar vedrørande utfylling av skjema kan ein få hos

Fiskeridirektoratet.

Søknaden skal leverast på fastlagt skjema:

o

Særskilt skjema for søknad om dispensasjon etter forskrift om drift av akvakulturanlegg § 55, 2.ledd

Det skal ikkje betalast gebyr for dispensasjonssøknader.

Fiskeridirektoratet vil handsame søknaden etter tilråding frå eit fagleg råd samansett av representantar frå Mattilsynet, Klimaog

forurensningsdirektoratet (Klif), Fiskeridirektoratet og eventuelt Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Rådet vert

sett kvartalsvis, og etatane kjem med sine vurderingar til kvar søknad. Fiskeridirektoratet vil deretter fatte vedtak.

Det må påreknast 3-6 månader i sakshandsamingstid. Omsøkt prosjekt kan ikkje startast opp før ein har fått vedtak om at

dispensasjon er gitt.

Dispensasjonen gjeld innanfor gjeldande akvakulturløyve med tilhøyrande sektorløyve. Dersom det planlagde tiltaket

medfører endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve eller vilkår til dette, må det innhentast naudsynte løyver

ved sidan av dispensasjonsvedtaket. Dette skal søkjast på ordinært vis til Fylkeskommunen.

I høve til dispensasjonssøknader etter § 55, 2. ledd vert det lagt til grunn ei maksimal individvekt på inntil 1000 gram.

Dersom sektormynda sitt regelverk ikkje heimlar tilstrekkeleg oppfølging vil Fiskeridirektoratet vurdera vilkår i

dispensasjonsvedtaket.

Resultata skal rapporterast årleg til Fiskeridirektoratet på fastsett skjema.

2


Rettleiing til skjema for dispensasjonssøknad auka individvekt settefisk

INNLEIING

Søknadsskjemaet gjeld søknad om dispensasjon for å kunne produsera settefisk av laks, aure og regnbogeaure med ei

individvekt på inntil 1000 gram. Dersom plassen i skjemaet blir for liten, kan opplysningane førast på eigne ark som skal

leggast ved.

PKT. 1 GENERELLE OPPLYSNINGAR

Pkt. a) Søkjar

Her skal søkjar sitt namn fyllast ut.

Pkt. b) Org. nr.

Her fyller ein ut organisasjonsnummer. Opplysninga sikrar identifikasjon av kven som søkjer. Selskap må vera stifta og

registrert i Brønnøysundregistrene for å kunne søkje dispensasjon.

Pkt. c) Tlf. nr.

Telefonnummer til søkjar.

Pkt. d) Postadresse

Postadresse til søkjar.

Pkt. e) E-postadresse

E-postadresse til søkjar.

Pkt. f) Kontaktperson

Namn på kontaktperson for søknaden.

Pkt. g) Tlf. nr.

Telefonnummer til kontaktperson.

Pkt. h) E-postadresse

E-postadresse til kontaktperson.

PKT. 2 KVA DET VERT SØKT OM

Pkt. a) Art

Her skal det opplysast kva art dispensasjonssøknaden gjeld. Arten sitt norske og latinske namn skal fyllast inn.

Pkt. b) Maksimal individvekt (g)

Her skriv ein inn maksimal individvekt som det vert søkt om, i gram.

Pkt. c) Mengd (i stk)

Her fyller ein inn kor mange individ med individvekt over 250 gram som er omfatta av søknaden.

Pkt. d) Tidsperiode

Her fyller ein inn tidsperioden ein søkjer om dispensasjon for.

3


PKT. 3 OPPLYSNINGAR RELATERT TIL LOKALITETEN

Pkt. a) Fylke

Her skal ein fylla ut i kva fylke den omsøkte lokaliteten ligg.

Pkt. b) Kommune

Her skal ein fylla ut namn på kommunen der lokaliteten ligg.

Pkt. c) Løyvenummer

Her skal ein fylla inn løyvenummer (dersom det er tildelt).

Pkt. d) Lokalitetsnamn

Her skal ein fylla inn namn på staden der det vert søkt.

Pkt. e) Lokalitetsnummer

Her skal ein fylla inn lokalitetsnummer (dersom det er tildelt).

Pkt. f) Koordinatar

Det skal her fyllast inn koordinatar for midtpunktet av det planlagde anlegget med geografisk datum Wgs/Euref-89.

Posisjonen skal skrivast i grader og minuttar med tre desimalar på følgjande form:

- N gg - mm, mmm /Ø gg-mm, mmm

Pkt. g) Teikning av anlegget

Det skal leggast ved teikning av anlegget i målestokk ca. 1:1 000, med oversikt over kar, inntaksleidningar for ferskvatn og

sjøvatn, avløpsleidning/-ar og rømmingssikringar. Vedlegget skal nummererast Vedlegg 1. Ved planlagde endringar ved

lokaliteten som følgje av gitt dispensasjon må det koma fram kva som er eksisterande løysingar og kva som er planlagde

løysingar.

