12.11.2020 Views

Katalog 2020

En kronologisk oversikt over Dreyers utgivelser i 2020

En kronologisk oversikt over Dreyers utgivelser i 2020

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Leidulf Melve

EI VERD I ENDRING

Den globale mellomalderen 500–1500

Globaliseringa etter andre verdskrig var av eit anna omfang enn tidlegare, men det var

ikkje noko nytt fenomen. Globalisering, forstått som aukande integrasjon og dei stadig

større verknadene av slik global integrasjon, kan sporast tilbake til dei tidlegaste sivilisasjonane.

I nokre historiske epokar aukar globaliseringstakta. Ein av desse periodane

er tida mellom 500 og 1500, som gjerne blir omtala som mellomalderen.

Gjennom utbygging av kommunikasjonar blir verda ført saman på nye måtar. Silkevegen,

eit nettverk av vegar mellom Kina i aust og Europa i vest, frakta ikkje berre

handelsvarer, men òg teknologi, kultur, epidemiar og religionar. Buddhismen kan

takke Silkevegen for den raske spreiinga frå sitt indiske opphav og austover til Kina,

medan papir og prent reiste andre vegen – frå Kina innom den islamske verda og til

Europa. Ved å ta tak i seks emne – kommunikasjon, økonomi, religion, stats- og imperiedanning,

urbanisering og lærdom – diskuterer Melve eit knippe grunnleggjande

og samanvovne endringar som gjorde verda kring 1500 heilt ulik den verda som møter

oss kring 500.

Dette er den første framstillinga på norsk som diskuterer mellomalderen i ljos av tankar

og teoriar om globalisering.

Leidulf Melve (f. 1972) er professor i historie ved Universitetet i Bergen. Han har tidligere

gitt ut bøkene Med ordet som våpen. Tale og skrift i vestleg historie (2001), Inventing

the Public Sphere. The Public Debate during the Investiture Contest (2007), Europeisk

politisk historie 400–1750. Frå førstatleg samband til einskapsstat (2009) og Historie.

Historieskriving frå antikken til i dag (2010).

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!