12.07.2015 Views

Nashornet 2008

Nashornet 2008

Nashornet 2008

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Linjer av kulturhistorieLokalbyggeskikk i nydraktBiletvevar Else MoeSchmidt finn inspirasjonblant dei enkleog stolte uteløene.No vert det utstillingpå Ryfylkemuseet.Ryfylkemuseet ynskjer å setje fokus på den tradisjonsrikebyggekunsten stavkonstruksjon.Grete Holmboe ved Ryfylkemuseet visertil at Stavanger<strong>2008</strong> – prosjektetStavkonstruksjon skal synleggjere dengamle byggeskikken og legge til rettefor at ein kan føre tradisjonen vidare.- Stavkonstruksjon eller grindkonstruksjonsom det også vert kalla finn ein spor etter 4000år attende i tid. Det er ein viktig del av vår lokalebygningsarv, og framleis er det nokon som kanteknikken, seier ho.Rekonstruerer naustProsjektet starta opp i fjor med Steinar Moldalfrå Senter for bygdekultur som instruktør i behandlingav tømmer på rot som vart ringbarka ogflettbarka. Og tidlegare i år starta ein opp kurs pågarden til Ole Martin Eikeland på Ritlandsnesetmed ein rekonstruksjon av det tidlegare naustetved Kolbeinstveit i Suldal. Om lag 30 interessertedeltok under opplæringskurset der handverkarKjell Solheim frå Jelsa var instruktør i øksing avvirke og tilhogging av sjølve naustet.Bygdetunet Kolbeinstveit er ein del av Ryfylkemuseet.Eit bilete frå garden i 1887 som viserdet tidlegare naustet har i tillegg til intervju ogstudering av liknande bygg gitt inspirasjon til rekonstruksjonen.- Me har ein gamal kyrkjebåt som det skal blikjekt å få naust til. Det har også vore ein del avlangtidsplanen vår, seier Holmboe.Ludvig Vea som er lærar på byggteknikk vedHaugland videregående skole er ein av dei som harmeldt seg på kurset for å lære handverket. Hanmeiner det har ein stor verdi å lære ein byggeskikkmed så lang tradisjon.- Dette er også noko me vil bruke på skulen oglære vidare til elevane våre, meiner han.Formidlar tradisjonEit stavbygd hus er eit enkelt reisverk der to stavar,som vert bundne saman av ei slinder, utgjer eit reis.For å få eit hus må ein ha minst to reis som vertbundne saman i lengderetning av stavlegjet somigjen vert felt ned i stavøyre. Tradisjonelt haddedei stavbygde husa sperretak der sperrene kviler påstavlegja. Stavteknikken var den vanlegaste byggemåtenfor uthus på vestlandet etter at ein toktil å lafte stovehusa. Dei aller fleste eldre uthusa ivårt område er bygde på denne måten.Målgruppa for arbeidet til Ryfylkemuseet erhandverkarar, skogeigarar, elevar ved vidaregåandeskule, arkitektar og eigarar og forvaltarar avstavbygde hus.- Det er viktig for oss å formidle kunnskapenvidare. Det er faktisk firma på Haugalandet somhar sendt fleire tilsette til kurset for at dei skalfå påfyll og inspirasjon, det er kjekt, seier GreteHolmboe som også viser til at arbeidet er sosialtog miljøskapande.Vidare i prosjektet skal ein presentere utstillingaKunst i stav og stav i kunst på Ryfylkemuseeti sommar. Til hausten vert det også seminar derein fokuserer på stavkonstruksjon som bygningstradisjonog ikkje minst om byggeskikken har eiframtid. Då skal ein også reise naustet på dei gamletuftene på Kolbeinstveit.Set i stand LågabruaSamstundes som ein rekonstruerer naustet på Kolbeinstveithar ein også sett i gang arbeidet med åsetje i stand den gamle Lågabrua i Suldal. Lågabruaer verneverdig og inngår i Nasjonal Verneplanfor 2002. Steinar Moldal skal drive arbeidetmed brua