01.01.2015 Views

2008/4 - Språkrådet

2008/4 - Språkrådet

2008/4 - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Aktuelt

leiar

Samfunnsansvar

I dette nummeret fortel norskfilologen

Mona Hansen om ei undersøking

som viser at vekeblada skriv (minst)

like korrekt og god norsk som våre

store landsfemnande aviser. Dette

overraskar nok mange. For det betyr

at om foreldra tenkjer på det reint

språklege, bør dei heller gje tenåringane

Hjemmet, Norsk Ukeblad

eller Familien å lesa enn VG, Dagbladet

og Aftenposten. Etter det eg

kan sjå, er det ingen større aviser

som har fortalt lesarane sine om

undersøkinga. Argumentet kan knapt

vera at nyheita ikkje har allmenn

interesse.

Språkrådet sit ikkje på steinhard

dokumentasjon, men har teke stikkprøver.

Eg fryktar at det er ei smal

sak å dokumentera at den språklege

kvaliteten i avisene går nedover.

Framleis skriv eit mindretal framifrå.

Men dagleg er artiklar skjemde av

slett ordsans, oppsiktvekkjande slurv

og elementær språkleg kunnskapssvikt.

Nyleg las eg ei halv tabloidside

om boka til utanriksminister Støre.

Det gav fjorten minus i margen.

Ingen krev det perfekte, spørsmålet

er berre: Kor dårleg kan det bli, før

folkebølgja reiser seg

Med rette blir det snakka om den

kritiske pressa sitt samfunnsansvar.

Men bør det ikkje vera eit

samfunnsansvar å skriva norsk så

pass mønstergyldig at redaktørane

med handa på hjartet kan seia at

elevar i vidaregåande ikkje tek skade

på sin gryande norskkompetanse ved

å lesa avisene deira

Kven skal så ta tak Det første

svaret er det beste: aviseigarane.

Løysingane kostar noko, og dei

heiter korrektur og språkkunnskapar.

Ei løysing kan ein sjå heilt

bort frå (i overskodeleg framtid),

og det er retteprogrammet Tansa.

Verken publikum eller styresmakter

meiner at språket i avisene er

uvesentleg. Og journalisten Sissel

Benneche Osvold uttalte seg slik i

2005: «Avisspråket er viktig i den

forstand at det er veldig normdannende.

Det er vi som bestemmer

åssen folk snakker og skriver.»

Nordmenn les stadig meir aviser enn

dei fleste andre i verda. Difor måtte

denne leiaren handla om samfunnsansvar.

Innhald 4/2008

AKTUELT

6 Intervjuet

10 Korrekt språk i pressen – ja takk!

14 Elevar byter ut engelsk med norsk

17 Språkbrukaren

INNSIKT

18 Grunnloven – best på jord

23 Flyteknisk terminologi

26 Lyden av teikneseriar

28 Norsk teiknspråk

– eit levande minoritetsspråk

32 Uttransport – hjemreise,

tvangsretur eller deportasjon

2

SPRÅKNYTT 4/2008

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!