28.02.2018 Views

bv0818

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FAGLEG FRISKARE KYR GIR GLAD BONDE

Den store stygge ulven:

Overskot av kalium i grovfôret

aukar faren for mjølkefeber.

Unngå storfegjødsel på sinkubeiter

og på gras som skal bli sinkufôr.

Sjekk pH i urin før kalving.

Gjer tiltak om nødvendig.

Subklinisk ketose - rota til alt vondt

Ein fôrrasjon med mykje kraftfôr og lite

fiber seinkar pH i vomma og aukar risikoen

for subklinisk ketose og sur vom.

Desse tilfella er ikkje enkle å oppdage,

men er truleg svært vanleg i mange norske

fjøs.

– Kua er verken sjuk eller frisk, men

det går litt på magekjensla. Kua mjølker

mindre enn venta og har ofte fleire omløp,

seier Steen.

Kua er spesielt utsett for subklinisk

ketose i perioden etter kalving, då ho er i

negativ energibalanse. Er du i tvil kan det

vere lurt å gi energitilskot.

Steen hadde med seg nokre strips

som måler innhald av ketonlegemer i

mjølka. Eit høgt nivå indikerer subklinisk

ketose.

– Målinga må gjerast 3-14 dagar etter

kalving. Ved utslag, må kua få energibalanse

eller tilsvarande preparat, i tre til

fem dagar. Dersom du får utslag hjå opp

mot 40 prosent av kyrne kan det vere lurt

å vurdere fôrrasjonen, seier Steen.

Mjølkefeber

For somme bønder er mjølkefeber mest

ikkje eksisterande. I andre besetningar

er det eit stort problem. Mjølkefeber

skuldast kalsiummangel i blodet. Sjukdommen

er dødeleg om den ikkje vert

behandla av dyrlege.

Etter kalving går det eit par dagar før

tarmcellene som sug opp kalsium vert

aktivert. Samstundes mobiliserer kua

store mengder kalsium som renn ut med

mjølka.

– Det er ei utfordring. Me må rett og

slett lure kua og vekke til live desse tarmcellene

slik at dei er aktive når kua kalvar.

For å klare det, og førebygge mjølkefeber,

må pH i urinen senkast frå over

åtte, som er normalverdien, til under sju.

I praksis betyr det å seinke DCAD-verdien

i fôrrasjonen.

DCAD (Dietær kation anion differanse)

er differansen mellom summen av dei

positive kationa natrium (Na + ) og kalium

(K + ), og dei negative aniona klor (Cl - ) og

svovel (S 2- ), målt i milliekvivalentar per kg

tørrstoff (mEq/kg ts).

– Når me kjenner innhald av desse

fire iona i eit fôrmiddel, er me i stand til å

rekne ut ein DCAD-verdi for fôrmiddelet,

seier Steen, og åtvarar samstundes mot

seljarar som byr på enkle løysingar.

– Ikkje bli lurt. Bruk kalkulatoren,

rekne ut DCAD-verdien og kontroller om

informasjonen stemmer, rådar Steen.

DCAD-verdiar i vanleg produksjonsfôr

ligg mellom 200 og 350 mEq/kg ts. Sinkufôr

bør ligge mellom -100 og -150 i perioden

før kalving.

Tiltak for å seinke pH i urin

DCAD har ein sterk samanheng med pH

i urin. Ein pH-test av urinen før kalving

seier oss noko om DCAD-nivået i fôret.

– Bruk pH-strips, gjerne to ulike skalaer,

og les av pH-verdien. Med pH i urin

på under sju er faren for mjølkefeber

sterkt redusert, seier Steen.

Eit tiltak er å erstatte heile eller delar

av kraftfôrrasjonen med kraftfôret Pluss

Ionebalanse Sinku, i tida før kalving. Men

smaken er ei utfordring.

Eit anna alternativ er å løyse magnesiumklorid

(MgCl 2 ) i vatn.

– Seks kilo salt i seks liter vatn gir

ein DCAD på –6000 mEq/liter vatn ferdig

blanding, seier Steen, og viser til følgjande

døme:

Ei ku på 600 kilo har eit grovfôropptak

opp mot ti kilo tørrstoff i tida rett før kalving.

Ein dagleg dose på ein halv liter MgCl 2 -

blanding gitt på eit grovfôr med +200 mEq/

kg ts seinkar pH i urin til under 7,0. Reguler

tildelinga ved å kontrollmåle pH. Verdien

må ikkje under 6,0; det kan gjere kua sjuk.

Kurset Friskare kyr gir glad bonde

er eit pilotprosjekt i Tine-regi, der målsettinga er at deltaker ane gjennom

auka kunnskap skal betre driftsresultatet på sitt bruk. Gjennom tolv samlingar

og gruppearbeid, skal bøndene innom fôring, produksjons økonomi, kusignal,

kalving, driftsleiing, kalv, kvigeoppdrett, grovfôr produksjon, reproduksjon,

jurhelse og klauvhelse. Ny kunnskap skal vise att på botnlinja.

Arvid Steen,

veterinær

BONDEVENNEN Nr. 8 - 2. mars 2018 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!