12.11.2014 Views

Hospitalet 2007 Nr 6.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2007 Nr 6.pdf - Helse Bergen

Hospitalet 2007 Nr 6.pdf - Helse Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

– Det begynte med at ei barndomsvenninne

måtte gje tapt for ein sjeldan type

magekreft i ung alder. Det gjorde noko

med meg. Eg følte at eg ikkje berre kunne

sitje der. Eg måtte gjere noko som kunne

hjelpe andre til å sleppe unna kreftens

skarpe klør, seier 34-åringen alvorleg.

Tallause innsamlingsaksjonar

Ho sit med datamaskina på fanget i

resepsjonen på hotell Admiral. Ei lita

kvinne med eit stort hjarte. Ho leitar fram

heimesida og viser stolt fram fleire artiklar

om dei tallause innsamlingsaksjonane

sine. Kristine er i byen på grunn av eit

peparkakebygg. Saman med ungane har

ho laga Parkbygget med PET-senteret til

Pepperkakebyen. Senteret som ho samla

inn over 250.000 kroner til.

– Etter gravferda til venninna mi vart det

samla inn pengar til ein PET-skanner, ei

maskin som blant anna kan oppdage

kreft på eit tidleg tidspunkt. Eg ringte til

Haukeland for å spørje kva dette var for

noko. Og på den måten fekk eg høyre

om stiftinga Medisinsk Høgteknologisk

Forskningsfond, seier 34-åringen.

Frå dør til dør med muffins

Dette var våren 2004. Med uerfarne, men

ivrige skritt starta Kristine å pønske ut

kreative idear for å få samla inn pengar til

- Mange forsto ikkje kva eg dreiv og putla med i begynnelsen, men no forstår folk at

det dreier seg om innsamling til utstyr som skal kome kreftpasientar til gode, fortel

Kristine, som sjølv har nære familiemedlemmer som har hatt kreft.

denne maskina.

– Vi starta heilt i det små. Niesa og nevøen

min gjekk frå dør til dør og selde muffins.

Eg trykte opp brosjyrar om PET-skanneren

slik at folk skulle skjøne kva

det var vi samla inn pengar

Vi starta

heilt i det

små.

til. Husflidsutdanninga

til Kristine kom godt

med. Heimelaga bamsar,

dukke, klutar og stellelaken

vart sydd i seine nattetimar og seld på

marknadar og elles når anledninga baud

seg.

– Det var tungt i starten, men eg har vel

noko i meg som gjer at eg lett klarar å

”smitte” folk, for å seie det slik, smiler

Kristine. Med ei handfull medhjelparar

klarte ho å engasjere nesten halve

Kvinnherad i arbeidet med å få ein PETskanner

til Haukeland. I og med at

ho er halvt tysnesing og halvt

eidfjording, fekk ho også med seg

ein skare frå desse bygdene.

Friarbrev til ordførarar

– Vi kjøpte billige leiker, sette opp

prisen og selde dei på Varaldsøydagen,

fortel ho. I tillegg selde og distribuerte

ho plastarmbanda til stiftinga med

slagorda ”Vi er med”. Ved datamaskina

sette ho saman bilete, logo og medisinsk

informasjon om utstyret til hyggelege

plakatar. Ho skreiv friarbrev til bedrifter

som kunne ha nokre kroner å rutte med

og til alle ordførarane i Hordaland.

– På den tida hadde vi ikkje breiband, så det

vart til tider ganske høge telefonrekningar,

men det var det vel verdt, seier ho.

Om lag heile tida hennar går med. Men

tobarnsmora trivst, og jobbar litt som

ekstravakt på Varaldsøy aldersheim når det

røyner på. Og når jula nærmar seg stiller

ho opp som nisse på ulike tilstellingar.

– I år har eg kjøpt meg nytt julenissekostyme.

Eg skal vere julenisse på skuleavslutninga

til eldste dottera mi, Malin

(9).

Kristine og barna laga eit søtt eksemplar av Parkbygget med PET-senteret til

Pepperkakebyen i Bergen. Foto: Privat.

Kreft på nært hald

I tillegg er ho begynt som støttekontakt for

ei dame på Varaldsøy.

– Det er godt å sjå at ho har både nytte

og glede av meg, på same måte som det

gjer godt å gje når du veit at det du samlar

18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!