06.05.2015 Views

Last ned hefte (2MB)

Last ned hefte (2MB)

Last ned hefte (2MB)

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FYLKESMANNEN I HORDALAND

LANDBRUKSAVDELINGA

Problemugras

1

i eng og beite

HåNDBOKSERIE UTGITT AV FYLKESMANNEN I HORDALAND

I SAMARBEID MED FORSØKSRINGEN HORDALAND

Denne rettleiaren fokuserer på ugras som

er problematiske i eng og beite. Etablering

og oppformeiring av einskilde ugras fører

til økonomiske tap. Kulturvekstane må

konkurrere om vekseplass og næring.

Kvaliteten på fôret vil også verte forringa

med stort innslag av ugras, som med anna

kan gi smaksfeil på mjølk.

Eit anna forhold er at desse ugrasartane

i stor grad vert spreidde med frø og vind.

Areal med mykje ugras har difor ikkje berre

tyding for bonden som ikkje tek denne

ugraskampen alvorleg, men det fører også

til sterkt «smittepress» på naboareal.

Med tanke på økologiske driftsmåtar

og redusert bruk av plantevernmiddel,

vert det særleg lagt vekt på førebyggjande

tiltak.

I forskrift om produksjonstilskot i jordbruket

vert det kravd etter §3 – for å ha

rett på tilskot må føretaket drive «vanleg

jordbruksproduksjon».

Dersom eit areal har mykje ugras og

gir lita avling kan difor landbruksforvaltinga

i kommunen trekke dette arealet ut

av grunnlaget for areal– og kulturlandskapstilskotet.

Førebyggjande tiltak

Gode og effektive førebyggjande tiltak er heilt

naudsynte for å få ei god og sikker etablering av

grasattlegget. Her vert grunnlaget for engåra lagt.

Gode førebyggjande tiltak er:

1 Systematisk grøfting

1 God pløying og jordarbeiding

som legg grunnlaget for godt såbed

1 Grunn såing av såfrø, 1–2 cm djupt

1 Unngå jordpakking og køyreskader

1 Rett kalktilstand

1 Hindre frøspreiing frå med anna kantar

og fôrrestar med spiredyktige ugrasfrø

Mekaniske tiltak

Det er ingen klare økonomiske skadetersklar for

ugras i eng og beite. Målsettinga bør vere å halde

både slåtteenger og beite frie for ugras, slik at

fôrkvalitet og fôropptak vert haldne oppe. Frø

overlever betre i skorpa enn i flytande gjødsel.

Tilsetting av microkalk/biokalk kombinert med

jevnleg omrøring i gjødselkjellaren vil såleis

kunne drepe ein del ugrasfrø.

I attleggsåret er det viktig å hindre oppspiring

av ugrasfrø. Bruk av frøblandingar som etablerer

seg raskt og som har god dekkingsevne, vil

gi ugraset konkurranse. Pussing av attlegget kan

også ha god effekt mot høgvokste eittårige ugras,

men attlegget bør ikkje pussast viss det er problem

med tunrapp. I eng og beite vil det for

nokre ugrasartar vere aktuelt med handluking og

opptak med hakke eller spade. Bruk av beitepussar,

ljå eller ryddesag er også effektive reidskap i

kampen mot rotugras. Veksling mellom ulike

dyreslag på beite eller sambeiting kan halde

ugrasfloraen nede.

PROBLEMUGRAS I ENG OG BEITE vart først laga i 2005 av Felleskjøpet

Rogaland Agder og Fylkesmannen i Rogaland. Utgåva i 2006 er eit samarbeid

mellom Forsøksringen Hordaland og FMLA Hordaland. Forsøksringen

Hordaland har omarbeidd teksten noko med tanke på ugras som er mest

aktuelle i vårt fylke. Omtale av engsyre og geitrams er med anna bytta ut

med vassarve, sølvbunke, rome og stubbebehandling. Forsøksringane er den

største og viktigaste aktøren i fylket med omsyn til rådgjeving innan plantevern.

Rådgjevarane i Forsøksringen Hordaland utdannar gardbrukarar og

andre som treng autorisasjonsbevis for kjøp og bruk av plantevernmiddel.

