06.05.2015 Views

Last ned hefte (2MB)

Last ned hefte (2MB)

Last ned hefte (2MB)

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Denne rettleiaren fokuserer på ugras som

er problematiske i eng og beite. Etablering

og oppformeiring av einskilde ugras fører

til økonomiske tap. Kulturvekstane må

konkurrere om vekseplass og næring.

Kvaliteten på fôret vil også verte forringa

med stort innslag av ugras, som med anna

kan gi smaksfeil på mjølk.

Eit anna forhold er at desse ugrasartane

i stor grad vert spreidde med frø og vind.

Areal med mykje ugras har difor ikkje berre

tyding for bonden som ikkje tek denne

ugraskampen alvorleg, men det fører også

til sterkt «smittepress» på naboareal.

Med tanke på økologiske driftsmåtar

og redusert bruk av plantevernmiddel,

vert det særleg lagt vekt på førebyggjande

tiltak.

I forskrift om produksjonstilskot i jordbruket

vert det kravd etter §3 – for å ha

rett på tilskot må føretaket drive «vanleg

jordbruksproduksjon».

Dersom eit areal har mykje ugras og

gir lita avling kan difor landbruksforvaltinga

i kommunen trekke dette arealet ut

av grunnlaget for areal– og kulturlandskapstilskotet.

Førebyggjande tiltak

Gode og effektive førebyggjande tiltak er heilt

naudsynte for å få ei god og sikker etablering av

grasattlegget. Her vert grunnlaget for engåra lagt.

Gode førebyggjande tiltak er:

1 Systematisk grøfting

1 God pløying og jordarbeiding

som legg grunnlaget for godt såbed

1 Grunn såing av såfrø, 1–2 cm djupt

1 Unngå jordpakking og køyreskader

1 Rett kalktilstand

1 Hindre frøspreiing frå med anna kantar

og fôrrestar med spiredyktige ugrasfrø

Mekaniske tiltak

Det er ingen klare økonomiske skadetersklar for

ugras i eng og beite. Målsettinga bør vere å halde

både slåtteenger og beite frie for ugras, slik at

fôrkvalitet og fôropptak vert haldne oppe. Frø

overlever betre i skorpa enn i flytande gjødsel.

Tilsetting av microkalk/biokalk kombinert med

jevnleg omrøring i gjødselkjellaren vil såleis

kunne drepe ein del ugrasfrø.

I attleggsåret er det viktig å hindre oppspiring

av ugrasfrø. Bruk av frøblandingar som etablerer

seg raskt og som har god dekkingsevne, vil

gi ugraset konkurranse. Pussing av attlegget kan

også ha god effekt mot høgvokste eittårige ugras,

men attlegget bør ikkje pussast viss det er problem

med tunrapp. I eng og beite vil det for

nokre ugrasartar vere aktuelt med handluking og

opptak med hakke eller spade. Bruk av beitepussar,

ljå eller ryddesag er også effektive reidskap i

kampen mot rotugras. Veksling mellom ulike

dyreslag på beite eller sambeiting kan halde

ugrasfloraen nede.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!