18.04.2016 Views

HNI Årsmelding 2016

Årsrapport 2016 for Haram Næring og Innovasjonsforum

Årsrapport 2016 for Haram Næring og Innovasjonsforum

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Samarbeidspartar

Medlemsbedriftene er vår viktigaste samarbeidspart. Vi er opptatt av å ha kontakt

gjennom besøk og lokale møte. Vi vil ha saker frå bedriftene som vi kan gjere noko med.

Haram kommune

Vi har samarbeidsavtale som sikrar at forumet arbeider med næringssaker i følgje kommunens strategiplan. Vi arbeider

med samarbeid skule næringsliv og entreprenørskap saman med grunnskulen. Ordførar Vebjørn Krogsæter har vore

medlem i styret sidan kommunevalet i 2015.

Haram vidaregåande skule

I 20 år har vi arbeidd saman med HVS for å styrke skulen sitt næringslivssamarbeid. Tekniske Almenne Fag (TAF) er

det mest kjende resultatet av samarbeidet. Fagopplæring, internasjonalisering, entreprenørskap og realfag/teknologi

er prioriterte område for samarbeid. Vi arbeider saman med skulen om deltaking frå kommune og bedrifter i skulen sitt

strategiarbeid. Målet er å skape ein skule med relevante utdanningsprogram med kvalitet i opplæringa.

Opplæringskontoret i Haram

Vi samarbeider med OK Haram om rekruttering til yrkesfag, og vi har felles interesse i å engasjere oss for ein sterk

vidaregåande skule i Haram. Vi har aktivitet som involverer både bedrift, lærarar og elevar for å synleggjere mulegheitene

i næringslivet i Haram. Bedriftene skal vere ein god læringsarena for ungdom.

Ålesund Kunnskapspark – ÅKP

Industriinkubator Nordre Sunnmøre er ein ressurs for ideutvikling og bedriftsutvikling for gründerar og etablerte bedrifter.

Særleg idear og bedrifter med vekstpotensiale er aktuelle. Vi samarbeider om Haramskonferansen. Ordninga med

industriinkubator tok slutt juni 2016.

NTNU i Ålesund

Vi har samarbeidd med NTNU i Ålesund i prosjekt og med Haramskonferansen. Guttorm Ulla var medlem av styret fram

til 01.01.2017. Frå 01.01.2016 er HiÅ fusjonert med NTNU, og heiter no NTNU i Ålesund.

Møre og Romsdal Fylkeskommune

Fylkeskommunen har fleire satsingsfelt som er samanfallande med våre. Difor har vi hatt prosjekt der fylkeskommunen

har vore medfinansiør. Dette gjeld særleg i tema knytt til innvandring. Vi har og eit avtalefesta samarbeid med Hoppid.

no og Ungt Entreprenørskap om entreprenørskap og gründerverksemd.

Næringsforeningen Ålesundsregionen, MAFOSS, Maritim Forening Nordvest og NHO

Dette er og aktørar vi har godt samarbeid med om rekruttering og andre felles saker som gjeld utvikling i regionen.

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!