Forsøksringen Hordaland testar og sertifiserer åkersprøyter, er til ei kvar tid

oppdaterte på bruk av plantevernmiddel og kan også gi råd om bekjemping

av ugras utan bruk av kjemiske middel.

Forsøksringen Hordaland: http://hordaland.lfr.no

Telefon hovudkontor: 98 24 58 30

E-post: hordaland@lfr.no

Kjemiske tiltak

I samband med fornying og ompløying av eng

kan Roundup brukast for å ta kveke, andre grasartar

og tofrøblada rotugras. Sprøyting i attleggsåret

er ofte effektivt og legg eit godt grunnlag for

redusert ugrasflora i eng. Brysomme rotugras

som blant andre høymole, tistel og lyssiv kan det

være naudsynt å sprøyte mot i engåra.

Avhengig av kor stort areal som skal behandlast

vil åkersprøyte eller flekksprøyting med ryggsprøyte

som regel gi eit godt resultat, enten før

eller etter 1. slått.

Viktig for å få eit godt resultat er uansett at sprøyteforholda

er best moglege:

1 god vekst i plantene

1 overskya, stille ver og høg luftfukt

1 minimum 3 timar opphaldsver etter sprøyting

1 temperatur over 10 ºC

På beite kan det vere aktuelt å gjerde inn dei

behandla områdene, slik at beitedyr kan nytte

resten av beitearealet uavhengig av behandlingsfristen.

Behandlingsfrist til kjemiske middel:

* = 7 dagar for dyr på beite og slått

** = 14 dagar for dyr på beite og slått

*** = 21 dagar for dyr på beite og slått

myrtistel, vegtistel, krusetistel

Cirsium palustre, Cirsium vulgare (Savi) Ten., Carduus crispus

Biologi

Toårige planter med pålerot. Formeirer og spreier seg med frø. Blomstring juli–

september. Tal frø per plante er 7 000 for myrtistel og 2 800 for vegtistel.

Utbreiing

Myrtistel likar seg best på myr og på vassjuk jord. Vegtistel veks ved vegar og grøftekantar

og likar seg best på tørr, lettare mineraljord. Førekjem også på tyngre jordartar.

Krusetistel veks helst i yngre eng, ved vegar og skog.

Mekaniske tiltak

To-årige tistlar har lite rotsystem. Fjerning av bladrosett like under jordoverflata med

hakke eller spade er effektivt. Pass på å kappe under nederste blad. Åkertistel er fleirårig

og spreier seg med stort rotsystem.

Slått av blomestengel f ør blomstring med ljå, ryddesag ol. Planta kan danne sideskot

etter tidleg slått og slått fleire gonger kan difor vere aktuelt. Ved sein slått har

planten nok næring igjen til å utvikle frø. Salt eller mineralgjødsel i bladrosetten i

tørt ver vil kunne tørke ut planten.

Kjemiske tiltak

Roundup kan brukast ved brakking og fornying av eng.

I engåra har ***MCPA med klebemiddel best effekt. Kløver kan skadast ved behandling.

Viktig med tidleg behandling når plantene er i rosett.

Myrtistel

FOTO: JC SCHOU, BIOPIX

vanleg høymole,

krusehøymole, byhøymole

Rumex longifolius, R. crispus, R. obtusifolius

Biologi

Fleirårige planter med kraftig, greina pålerot. Spreier seg med frø eller med oppdeling

av røter. Tal frø per plante er i snitt 4000-9000, flest hjå vanleg høymole og

færrast hjå krusehøymole.

Utbreiing

Veks i eng/beite over heile landet.

Mekaniske tiltak

Luking av heile planten når opplagsnæringa er minst, er mest effektivt. Dette er når

stengelen har begynt å strekke seg, men f ør blomstring (rotlausveka). Plantene sit

ofte lausare i fuktig enn tørr jord og på flo/fløande sjø. Fresing til 2-3 cm bitar vil

hindre spiring frå rotbitane. Oftare slått (3 – 4 veker mellom desse) kan også halde

høymola noko tilbake.

