28.11.2012 Views

Årebrot - Flora kommune

Årebrot - Flora kommune

Årebrot - Flora kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Eit Sogn og Fjordane i miniatyr

“Bremanger Kommune er den kommunen

som hyser dei mest karakteristiske trekka

ved Sogn og Fjordane. Her finn du det

nakne kystlandskapet, fjordlandskapet med

eit belte av kulturlandskap under skoglier

og høgfjell, med isbre og fossefall"

sitat frå boka "På

Kyrkjeferd i

Sogn og Fjordane".

Så tek vi

kanskje ikkje

munnen for full

når vi karakteriserer

kommunen som eit Sogn og

Fjordane i miniatyr. Bremanger har Nord

Europas høgaste sjøklippe, Hornelen,

Noregs vestlegaste bre, Ålfotbreen og eit av

Nord Europas største helleristningsfelt,

Vingen og i Skatestraumen har det budd

folk i 8000 år.

Årebrot - Botnane

Årebrot, med tronge sund og lune vikar er som ein

sørlandsidyll. Småbruka er omkransa av kystfuruskog.

Etter kvart som ein kjem nordover mot

Botnane finn ein det opne kystlandskapet, med eit

belte av kulturlandskap under steinurer og skoglier.

Fjæra ligg innbydande med rullesteinar, små berg

og sandstrand, med utsikt til den særmerka

Kinnaklova i sør og Hornelen i nord. På Botnane sine

akslar, Sørbotten og Nordbotten, finn du store gravrøysar

frå bronsealderen, ca 3000 år gamle.

Menneska

Fiskarbonden er eit omgrep som passar godt i bygdene

her. På 1920-30 talet var det stort torskefiske

i område og fleire gjekk saman om båt og bruk.

Seinare var det sildefiske med høgdepunkt på 1950

talet som gav det meste av inntekter til folk rundt

Fiskelukke i Botnane. Foto Rune Nordbottn

Bremanger - Flora

Botnane - Årebrot

Parti frå løypa, legg merkje til dei flotte kontrastane i landskapet og dei særmerkte fjellformasjonane som er

eineståande for fastlands-bremanger. Foto: Jacqline Manmaart

Frøysjøen. Folk levde av fiske, og utnytta det dei

kunne av jorda, nok til eige bruk. Om det var lite

jord, hadde ein nok til å fore nokre kyr, geiter og

sauer. Berre nokre bruk var store nok til å ha hest.

I eldre tider var jakt viktigare enn jordbruk, og hjorten

har såleis alltid spelt ei rolle. Det ser ein i helleristingane

i Vingen. Framleis er naturresursane grunnlaget

for arbeidsplassane i bygdene, men fiske og

jordbruk har ein gradvis mindre plass av sysselsettinga.

I staden har smolt, matfisk og båtverkstad tatt

over, og no kjem steinindustrien.

Løypa - ein flott sykkeltur

Sykkelturen går langs vegen i 18 km med usikt til

sjøen heile vegen. Det er gode sjansar å få sjå hjort

eller andre dyr. Blant næringsfattig sandstein skjuler

det seg små område med rikt planteliv og er du heldig

finn du edelsteinen Jaspis. Du fer forbi Årebrot

skule, Uradalen med DNT løype til Grytadalen, Ura

ved den nedlagde gamleskulen, Seljestokken båtverkstad

med Noreg vestlegaste bygningar på fastlandet.

Vidare forbi eit 20-tals gravrøyser, Husefest,

Opnarhella, det vestlegaste punkt på fastlandet,

badestranda i Sørbotten, gravplass og den gamle

kommunale kaia. Turen går vidare forbi Botnane

Grendahus i Øvrebotten der det er Søndagskafe frå

kl 16-18. 1. søndag i månaden, Nordbotten hytteutleige,

Sletta og til Skudalen. I Nøre røysa kan ein sjå

gravkammeret. På vegen kan du gå avstikkarar på

skogsvegar eller andre stiar i terrenget. Du kan leige

båt med /utan førar etter avtale.

Vengane - øyane vest for Botnane

På Vengane, øyane vest for Botnane, budde det folk

for 200 år sidan. Forutan fiske og litt jordbruk tok

Zakariassen ”bompengar” av dei som reiste forbi.

Heilt fram til etter 2. verdskrig vart graset slått og

frakta med båt til land. I dag vert Vengane brukt til

sauebeite. No er område verna fuglereservat med

ilandstignings forbod frå 15.04-31.07. På langevengen

står eit stort sjømerke, bygt av stein. Under

krigen vart det skote hol i merke på toppen, og det

står framleis og vitnar om hendinga. Gjennom åra

har mange båtar “gløymt” at leia svingar her, og det

har ført til ein del grunnstøytingar. Mest tragisk gjekk

det med hurtigbåten som gjekk på stabbesteinen på

innsida av søre skjeret, der ein mann mista livet for

nokre år sidan.

Stein - i alle tider ein viktig resurs

Årebrot og Botnane ligg i ytterkanten av det største

feltet med Devonsk sandstein i Noreg, som vart

danna for ca. 800 mill år sidan. Det har gjeve land-

Årebrot - Botnane

Fasilitetar og

opplevingar:

Hytteutleige / Rorbu

Badestrand

Kulturminne

Over sjø og land, frå kaien i Villevik i Årebrot.

