28.02.2018 Views

bv0818

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

AKTUELT I LANDBRUKET

Ta ut inntektspotensialet i grasdyrkinga

Erfaring frå Grovfôr 2020 viser eit realistisk potensial til å redusere grovfôr kost nadane

med minst 50 øre per fôreining. I sum svarar det til eit heilt jordbruksopppgjer.

Liv Kristin Sola

Prosjektet Grovfôr 2020 har sett merksemd

på kor mykje den enkelte grovfôrprodusent

kan betre sitt økonomisk resultat

gjennom meir effektiv grasdyrking.

– Prosjektet har vist at eit realistisk

mål er å redusere grovfôrkostnadane

med 50 øre per FEm, seier Anders Rognlien,

agronom i Yara Norge.

Så enkelt – så krevjande. Men at noko

er krevjande betyr ikkje at det er umogleg.

Store skilnadar

Rognlien har følgd Grovfôr 2020 frå starten.

Erfaringane frå prosjektet så langt

har berre gjort han meir overtydd om

at auka bevisstgjering kring kostnadane

i grovfôrproduksjonen, frå dyrking

til hausting, kan gi store innsparingar i

mjølkeproduksjonen.

– Gjennom auka avlingsnivå og betre

kvalitet kan også behovet for import

av fôrvarer til garden reduserast, seier

Rognlien.

Blant dei 30 bruka som er analysert i

Rogaland og Agder, skil det meir enn to

kroner per FEm mellom deltakarane.

– Det syner eit enormt potensial, seier

Rognlien.

Ikkje alle kan produsere til lågaste

kostnad, men alle kan kartlegge kostnadane

og vurdere korleis dei kan bli betre.

Tal frå heile landet viser at skilnadene

er like store innan regionar som mellom

regionar.

Anders Rognlien

Foto: Håvard Simonsen

Enorme summar: Fleire hundre millionar å spare for norske mjølkeprodusentar

om dei maktar å redusere grovfôrkostnadane. Illustrasjonsbilete, Vik i Sogn.

– Det kan tyde på at det er andre faktorar

enn geografi og klima som er mest

avgjerande for kor mykje grovfôret kostar

på kvar enkelt gard, seier Rognlien.

Eit ekstra jordbruksoppgjer

Rådgivaren tek utgangspunkt i tala til dei

183 deltakarane i Grovfôr 2020 og viser

eit konkret døme på kor store summar

det er snakk om.

Dei knapt 200 deltakarane haustar ei totalavling

per bruk på 240.000 FEm. Ein reduksjon

på 50 øre per FEm gir 120.000 kroner

i reduserte grovfôrkostnadar per bruk

(240.000 FEm x 0,50 kr/FEm = 120.000 kroner).

I sum utgjer det 24 millionar (120.000

per bruk x 200 bruk = 24 millionar).

Både disponibelt areal og avlingsnivå

er noko høgare for deltakarane i Grovfôr

2020 enn det som er snittet for norske

mjølkeprodusentar generelt.

– Deltakarane utgjer to prosent av landets

9000 mjølkeprodusentar, men dei

driv truleg om lag fem prosent av volumet

i mjølkeproduksjonen. Om me skalerer

opp med ein faktor på 20 finn me

det totale potensialet for heile landet. Å

redusere grovfôrkostnadane, med 50 øre

per FEm, vil utgjere knapt 500 millionar

kroner i sparte kostnadar, seier Rognlien.

– Det er like stort som eit jordbruksoppgjer,

legg han til.

Kan doble grovfôravlinga

– Avlingsnivået er den enkeltfaktoren

som betyr mest når me skal forklare kvifor

enkelte produsentar har svært låge

kostnader, seier rådgivaren.

– Betre grovfôr og auka avlingar reduserer

behovet for kraftfôr og gir betre

dyrehelse, som også sparar kostnadar,

legg han til.

Gjennomsnittsavlinga hjå dei som er

med i Grovfôr 2020 er rundt 540 FEm per

dekar. På landsnivå er snittavlinga om

lag 100 FEm svakare. Dei 30 bruka som

er analysert i Rogaland og Agder hauster

eit snitt på rundt 800 FEm per dekar.

Deltakarane i Avlingskampen dei siste

åra har nådd avlingar på 1250 FEm per

dekar.

– Eg trur at dei mest effektive kan nå

15-1600 FEm per dekar. Kan hende så

høgt som 1700 FEm i Rogaland, utfordrar

Rognlien.

– I tillegg kan forbetringane som prosjektet

Grovfôr 2020 avdekker overførast

til ammeku-produsentar og sauebønder.

Det er altså snakk om betydelige gevinstar,

avsluttar Rognlien.

BONDEVENNEN Nr. 8 - 2. mars 2018 7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!