13.05.2015 Views

Engelsk tentamen 8. klasse haust 2011 - Minskole.no

Engelsk tentamen 8. klasse haust 2011 - Minskole.no

Engelsk tentamen 8. klasse haust 2011 - Minskole.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Engelsk tentamen 8. klasse haust 2011

Korleis skal eg førebu meg til tentamen?

På s. 201-210 finn du mini-grammatikk. Der finn du både reglar og døme som viser

bruk av reglane!

På s. 211-219 finn du «Writing Guidelines», kva du skal ha med når du skal skrive eit

avsnitt, ein oppsummering eller di meining om ei sak. Det står korleis du skal byggje

opp ei forteljing, kva ei god innleiing og avslutning bør innehalde.

Det som kanskje er mest viktig for elevane i morgon er:

1. s. 190-195 om verb: presens, preteritum, presens perfektum med døme på kvar)

2. s. 198-199: pronomen

3. s. 204-206: preposisjonar (med døme på korleis dei brukast)

4. s. 206-210: bøying av sterke verb (uregelrette verb), dei som ikkje tar «-ed» i

preteritumsform.

Døme på sterke verb (uregelrette verb):

infinitiv presens preteritum presens perfektum

to buy buy/buys bought have/has bought

to see see/sees saw have/has seen

5. Døme på regelrette verb:

infinitiv presens preteritum presens perfektum

to jump jump/jumps jumped have/has jumped

to talk talk/talks talked have/has talked

NB! Regelrette verb står ikkje på s. 206-210.

Tentamen består av Part A og Part B. Svara til Part A skal vere på 2 avsnitt. Det er

ofte lurt å skrive korleis ein har jobba med teksten (bilete, overskrift, skumlesing,

tankekart osv.) Hugs at eit avsnitt er meir enn ein eller to setningar!

Part B krev eit lengre svar. Det er i grunnen ei stil oppgåve. Hugs at teksten skal ha ei

tydeleg innleiing, hovuddel og konklusjon.

Eleven har 5,5 timer til disposisjon. Det heiter at ingen får lov til å gå før kl. 12:00.

Sjølv meiner eg at ingen bør gå kl. 12:00 heller. I motsetjing til norsk tentamen der

eleven kanskje fokuserer meir på innhald, må nok dei fleste bruke ordbok og minigrammatikken

ganske mykje for å få til ein best mogleg tekst. Alle hjelpemiddel er

tillat: tekstbok, ordbok (ta med viss du har ei heime ellers får du låne på skulen) og

eit ark med stikkord, notata, kor du finn informasjon i TB, tankekart osv.

snu arket

Det er veldig lurt å bruke ein del tid (då tenkjer eg timer – fleirtal) til å førebu seg

til prøven i morgon. Set strek under det du meiner er det viktigaste i teksten. Skriv

stikkord, lag tankekart, kva du veit frå før om temaet i teksten/tekstane.

Hugs å dele teksten opp i avsnitt. Det vert trekk viss ikkje.

Absolutt ingen skal ha skrivefeil på ordet «with»!

Lukke til med førebuinga og prøven!

Carol, Berit Marie og Laila

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!