Pkt. h) Akvakulturrelaterte verksemder eller lakseførande vassdrag i nærleiken

Her skal det opplysast om viktige lakseførande vassdrag innan ein avstand på 5 km. Det er avstanden i sjø som er

utslagsgivande for om vassdraget skal førast opp. Det skal også opplysast om der er oppdrett av fisk i ferskvasskjelda, og om

eventuell oppgang av anadrom fisk og førekomst av stasjonær fisk i ferskvasskjelda. Vidare skal det førast inn stadnamn og

type akvakulturrelaterte verksemder innanfor ein avstand i sjø på 5 km. Dette gjeld akvakulturanlegg samt anna

akvakulturverksemd som fiskeslakteri, anlegg for tilverking og notvaskeri. Som hovudregel er det avstand til vassinntak og

avløp frå andre akvakulturrelaterte verksemder som er viktig, og det er derfor avstand i sjø ein spør etter.

Pkt. i) Avstand til nasjonal laksefjord/nasjonalt laksevassdrag

Her gir ein opp namn på og avstand til næraste nasjonale laksefjord/nasjonale laksevassdrag.

Pkt. j) Avstand frå vassinntak i sjø til diverse utslepp

Her gir ein opp avstand frå vassinntak i sjø til utslepp av kloakk eller utslepp frå landbruk, industri og liknande innanfor ein

avstand på 5 km frå vassinntaket.

Pkt. k) Djup eksisterande inntaksleidning sjøvatn

Her gir ein opp djup i meter på eksisterande inntaksleidning for sjøvatn.

Pkt. l) Djup eksisterande avløpsleidningar

Her gir ein opp djup i meter på eksisterande avløpsleidning/-ar.

Pkt. m) Krav om reinsing av utslipp

Her gir ein opp om det føreligg krav til reinsing av utslepp, og eventuelt tidsfrist for iverksetting av reinsing.

4


Pkt. n) Krav om miljøovervaking i resipient

Her gir ein opp om det føreligg krav til miljøovervaking i resipient, og eventuelt frekvens for dette.

Pkt. o) Biologisk mangfald

Her gir ein opp om det er gjennomført undersøking av biologisk mangfald.

Pkt. p) Sektorløyve

Gjeldande sektorløyve skal leggast ved og nummererast:

Fylkeskommunen/Fiskeridirektoratet; Vedlegg 2,

NVE; Vedlegg 3,

Fylkesmannen; Vedlegg 4,

Mattilsynet/Fylkesveterinæren; Vedlegg 5.

PKT. 4 OPPLYSNINGAR RELATERT TIL DRIFTA

Pkt. a) Løyve NVE

Her gir ein opp om det føreligg løyve frå NVE, samt om det er gitt konsesjon etter vassressurslova eller ikkje.

Pkt. b) Tillate vassforbruk

Her gir ein opp om det føreligg avgrensingar i vassforbruk. Dette kan f.eks. vera i form av minstevassføring, maksimalt

vassuttak i m 3 /min, løyve til å tappe vatn mellom ei øvre og ei nedre kote i vasskjelda.

Pkt. c) Tillate mengd sjødyktig settefisk

Her gir ein opp tal på sjødyktig settefisk som oppgitt i løyve.

Pkt. d) Tillate biomasseproduksjon per år

Her gir ein opp maksimal biomasseproduksjon ut frå Fylkesmannen sitt utsleppsløyve.

Pkt. e) Tillate fôrforbruk

Her gir ein opp maksimalt tillate årleg fôrforbruk ut frå Fylkesmannen sitt utsleppsløyve.

Pkt. f) Produsert mengd sjødyktig settefisk per år, siste 4 år

Her gir ein opp produksjonen i mengd (stk) sjødyktige settefisk fordelt på siste 4 år.

Pkt. g) Totalt produsert biomasse per år, siste 4 år

Her gir ein opp produksjonen i totalt produsert biomasse (ulike livsstadium) fordelt på siste 4 år.

Pkt. h) Totalt fôrforbruk per år, siste 4 år

Her gir ein opp fôrforbruk fordelt på siste 4 år.

Pkt. i) Resultat frå dei to siste miljøundersøkingane

Her beskriv ein resultatet frå dei to siste miljøundersøkingane i resipienten. Undersøkingane skal også leggast ved og

nummererast Vedlegg 6.

Pkt. j) Fiskehelse- og sjukdomshistorikk siste 4 år

Her gir ein opp utbrot av IPN og listeførte sjukdommar i løpet av siste 4 år. Vidare skal ein gi opp dødelegheit (tap),

førekomst av sår, gjelleskader/finneskader og deformitetar for den same perioden. Dette skal leggast ved og nummererast

Vedlegg 7.

