12.07.2015 Views

FM - Statsbygg

FM - Statsbygg

FM - Statsbygg

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KunstprosjektetUnder grunnsteinsnedlegginga for nye Gulating 28. august 2009 la justisminister Knut Storberget vekt på ord som”tilgjenge” og ”openheit”. Og nye Gulating er blitt eit signalbygg med låg terskel og opne rom som tydeleggjermoderniseringa og endringane innanfor domstolen. Desse endringane blir òg synlege i to omfattande kunstprosjektutførte av to sentrale kvinnelege kunstnarar, britisk-amerikanske Sarah Morris og norske Marte Johnslien.På Gulatingplassen, framfor det nye bygget, har Marte Johnslien(f. 1977) utforma ein frittståande skulptur med spesiell tanke påfunksjonen til bygget, arkitekturen og korleis plassen er plassert ibyrommet. Utgangspunktet for skulpturen Blindfold er Justisia,den romerske gudinna med augebind som gjerne representereridealet om ei objektiv rettferd. Johnsliens intensjon med prosjekteter å vende lys mot og materialisere kompleksiteten i funksjonenGulating lagmannsrett har. Assosiasjonane til augebindet og evnavår til å sjå kan vi slik ane i dei opna og lukka flatene til skulpturen.Skulpturen er sett saman av 15 trekantar som vrir seg rundt sineigen akse. Samla utgjer lengda 15,5 meter, og høgda på dei ståandetrekantane er 2 meter. Tre av trekantane har plater i børstastål, tre har tovegs spegel, men dei ni siste trekantane er opnerammer. Slik endrar verket uttrykk etter som betraktaren bevegerseg over plassen og rundt dei opne og lukka arkitektoniske strukturanetil skulpturen.Gjennom eit breitt sett av kunstnariske strategiar er Johnslienoppteken av å utforske historia og forståinga vi har av erfaringarfrå fortida i ulike samfunnskontekstar. Referansane til den minimalistiskeestetikken i etterkrigstida er mange, eksempelvis glaspaviljonganetil Dan Graham og metallskulpturane til RichardSerra.Den internasjonalt anerkjende kunstnaren Sarah Morris (f. 1965)har sidan slutten av 1990-talet utvikla stadspesifikke veggarbeidog filminstallasjonar for fleire internasjonale kunstinstitusjonar,men dette er det første kunstprosjekt hennar i Noreg. VeggmålerietJudicial-Non-Tesselation er utvikla spesielt for den sentrale fondveggeni vrimlehallen og vil møte besøkjande så snart dei er inne iGulating-bygningen. Måleriet er 31 meter langt og strekkjer segfrå kaféområdet ut mot Rådhuset og inn mot rettssalane i motsettende, gjennom dei opne og meir lukka sonene i bygget. Som tittelenymtar om, er det konseptuelle utgangspunktet til Morrishenta frå endringane i funksjonen bygget har som dømmandeinstans. Ifølgje Morris viser fargane og formene til Gulating-bygningensom stad for motstridande psykologiar, nærmare bestemtdei motstridande eller til tider samanfallande interessene til partane.Det fargesprakande og glansfulle måleriet tilfører det monumentalebygget ein leiken og tvitydig energi som blir forsterkagjennom det dynamiske samspelet i dei abstrakte formene. Slikminner kunstverket oss om at ingenting er statisk og eintydig, meni konstant rørsle og endring.Den kunstnariske metoden til Morris er kjenneteikna av kompleksegeometriske abstraksjonar som blir bilete på maktstrukturar,gøymde under overflata i dei kvardagslege og urbane omgivnadenetil mennesket. Gjennom ei medviten vektlegging av fargeintensitetenog den glossy overflata i måleria blir ei urban oppleving derein uendeleg straum av teikn og symbol treffer oss i korte glimt,kommunisert.22Ferdigmelding nr. 702/2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!