Høg stubbing (10–12 cm) ser ut til å svekke høymola meir enn lågare stubbing

(5– 6 cm). Små frøstenglar bør ikkje få stå i fred utover hausten. Frø som overvintrar

på planta har ikkje frøkvile og spirer lettare enn frø lagra i jord.

Seint om hausten er det berre ei effektiv rådgjerd: Fjerne alle høymolestenglar og

brenne massen etterpå. Høymolefrø har stor evne til å ettermodnast dersom plantemassen

ligg og tørkar på ei fylling.

Over: Høymole – by | Under: Høymole – vanleg

FOTO: ANE HARESTAD

Kjemiske tiltak

Når planta er 3 år startar ho å utvikle sideskot. Sprøyting av gammal plante kan såleis

tyne morplanta medan sideskota lever vidare. Gamle planter bør difor sprøytast

minst 2 år på rad.

Ved fornying av eng kan Roundup brukast i samband med brakking.

Attleggsåret: I engblandingar med kløver brukast Gratil + MPCA.

Sprøytetid: når ugraset har 2 – 4 blad. I engblandingar utan kløver er Ariane S eit

effektivt middel. Express + Starane eller klebemiddel har også god verknad.

I varig eng og beite har ikkje noko sprøytemiddel god nok verknad mot byhøymole,

men verknaden mot vanleg høymole og krushøymole er god. Sprøytemiddel med

god verknad er ***Banvel, **Mekoprop og *Starane. *Gratil og *Harmony eignar seg

best på planter yngre enn 3 år og har dårleg langtidseffekt på gamle planter. Starane

er billigast.

Beste tida å sprøyte vanleg høymole og krushøymole på er rosettstadiet f ør eller etter

1. slått. For byhøymole er beste sprøytetida på hå, helst på store rosettar.

Hundekjeks

Anthriscus sylvestris

Biologi

Fleirårig plante med pålerot. Mest frøformeiring, men også vegetativt frå siderøter.

Planta blomstrar 3. året. Etter frømodning døyr både stengel, rothals og pålerot slik

at sideskota blir frie. Tal frø per plante er 10 000.

Utbreiing

Veks i kantane av næringsrik eng og beite, vegkantar og i open skogsmark.

Mekaniske tiltak

Med slått av planter ved begynnande blomstring blir utvikling av sideskot hemma.

Slått ved full blomstring stimulerer sideskot. Reduser nitrogengjødsla på områder

med mykje hundekjeks.

Kjemisk behandling

Ved fornying av eng kan Roundup brukast i samband med brakking.

I attleggsåret utan kløver: Express + klebemiddel. Med kløver: Express + MCPA.

Varig eng/beite: *Harmony + klebemiddel har best verknad. *Gratil + klebemiddel og

**Mekoprop har også god verknad.

I varig beite: *Express+ klebemiddel. Sprøytetidspunkt på liten rosett f ør blomstring,

f ør eller etter 1. slått. Einskilde år er effekten dårleg.

Hundekjeks

FOTO: A. J. LYSHOL

Einstape

Pteridium aquilinum

Biologi

Veks som store blad frå ein enkelt stilk. Formeirer seg med rotskot og sporer.

Heile planten er giftig både for dyr og menneske. Meir enn 20% av fôret må bestå av

einstape om det skal oppstå forgifting.

Utbreiing

Veks i tørre område av lauv og barskog, i vegkantar, på beite og i gamle kulturmarker.

Mekaniske tiltak

Effektiv strategi for slått er 2 slåttar pr år i 3-4 år: 1. slått i midten av juni (rett etter at

bladene har falda seg ut). Ventar ein for lenge, vil næringsstoffa trekke ned i rota

igjen. 2. slått 6 veker etter f ørsteslått. Dersom berre ein slått pr år: i juli og minst i

4–5 år. Strølaget bør fjernast – det blir seint brote ned og hemmar gjenvekst av gras.

Kjemiske tiltak

Roundup har god verknad. *Gratil + klebemiddel skånar grasartane og kløver.

Knoppskyting frå rotstokken blir hemma året etter sprøyting, men sjølve rotstokken

vil kunne overleve og skyte nye skot frå dei kvilande knoppane 2 år etter sprøyting.

