20.02.2015 Views

Opprydding av køyretydeponi i Flåten - Luster kommune

Opprydding av køyretydeponi i Flåten - Luster kommune

Opprydding av køyretydeponi i Flåten - Luster kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SAKSFRAMLEGG

Sakshandsamar: Inger Moe Arkiv: K23

Arkivsaksnr.: 13/324

Opprydding av køyretydeponi i Flåten

Rådmannen si tilråding:

::: Sett inn innstillingen under denne linja

Espen Flåten får støtte frå Luster kommune til fjerning av køyretydeponi i Flåten med eit

tilskot på kr 125 000,- eitthundreogtjuefemtusen. Løyvinga vert dekka av post 36001/11232

«miljøtiltak».

For tilskotet gjeld fylgjande vilkår:

• Samtlege køyrety som ikkje er i bruk, samt deler av køyrety og anna skrot innanfor og

utanfor inngjerda område skal fjernast. Det skal også ryddast langs kommunal veg som

går forbi eigedomen.

• Køyretya skal leverast godkjend mottak, farleg avfall skal leverast mottak som er

godkjend for slikt.

• Det skal leggjast fram skriftleg stadfesting på at køyretya er tekne hand om av

godkjend mottak.

I takt med at Flåten kan syna til framgang i ryddinga, og på skriftleg førespurnad, kan inntil

75 % av tilskotet utbetalast før oppryddinga er avslutta og ferdiggodkjend av kommunen.

::: Sett inn innstillingen over denne linja

... Sett inn saksutredningen under denne linja

Saksutgreiing:

Prenta vedlegg: Brev frå Luster kommune av 26.02.2013

Vedtak i sak 11/13 av plan- og forvaltningsstyret 05.02.2013. Saksframlegg og protokoll

Uprenta vedlegg:

Epostkorrespondanse

Drøftingsnotat til formannskapet, arkivsak 05/2616

Samandrag:

Luster kommune har, etter vedtak i plan- og forvaltningsstyret 05.02.2013 varsla pålegg om

opprydding av køyretydeponiet i Flåten. Eigar, Espen Flåten, er positiv til å fjerna alle dei 168

vraka, men har utfordringar knytt til kostnaden, som er berekna mellom kr 1500 og 2000 pr

køyrety, dvs minst kr 250 000.

Det store omfanget av deponiet set denne ureiningssaka i ei særstilling. Det bør takast med i

vurderinga at ein del av køyretya står på kommunal eigedom, og at deponiet er ei arv som

Flåten ikkje sjølv er skuld i. Kommunen sitt ansvar som ureiningsmynde tilseier at ein lyt

freista å finna ei løysing slik at det endeleg vert rydda opp, og rådmannen tilrår difor eit tilskot

på kr 125 000 til oppryddinga.

Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret

Fakta:

Deponiet i Flåten er ei gamal sak, som det har synt seg vanskeleg å få rydda opp i. Sist gong

saka var drøfta i eit politisk organ, var i 2005, då formannskapet tok opp til vurdering om

kommunen skulle støtta oppryddinga med eit tilskot, det vart ikkje gjort vedtak i saka.

På oppmoding frå plan- og forvaltningsstyret har rådmannen sett køyretydeponiet i Flåten på

dagsorden att. Det dreier seg mellom anna om personbilar, bussar og lastebilar, til saman 168

køyrety, og ei mengd anna skrot som har stått på eigedom gnr. 120 bnr. 1 og langs kommunal

veg ved Flåten i fleire tiår. Dei fleste står innanfor eit gjerde som no er i så dårleg forfatning at

det ikkje er til hinder for at vilt eller born kan koma inn på området. Dei fleste av køyretya er

miljøsanerte, men det er uvisst korleis tilstanden er i grunnen under deponiet.

Dei fleste køyretya stammar frå skraphandlarverksemda til tidlegare eigar, Einar Flåten, som

no er død. Barnebarnet Espen Flåten overtok eigedomen i 1992, 10-11 år gamal.