og håpar no å samle ein del ressurspersonartil prosjektet. Planen er at brua skal stå ferdigom eit års tid.Judith Sørhus LitlehamarFoto: Jan NordtveitDet er blitt mange turar til hyttapå Kjetilstad i Suldal. For tekstilkunstnarElse Moe Schmidtfrå Stavanger er det her inspirasjonener sterkast. Her vandrar ho mellomdei gamle uteløene som er blitt grunnlagetfor utstillinga Kunst i stav og stav i kunst.Ho har latt seg fascinere av dei sterke linjenei bygningane og kulturhistoria som siti veggene. Ho observerer, fotograferer ogteiknar. Og i hytta tek ho i bruk veven somstår sentralt plassert midt i stova. Prosessenfram til det ferdige biletet er lang og tidkrevjande.For Else Moe Schmidt er likevelnoko av det viktigaste at bileta hennar uttrykkernoko.- Eg er så glad i desse gamle løene somikkje så mange ser verdien i lenger. Dei stolteuteløene, dei gamle husmannsplassane derein berre kan sitje i løeveggen og tenkje. Deikan og vere målet for ein tur. Slike byggverker viktige i skattekista, og eksotiske for turistar,seier kunstnaren.Det er uteløer i Kjetilstad – og Kvilldalsdalensom er grunnlaget for biletserien.Samstemte fargarBileta hennar er abstrakte. Likevel er løenemed dei rette linjene av vegger og tak tydelege.Og det er det enkle reisverket i bygninganesom pregar kunstuttrykket hennar. Farganegult, oransje, blått og ulike gråtonar gåratt og skaper ein heilskap i biletserien.- For mange fargar ville blitt rotete ogmasete. Eg ville ha rolege fargar som kunnegi ein ro i uteløeserien, seier ho og visertil plantefarginga av garnet som ein viktigdel av vevinga. Det er ein gamal vitenskapsom gir dette prosjektet ei ekstra meining,seier ho.Ho viser fram eit spekter av gulfargar.- Eg bruker fargar frå Suldalsnaturen,men og kjøpefargar fordi Suldalsfargane ikkjegir veldig varme eller veldig kalde gulefargar. Til dette bruker eg safran og fargeresede.Det viktigaste er at fargane alltid erdei mest lyssterke.- Plantefargane er ikkje så reine som deikjemiske. Dei utfyller kvarandre betre ogskaper eit heilt eige lys over teppa, ein eigendimensjon, meiner ho.Før farga ho den fargen ho fant, no fargarho den ho vil ha.I eit av bileta har ho også vevd inn linerav Kolbein Falkeid sine dikt for å bygge oppunder bodskapen om fortid og nåtid. I eitanna har ho teke tak i gamle ord og uttrykkfrå stavkonstruksjonen for å setje bileta inni ein større samanheng.- Eg tenkte eg også ville ha eit skriftleguttrykk i bileta. Me blir fattige dersomdenne kulturarven forsvinn.Kunst i stav og stav i kunstHo har bakgrunn som biletvevar og arbeideri dag også som formgivingslærar vedBergeland videregående skole i Stavanger.Interessa for kulturhistorie, kunst og plantefargingligg som eit bakteppe i livet hennar,og førte også familien til eit hytteliv i Suldal.Etter mange år tok ho opp att biletvevingaog vart inspirert av den gamle byggeskikkenstavkonstruksjon. Ho fotograferte uteløer påLiastøl, Eivindstøl og Steinstøl. Fotografiavart til skisser, som igjen vart til biletkunst.Etter kvart fekk ho kontakt med Ryfylkemuseetsom gjerne ville ha henne med i Stavanger<strong>2008</strong>– prosjektet Stavkonstruksjon.Utstillinga Kunst i stav og stav i kunst opnarpå Ryfylkemuseet 6. juni. Under opninga vilogså Kolbein Falkeid bidra med eigne diktog Nils Økland opptrer på hardingfele.Tekst og foto: Judith Sørhus Litlehamar28 29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!