Sprøytetidspunkt når bregnene er utfalda, i juni/juli

Einstape

FOTO: GEIR GOOSEN

Engsoleie

Ranunculus acris

Biologi

Fleirårig plante med trevlerot. Berre frøformeiring. Tal frø per plante er 150–900.

Friske planter i eng og beite blir rekna som giftige for storfe, men ikkje for sau. Gifta

forsvinn ved ensilering eller høyørking. Ugunstig å få i siloslått pga bitter smak.

Krypsoleie har rotslåande stenglar og er ikkje giftig.

Utbreiing

Engsoleie trivest i svakt sur, fuktig næringsrik jord.

Mekaniske tiltak

Anna mekanisk bekjemping av engsoleie enn beiting med sau er lite aktuelt på

grunn av at plantene etablerer seg spredt på heile skiftet og ikkje i tette bestandar.

Kjemiske tiltak, engsoleie

Ved fornying av eng kan Roundup brukast i samband med brakking.

I attlegg: Express + klebemiddel.

I beite: *Express + klebemiddel (kan skade kløver).

I varig eng/beite: **Mekoprop eller ***MCPA + Mekoprop

Kjemiske tiltak, krypsoleie

I varig eng/beite:***MCPA eller ***MCPA + Mekoprop

Engsoleie

FOTO: JC SCHOU, BIOPIX

Landøyda

Senecio jacobaea

Biologi

Fleirårig plante med gruntliggande rotstokk. Spreiing og formeiring med frø. Tal frø

per plante er 2 100. Giftig for storfe og hest både fersk, tørka og ensilert.

Utbreiing

Vanleg beiteugras i kystnære strøk. Veks i gammal kultureng, beite, langs skogkantar,

vegar og grøfter. Trivest på sand, grus og moldjord.

Mekaniske tiltak

Luke eller hogge av plantene f ør frømodning. Plantene bør brennast, både med hensyn

til giftighet og frøspreiing. Beiting med sau kan vere effektivt.

Kjemiske tiltak, engsoleie

Sprøyting med *Starane eller **Mekoprop ved begynnande stengelstrekking.

Landøyda

FOTO: JC SCHOU, BIOPIX

Vassarve

Stellaria media

Biologi

Vintereittårig plante som spreier seg med frø og rotslåande stengel. Tal frø per plante

er 15 000.

Utbreiing

Trivest best i rått og kjøleg kystklima. Først og fremst plagsom i åker, men spirer lett

i blaute beite med trakkskader.

Mekaniske tiltak

Unngå hard haustbeiting, redusere beitetrakket og f ørebygge sår i plantedekket.

Kjemiske tiltak

Sprøytetidspunkt i april/mai eller august/september med Mekoprop. Det er dårleg

effekt med for sein sprøyting om våren.

I beite: *Express + klebemiddel.

I varig eng/beite: **Mekoprop evt + MCPA eller ***Banvel.

I attlegg: Express + MCPA

Vassarve

FOTO: JC SCHOU, BIOPIX

Sølvbunke

Deschampsia cespitosa

Biologi

Fleirårig plante som spreier seg berre med frø. Tal frø per

plante er 1 000.

Utbreiing

Ofte i eldre eng og beite. Likar fuktig, dårleg drenert og gjerne kalkfattig jord.

Mekaniske tiltak

Har sølvbunke f ørst teke overhand, er det vanskeleg å bekjempe mekanisk, men slått/

beiting må styrast for å unngå frøsetting. Beiting med hest er effektivt.

Kjemiske tiltak

Sprøyting med Roundup ved god vekst. Fordel å fjerne daude tuer og så i med grasfrø.

Sølvbunke

FOTO: E. FLØISTAD, BIOFORSK | T.V: JC SCHOU, BIOPIX

Lyssiv, knappsiv

Juncus effusus, J. conglomeratus

Biologi

Fleirårige planter som veks i tette tuer med sterkt greina

jordstengler. Formeiring og spreiing med frø og kort,

krypande jordstengel.

Blomeknapp veks ut frå sida av strået. Oppf øre blomeknappen er bladet. Det ser ut

som framhald av strået. Både strå og blad er trinne, runde med svampa marg inni.

