31.10.2012 Views

Folketeljingar i Noreg - Telemarkskilder

Folketeljingar i Noreg - Telemarkskilder

Folketeljingar i Noreg - Telemarkskilder

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Folketeljingar i Noreg

Det er halde folketeljingar i Noreg i 1769, 1801, 1815, 1825, 1835, 1845, 1855, 1865, 1870 (i nokre byar), 1875,

1885 (i byane), 1891, 1900, 1910, 1920, 1930, 1946, 1950, 1960, 1970, 1980 og 1990. Av teljingane før 1865 er berre

ho frå i 1801 nominativ, dvs ho listar enkeltpersonar ved namn. Teljingane i 1769 og 1815-55 er numeriske, men

med namnelistar i grunnlagsmateriale for nokre prestegjeld. Statistikklova i 1907 la sterke restriksjonar på bruken av

nyare teljingar. Etter lov om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå (statistikklova) frå 1989 skal desse teljingane

ikkje frigjevast før etter 100 år. 1910-teljinga vart difor frigjeven 1. desember 2010. Folketeljingane er avleverte til

Arkivverket. Riksarkivet har originalane frå teljingane i 1769, 1801, 1815-1865, 1870, 1891, 1910, 1930, 1950, 1970 og

1980, mens statsarkiva har originalane til teljingane i 1875, 1885, 1900, 1920, 1946 og 1960 for sine distrikt.

Folketeljinga 1. desember 1910

Ved kgl. Res. 23. september 1910 vart det kunngjort at det skulle haldast ”almindelig Folketælling” for å få ei

detaljert oversikt over Noregs befolkning natta mellom 1. og 2. desember 1910.

På kvar bustad skulle alle personar til stades førast inn i teljingslista, med særskilt merknad om dei som var

mellombels til stades (på besøk osv) på teljingstidspunktet. I tillegg skulle alle faste bebuarar som var fråverande (på

reise, til sjøs osv) på teljingstidspunktet førast inn på lista. På denne måten skulle folketeljinga i 1910 gje ei oversikt

over befolkninga, både dei til stades og dei heimehøyrande, for kvar bustad. I teorien skulle alle personar som ikkje var

heime på teljingstidspunktet, førast inn i to teljingslister, på heimstaden som 'f' og på opphaldsstaden som 'mt'. I praksis

var det ikkje råd å kontrollere at dette konsekvent vart gjennomført, og mange slike personar er oppført berre ein stad.

I 1910-teljinga vart det for første gang spurt etter full fødselsdato for alle personar, og det var spørsmål om

tilleggsopplysningar frå heimvende norskamerikanarar om utflyttingsår, heimflyttingsår, bustad før utvandring og siste

bustad og stilling i Amerika. I teljinga skulle ein og opplyse om ein person var arbeidsledig.

Det vart ikkje gjennomført jordbruksteljing i 1910, men det vart halde ei separat handverksteljing.

Skipsmannskap skulle oppførast berre for skip i norske hamner og farvatn, ikkje for norske skip i utanlandske

hamner og farvatn. Men skipslistene frå denne teljinga er dessverre tapt.

Ved folketeljinga i 1910 var det i Noreg 61 bykommunar og 596 herad, 41 kjøpstader og 22 ladestader. Den

heimehøyrande befolkninga i Noreg 1. desember 1910 vart av Det statistiske Centralbureau talt opp til 2 391 782

personar.

Teljingsarbeidet

Teljingsarbeidet vart gjort frå og med torsdag 1. desember 1910 og i så mange dagar som var nødvendig.

På landet vart teljinga gjort for kvart herad under leiing av ordføraren. Heradet vart delt inn i teljingskrinsar, der

teljarar, oftast skulelærarar, frå 1. desember gjekk frå hus til hus og fylte ut teljingslistene (dei såkalla huslistene)

med informasjon om alle personar, til satdes og fråverande. Etter at huslistene var ferdig utfylte, sette teljaren opp ei

krinsliste over talet på personar for kvar bustad i teljingskrinsen, og så let ordføraren utarbeide ei hovudliste over talet

på personar for kvar krins innanfor heradet og dei tilhøyrande soknene.

I byane vart teljinga gjennomførd i regi av magistraten. Teljarane, for det meste skulelærarar, fekk ansvaret for kvar

sin teljingskrins. I byane vart teljinga gjort som ”sjølvteljing”, dvs. at huseigarar og leigebuarar sjølv fylte ut huslista for

heile garden/huset og familielista for den enkelte leilegheit. Teljarane si primære oppgåve var då å kontrollere, korrigere

og samle inn listene. Etter at hus- og familielistene var ferdig utfylt og samla inn, utarbeidde teljaren ei krinsliste

over talet på personar for kvar gard/hus innafor teljingskrinsen, og til sist let magistraten utarbeide ei hovudliste over

talet på personar for kvar teljingskrins i byen, og tal på personar i dei ulike sokna i byen. Utfylling og innsamling av

skipslistene vart gjort av tollvesenet sine funksjonærer i hamnane.

Folketeljinga 1910 i databehandla utgåve

Digitalarkivet sine folketeljingshefte omfattar oftast ein kommune, men nokre hefte er på grunn av størrelsen delt

opp i fleire band. Hefta inneheld ei datamaskinformatert avskrift av dei originale personlistene. Opplysningar frå

hovudlistene er berre tekne med dersom dei tilhøyrande personlistene manglar.

Først kjem ei fortløpande utlisting av bustader og personar i same rekkefølgje som i originalmaterialet. Så

følgjer alfabetiske personregister på førenamn, etternamn og fødestad, pluss eit bustadregister (gardsregister). Med

utgangspunkt i registra kan ein ved hjelp av side-, gard/gate- og nummertilvisinga gå inn i den fortløpande lista, der

ein finn komplette opplysningar frå kjelda om gardar, bruk, plassar og personar. Ein del båtar/skip i hamn i herada kan

finnast mellom bustadene.

Dataregistreringa

Materialet Digitalarkivet har frå folketeljinga 1.12.1910 er dataregistrert av Digitalarkivets registreringseiningar i

Stavanger og Voss og ved Registreringssentral for historiske data (RHD), avd. Målselv.

Folketeljingslistene er dataregistrert i skjema med faste felt. Felta tilsvarar stort sett rubrikkane i kjeldene.

5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!