Foto: Eva Liseth

skapet dei karakteristiske hylleformasjonane som

gjer område spesielt i Noreg. Nord for Botnane tok

dei ut heller og la på taka under torva, i staden for

never. Steinavfall etter verksemda har barn bygt ein

båt av som du ser like ved vegen. På Årebrot er det

tatt ut blokkstein til kaia på Flora hamn. No er steinen

ettertrakta på kontinentet og i Seljestokken er

det starta steinbrot med knuseverk og kai for eksport

av stein til å blande i asfalt. Langs vegen kan du

fleire stader sjå fundamentet, murar av naturstein,

frå den første telefonlina som var bygt i Sogn og

Fjordane i 1905. Lina gjekk mellom Florø og Måløy.

Havet har lagt att mange moreneryggar av småstein

godt synleg frå vegen. Delar av vegen i Botnane ligg

på moreneryggane. Steinen var til ulempe i jordbruket,

men vart rydda vekk og samstundes laga dei

steingjerder mellom bruka, beita og innmark.

Sjøen

Sjøen har alltid vore livs- og ferdselsvegen. Frøysjøen

kunne være lunefull og hard, så mange har mista

livet i ulykker. Det finnest knapt ein familie som ikkje

Grendehuset er ein viktig samlingsplass for bygda, her

er kafe ein søndag i månaden og leikeplass for barn.

vart ramma av drukningsulykker. I 1899 vart det oppretta

gravplass i bygda. Forlis førte også til at den første

som vart gravlagt var ein svenske som stranda

her. Fisken vart levert i Kalvåg. Der handla dei med

seg varer hos handelsmannen før dei reiste heimatt.

Det har såleis aldri vore butikk på stranda. Seterhus

hadde dei heller ikkje. Dei brukte fjellet og gjekk tilfjells

for å mjølka kyrne om sommaren og bar mjølka

med seg heim att. Turen kunne ta opptil 2-3 timar,

då måtte tida nyttast, det vart spøta mange sokkepar

medan dei gjekk etter dyra.

Flypioneren Thor Solberg

Pioneren kjem frå småbruket Solberg. Som vaksen

reiste Solberg til Amerika etter råd frå venen Roald

Amundsen, og i 1935 gjennomførde han den første

atlanterhavsflyginga USA - Noreg med amfibieflyet

“Leiv Eiriksson”. Thor Solberg starta flyskule i USA

og bygde eigen flyplass ved New York. Under andre

verdskrig utdanna han over 2000 krigsflygarar.

I Norge starta Solberg på 1930-talet eige flyselskap,

"Solbergfly", som mellom anna dreiv rutetrafikk på

Vestlandet. I 1957 starta han flyskule på Jarlsberg flyplass

i Vestfold. I 1939 gav Solberg ut “Med Norge

som mål”, der han fortel om pionérturen over

Atlanterhavet.

Kommunikasjon

Det går båt frå Florø til Villevika. Du kan og kome hit

med buss, men enklast med bil langs Riksveg 614 frå

nord eller sør, ta av på fylkesveg 577 til Botnane.

Med bil ca.1 time frå Florø og 45 min frå Svelgen. Til

Florø kan du kome med fly, båt, buss eller bil.

ALLEMANNRETTEN GJELD I UTMARK

Rettar:

• Ferdast fritt til fots og på ski

• Raste og overnatte

• Ri eller sykle på stiar og vegar

• Ferdast fritt i båt, fortøye og gå i land i

utmark langs kysten

• Plukke bær, sopp og blomar

• Bade i sjø, vatten og vassdrag

• Fiske med sportsfiskereiskap etter saltvassfisk

NB

Turistinformasjon:

Tlf. 57 79 37 50

visitbremanger.no

Bremanger Kommune

Tlf. 57 79 63 00

I eldre tider var jakt viktigare enn jordbruk,

og hjorten har såleis alltid spelt ei rolle.

Foto: Alja Manmaart

Tekst: Rune

Nordbotten

Kart: Ugland IT Group

Formgjeving:

eko Førde

Jonsokaftan i Kassensvika.

Foto:Elisabeth R. Norbotn

Flypioneren Thor Solberg.

Foto: Privat eige, Greta Belinda Solberg

Plikter:

• Ikkje skade naturmiljøet eller uroe dyr og

fuglar

• Ikkje gå i dyrka mark og eng

• Ikkje gjere opp eld i skog og mark mellom

15. april og 15. september

• Hundar skal vere i band på offentleg veg

eller i naturen. I Bremanger Kommune er det

bandtvang for hund heile året.

Rydd etter deg og ta avfallet med heim. Lag ikkje bål på bart fjell. Vern om kulturminna. Ferdsel i

utmark er på eige ansvar. Ta særleg omsyn i hjortejakta. Ilandstignings forbod Vengane fuglereservat

frå 15.04 - 31.07.

Bremanger

Kommune

Nordsjøløypa

North Sea trail er eit samarbeid

for vern av Nordsjøregionen

sin felles kulturarv

som kommunikasjon

og transportåre.

Supported by Interreg IIIB

North Sea Programme.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!