5


Pkt. k) Rømmingshendingar siste 4 år

Her gir ein opp eventuelle rømmingsepisodar i løpet av siste 4 år.

PKT. 5 NÆRMARE OPPLYSNINGAR OM TILTAKET

Pkt. a) Inneber tiltaket endringar av eksisterande sektorløyve

Her gir ein opp om tiltaket vil medføre endringar i gjeldande sektorløyve (NVE, Fylkesmannen eller Mattilsynet). Dersom

tiltaket medfører endringar må det spesifiserast kva, f.eks. vassforbruk, biomasseproduksjon, fôrforbruk, berekna årleg

utslepp av nitrogen (kg) og fosfor (kg).

Pkt. b) Oppfyller anlegget gjeldande krav til rømmingssikring

Her gir ein opp om anlegget oppfyller gjeldande krav til dobbelsikring i forhold til rømming. I dette ligg det at anlegget skal

ha fastmonterte primær- og sekundærsikringar både i høve til avløp og i høve til område. Dersom dobbelsikring ikkje er på

plass vil det ikkje bli gitt dispensasjon. Dette er med bakgrunn i at det føreligg dokumentasjon som viser at smoltrømming er

identifisert som den høgaste risikoen for genetisk interaksjon, og at auka individvekt vil medføre auka overleving og dermed

auka risiko.

Pkt. c) Planlagt djup inntaksleidning sjøvatn

Her gir ein opp om det er planlagt endringar i høve til inntaksleidning for sjøvatn, og i tilfelle på kva djup (m). Trase for

inntaksleidning skal gå fram av teikninga i Vedlegg 1.

Pkt. d) Planlagt djup avløpsleidning/-ar

Her gir ein opp om det er planlagt endringar i høve til eksisterande avløpsleidning/-ar, og i tilfelle på kva djup (m). Trase for

avløpsleidning/-ar skal gå fram av teikninga i Vedlegg 1.

Pkt. e) Generell skildring av tiltaket

Her skal ein gje ei generell skildring av det planlagde tiltaket. Dette skal leggast ved og nummererast Vedlegg 8. I skildringa

skal det i tillegg koma fram forventa fordeler av tiltaket relatert til variert utprøving av driftsformer, produksjonsmetodar og

teknikkar som kan gje fordeler med omsyn til miljø, fiskehelse og fiskevelferd.

Pkt. f) Forslag til samarbeidsavtale med mottakar(ar) av produktet

Her skal det leggast ved eit forslag til ein samarbeidsavtale (Vedlegg 9) med mottakar(ar) av produktet med oversikt over kva

relevante resultat frå sjøfasen det vil være behov for i høve til å kunne få fram forventa fordeler av tiltaket, særleg med omsyn

til fiskehelse, fiskevelferd og miljø.

Pkt. g) Dokumentasjon i høve til at tiltaket ikkje gir auka risiko for negativ effekt på fiskehelse, fiskevelferd og miljø

Her skal det leggast ved dokumentasjon (Vedlegg 10) som viser at det ikkje vert forventa at tiltaket gir auka risiko for

negativ effekt på fiskehelse, fiskevelferd og miljø. Dette vert gjort i form av ein risikoanalyse av prosjektet. Risikoanalysen

skal innehalde skisserte tiltak, også for å handtere eventuelle nye fareområde. Dersom det er behov for å revidere miljømål

må dette dokumenterast. Risikoanalyse og eventuelle nye miljømål skal innlemmast i selskapet sitt internkontrollsystem.

Pkt. h) Skildring og dokumentasjon relatert til utstyr og metodikk for desinfeksjon

Her skal det leggast ved dokumentasjon (Vedlegg 11) som skildrar utstyr og metodikk for desinfeksjon. Krav om

desinfeksjon av inntaksvatn gjeld ved bruk av sjøvatn, ved oppgang av anadrom fisk i vasskjelda, ved anna akvakulturrelatert

verksemd i vasskjelda, eller avløp frå slik verksemd til vasskjelda.

Pkt. i) Vurdering av tiltaket sin påverknad på tilstanden i vassførekomsten

Her skal det leggast ved ei vurdering av tiltaket sin påverknad på tilstanden i vassførekomsten (Vedlegg 12).

Pkt. j) Plan for kunnskapsdeling

Her skal det leggast ved ein plan for korleis kunnskap og erfaringar av tiltaket skal delast med heile akvakulturnæringa

(Vedlegg 13).

6


Pkt. k) Supplerande opplysningar

Her kan ein legge ved supplerande opplysningar som ikkje kjem fram i nokon av punkta nemnt ovanfor (Vedlegg 14), f.eks.

planer om framtidig utviding av prosjektet.

Underskrift

Søknaden skal daterast og underskrivast av den som er ansvarleg for søknaden.

7

More magazines by this user
Similar magazines