17.11.2014 Views

Test project

this is just a test.

this is just a test.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KULTURELL BLOMSTRING: Inspirert av opplysingstida

vaks det på seint 1700- og tidleg 1800-tal

fram ein samlingskultur blant embetsmenn og

borgarskap i Bergen. Dette hjelpte Wilhelm

Frimann Koren Christie då han skulle etablera

eit museum i Bergen. FOTO: UNIVERSITETET I BERGEN

sine område, og samla kunnskap

om geografi, historie og oldtidssaker,

seier Jordåen.

Det var viktig å ha ei samling; eit

herbarium, utstoppa dyr eller oldsaker

var vanleg i embetsmennene

sine heimar.

– Tidlegare hadde slike samlingar

vore prega av sjeldne og rare

gjenstandar, såkalla raritetskabinett

eller Wunderkammer, men utover

på 1700-talet vart det lagt større vekt

på å ha breie samlingar som spegla

naturens orden, noko særleg Carl

von Linné sin botanikk inspirerte

til, seier Jordåen.

Kartlegging og innsamling

Ein slik samlingskultur, som me

finn mange døme på i Bergen på

seint 1700- og tidleg 1800-tal, gjorde

det lettare å etablera eit museum i

Bergen. Christie hadde eit stort nettverk,

og nytta dette til å kartleggja og

samla inn gjenstandar til museet.

Ein bonde i Kvinnherad sat på eit

verdifullt manuskript, og med ein

lokal prest som mellommann fekk

Christie bytta det til seg mot ei langt

mindre verdifull moderne utgåve av

Det nye testamentet.

– Dette viser at Christie og dei

andre rundt museet hadde ein tanke

om kva dei ville visa fram i museet.

Dei brukte nettverket sitt av prestar

og andre embetsmenn ute i distrikta.

I dei første åra var det berre medlemmane

som vart inviterte til å sjå

utstillingane, fortel Jordåen.

Museet hadde opent nokre få gongar

i året. Elles fekk vitskapsmenn,

både norske og utanlandske, lov å

bruka samlingane til forskinga si.

At Christie hadde vitskaplege ambisjonar

med museet vart gjort tydeleg

gjennom Urda, eit tidsskrift som

formidla samlingane og kom med

vitskaplege bidrag.

– Eg meiner det ikkje stemmer

at museet først vart «vitskapleg»

etter 1850, slik somme hevdar. Sjølve

innsamlinga og formidlinga var i

tråd med dåtidas kunnskapsideal,

og Christie var heilt på line med sine

samtidige med sitt syn på kunnskap. I

dag har ein heilt andre tankar om kva

ein vitskapsmann er. Christie og dei

andre museumsskiparane fell gjerne

utanfor dette og blir oppfatta som

«amatørar», seier Runar Jordåen.

– Men vi kan ikkje tre våre oppfatningar

om vitskap ned over fortida.

Samlarpraksisane på byrjinga av

1800-talet slik dei kom til uttrykk i

Bergens Museum, reflekterte samtidas

syn på natur og historie. Gjennom

Urda bidrog dei òg til den vitskaplege

offentlegheita i samtida.

Fakta

Christie og Bergen Museum

• Wilhelm Frimann Koren Christie (1778–1849) gjorde karriere

som jurist, politikar, Eidsvollsmann og grunnlovsstiftar.

• For Universitetet i Bergen er namnet hans først og fremst

knytt til Bergen Museum, seinare Universitetsmuseet

i Bergen, der draumen om eit bergensk universitet byrja

og seinare vart realisert.

• Christie grunnla Bergen Museum den 25. april 1825.

• Han grunnla museet ved å invitere folk i Bergen og resten

av landet til «at træde sammen i en forening, hvis Øiemed

skal være: at tilveiebringe i Bergen et Musæum av Oldsager

og Konstsager, og et Naturaliekabinet af indenlandske

Naturalier».

• Då museet vart grunnlagt låg det i leigde lokale i den gamle

bygningen til Bergens realskole, Seminarium Fredericianum.

• Bergen Museum var, i likskap med samlingane ved

Universitetet i Oslo, eit av dei første musea i Noreg.

• Forskar Runar Jordåen arbeider for tida på biografien

Wilhelm Frimann Koren Christie – Presidenten, som skal

lanserast hausten 2014.

nr.1 ▶ 2014

hubro.

31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!