Skraphandlarverksemda er ikkje lenger i drift, og i fylgje ureiningslova § 27, fyrste ledd, er

køyretya no å sjå på som avfall. Ureiningslova set forbod mot slik oppbevaring av avfall i § 28,

med fylgjande ordlyd: «Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at

det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet. Bestemmelsen i første

punktum gjelder også skipsvrak, flyvrak og andre liknende større gjenstander. [...]». Det er

rett å nemna at Flåten har fjerna ein del køyrety dei siste åra.

Naturforvaltar hadde 10.12.2012 ei synfaring på staden saman med Flåten, og i sak 11/13 av

05.02.2013 gjorde plan- og forvaltningsstyret vedtak om å varsla pålegg om opprydding i

medhald av ureiningslova § 37. I vedtaket heiter det at pålegget fyrst skulle vedtakast dersom

kommunen ikkje mottok tilbakemelding innan 05.03.2013. Då Espen Flåten skriftleg tok

initiativ til dialog i saka i epost 18.02.2013 vart pålegget ikkje effektuert. I brev datert

26.02.2013 gjorde administrasjonen det klårt at han likevel måtte pårekna eit pålegg, og i

same brev vart det opna for at Flåten kunne leggja fram grunnlagstal for ei politisk vurdering i

høve økonomisk drahjelp.

Han har vore i kontakt med Sunde Gjenvinning og Veolia, men ingen av desse har kapasitet til

å ta heile jobben. Det beste tilbodet fekk han frå Veolia, som då plasserer ut containerar i

Flåten og hentar vraka gratis fortløpande. På denne måten slepp han utgifter til transporten,

men får arbeidet med å kappa og lasta opp vraka. Vidare demontering og sortering vert teke

hand om av Veolia.

Flåten er innstilt på å velja denne løysinga, som etter hans utrekning vil ha ein kostnad på kr

1500-2000 pr køyrety i samband med oppkapping og opplasting.

Vurdering:

Omfanget av deponiet set Flåten-saka i ei særstilling. Både talet og storleiken på køyretya

bidreg til at det er snakk om eit volum langt utanom det vanlege. Kommunen sitt ansvar som

ureiningsmynde strekkjer seg normalt til å gje og fylgja opp pålegg om å rydda, men i dette

spesielle tilfellet er det rimeleg å vurdera om det ikkje er naturleg at kommunen bidreg meir

aktivt for å få avvikla tilhøvet.

Rådmannen har forståing for at Espen Flåten hamna i eit uføre då han overtok eigedomen som

11-12 åring. I vurderinga har han lagt vekt på at Flåten ikkje sjølv er skuld i forsøplinga, og at

han syner stor vilje å ta tak i problemet, men tykkjer ein kostnad ein stad mellom kr.

252 000,- og 336 000,- er eit stort løft for ein privatperson.

Når det gjeld dei 12 køyretya som står på kommunal eigedom langs vegen, er koplinga til

Espen Flåten så svak at det er naturleg for kommunen å ta del i oppgåva økonomisk.

Alternativet er å krevja denne saka løyst av Flåten åleine, noko rådmannen er redd vil medføra

at oppryddinga dreg meir ut i tid. Det er ikkje grunn til at ei så spesiell sak som deponiet i

Flåten vil kunna skapa presedens.

Det er ingen naturomsyn som taler for å lata deponiet bli verande, jf. miljørettsprinsippa i

naturmangfaldlova §§ 8-12.

Rådmannen tilrår eit tilskot på kr 125 000. Midlane bør hentast frå budsjettposten

«miljøtiltak», og utbetalinga bør skje etterskottsvis, der minst 25 % av beløpet vert halde

attende til kommunen har godkjent oppryddinga.

Dato:

Jarle Skartun

rådmann

Steinulf Skjerdal

landbrukssjef

Særutskrift skal sendast: Espen Flåten

m/kopi til:

... Sett inn saksutredningen over denne linja

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!