17.11.2014 Views

Test project

this is just a test.

this is just a test.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

EI REISE I TID: Øl var ein kulturdrikk for dei gamle vikingane,

og den katolske kyrkja førte vikingarven vidare før måtehald

og forbod tok over. Med industrialiseringa vaks

det fram masseproduksjon, men i dag ser ein

tendensar til at gamle bryggetradisjonar blir

omfamna av nye generasjonar.

Gudedrikk, fyll og sosial justis

Di meir du drikk,

di mindre vit

mun du i hausen hava

Orda er henta frå Håvamål, ei samling av

nedskrivne levereglar for skikk og bruk frå

mellomalderen. I fleire strofer vert det åtvara

mot å drikke for mykje. Samstundes er

det ikkje tvil om at øl hadde ein viktig plass

i samfunnet. I Gulatingslova frå 1000-talet

står det at ein fekk bot dersom ein ikkje var

med å brygge eller møtte til felles drikkelag.

I mellomalderen skulle kvinner og menn,

vaksne og born, høge og låge skåle for

helgenar og kongar.

– Det heldt ikkje berre å skåle, for rusen

vart sett på som noko guddommeleg. Var

det nokon som ikkje vart påverka kunne

det vere eit teikn på at dei sto i kontakt med

djevelen, fortel Espeland.

Etter reformasjonen var prestane meir

opptekne av å preike måtehald enn tidlegare,

men folk brygga og drakk i lag

likevel. Espeland legg til at fyll alltid har

blitt sett ned på i stabile samfunn, sjølv om

øl var ein del av fellesskapen.

– Utfordringane med alkoholen kjem

best til syne når samfunnet er i endring.

Eit døme på dette er då industrialiseringa

tok til i Noreg og folk flytta tettare saman.

Fråveret av kjende sosiale strukturar gjorde

fyll til eit synleg problem, forklarar Espeland.

Som motreaksjon vaks fråhaldsrørslene

fram på 1800-talet.

Bruker mindre pengar på mat

I eldre tider hadde dei kunnskap om råvarer,

lokale næringsressursar og ølbrygging, fordi

kvar gard meir eller mindre måtte klare

seg med det dei kunne lage og skaffe sjølve.

Trass i aukande interesse for kortreist mat

og heimebrygg, er vi fortsatt eit folkeslag

som handlar det aller meste av maten vår

hjå nokon få, store billegkjedar.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at

utgiftene våre til mat berre utgjer 11 prosent

av eit gjennomsnittleg hushald. Til

samanlikning brukte dei i etterkrigstida

nærare halvparten av løna si på mat.

Wigdis Espeland meiner at det likevel er håp:

– Til og med Rema 1000 har no fått lokal

mat i hyllene sine. Dei har skjøna at folk vil

ha det, og ser at dei kan tene pengar på det.

Så no kan bevisste forbrukarar handle

ost frå ein gard der ingen skulle tru at

nokon kunne bu, sjølv på sin lokale supermarknad.

Wigdis Espeland, etnolog emeritus, Institutt for arkeologi,

historie, kultur- og religionsvitskap, UiB.

nr.1 ▶ 2014

hubro.

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!