Oksygen slepp ned frå dei overjordiske delane via den svampa margen slik at røtene

kan overleve i oksygenfritt miljø. Om hausten blir bladet gult lenge f ør stengelen. Tal

frø per lysskot: lyssiv 6 000 og knappsiv 4 500.

Utbreiing

Lys/knappsiv veks best på fuktig dyrka jord med høgt organisk innhald, men også

langs elver, bekkar og grøfter. Utbreiinga har auka mykje siste åra med f ørekomstar

også på tørre bakkar.

Mekaniske tiltak

Har lys/knappsiv f ørst teke overhand, er det vanskeleg å bekjempe mekanisk, men

slått/beiting må styrast for å unngå frøsetting.

Kjemiske tiltak

Sprøytetidspunkt når plantene er i god vekst, gjerne i mai/juni/juli. Gode sprøyteresultat

er også oppnådde tidlegare og seinare.

I etablert eng og beite har ***MCPA, **Mekoprop og Roundup god verknad. Det er ein

fordel å bruke klebemiddel. Ofte er det naudsynt å ta opp behandlinga året etter.

Kjemiske middel drep ikkje frøa som ligg i jorda.

Over: Lyssiv | T.h: Knappsiv

FOTO: ANE HARESTAD | FOTO: INTERNETT

Rome

Narthècium ossifragum

Biologi

Fleirårig plante som spreier seg med frø og krypande jordstenglar. Innheld gifta

saponin. Truleg er det eit samspel mellom saponin og spesifikke soppartar som utviklar

leverskader og alveld hjå lam og nyreskader hjå storfe.

Utbreiing

Sigevassmyr på kalkfattig grunn.

Tiltak

På avgrensa område kan det vere aktuelt å gjerde inn tett bestand, sprøyting med

Harmony tidleg i sesongen, kalking og fosforgjødsling.

Rome er ein vanleg beiteplante og han kan utgjere ein stor del av menyen til lam

utan at dyra får alveld. I område med alveldproblem er det gode røynsle med beiteslepp

etter Jonsok. Det er også gode røynsle med rydding av kratt og sviing. Då blir

nye område aktuelle for beiting, det kan vekse opp meir av anna vegetasjon og vilkår

for sopp kan bli dårlegare.

Over: Rome om sommaren | Under: Rome om vinteren

FOTO: H. SJURSEN, BIOFORSK | FOTO: ANE HARESTAD

Stubbebehandling av lauvtre

Biologi

Etter rydding av lauvtre, blir danning av nye skot frå stubben og røtene stimulert.

Mekaniske tiltak

Med stort nok beitepress kan ein halde nye skot nede, men or kan vere vanskeleg.

Snauhogst gir meir lys og stimulerer til fleire og kraftigare skot enn dersom ryddinga

blir gjort over lengre tid og nokre tre står att. Ringbarking kan gjerast heile året.

Først 24 månader etter ringbarking kan treet fellast. Då er treet og rota daudt og

kvaliteten til ved og anna virke er dårleg.

Kjemiske tiltak

Stubbebehandling innan 8 timar etter hogst med Roundup blanda med vatn 1:3. For

å sikre at Roundup har verknad og ikkje frys når det er frost, må han blandast med

frostvæske.

Stubben kan sprøytast heile året med unntak av april/mai når sevja stig. Fargestoffet

“Blå Markeringsfarge” lettar gjerne arbeidet. Blir stubben gammal, må det skjerast av

2-3 cm for å komme ned til frisk ved.

Selje og osp har felles rotsystem. Stubbebehandling av desse vil kunne drepe fleire

enn dei behandla trea.

Over: Lauvkratt | Under: Stubbeskot

FOTO: ANE HARESTAD

Utgivar: Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Forsøksringen Hordaland

Manus: Gunvald Frøvik, Felleskjøpet Rogaland Agder, tlf. 51 88 73 64

Arne Jostein Lyshol FMLA Rogaland, tlf. 51 56 89 88

Omarbeiding i 2006 ved Ane Harestad,

Forsøksringen Hordaland, tlf. 98 24 58 33

http://hordaland.lfr.no

Layout: GoosenHolcroft

Trykk: Grafisk Team – Bergen

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!