Beitebruk - Norsk Landbruksrådgiving Hordaland
Beitebruk - Norsk Landbruksrådgiving Hordaland
Beitebruk - Norsk Landbruksrådgiving Hordaland
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Typisk landskap i ei bygd i Hordaland.

Nokre bruk er nedlagde og fungerer

som barrierar i landskapet (C). Dette

går ut over dei gardsbruka som framleis

har husdyr, og vi får eit oppdelt

landskapsbilete. Den dårlege økonomien

i husdyrhaldet og vanskelege driftstilhøve

gjer at dei attverande bøndene

vurderer å leggje ned.

Tenkt situasjon der bøndene A og D har

fått langsiktige avtalar om drift med B

og C. Dei to aktive gardsbruka (A og D)

har gått saman om nye gjerde og rydding

av skog på innmarksbeite. Dei får

og nytta skogen som ligg høgare oppe

i lia. Gjennom forenkla drift og god

utnytting av beiteressursane er driftsresultatet

betra, og vi får eit ope og variert

landskapsbilete.

Landskap er eit miljøgode

Kulturlandskapet er ein kvalitet

som samfunnet set pris på

Vi meiner at landskap, miljøvenlege driftsformer og

regionale produkt vil marknadsføre kvarandre, og styrke

næringa si inntening. Landskap kan difor reknast som

eit produkt innan landbruks- og miljøvernpolitikk.

Tenkt situasjon der dei attverande bøndene

har slutta med husdyr. Skogen

veks til og dominerer i aukande grad.

Vi får eit lukka landskapsbilete.

7