12.11.2020 Views

Katalog 2020

En kronologisk oversikt over Dreyers utgivelser i 2020

En kronologisk oversikt over Dreyers utgivelser i 2020

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Marie Aukrust

DER VILLGRASET GROR

Livsgrunnlaget, matforsyninga og beredskap

for nye tider

«Når krubba er tom, bitst hestane», heiter det. Risikerer vi ei matkrise, som knapp

kornforsyning og vanskar med kornimport? Vi ser på mat som forbruksvarer, vi kjøper

og kastar overfloda. Vi produserer mat lausriven frå arealgrunnlaget. Vil vi fortsetja

slik, og la landet gro att?

Kva inneber sosial og økologisk berekraft? Aukrust vil styrkje det allsidige familiejordbruket,

med balanse i ressurskrinsløpet. Frå fjord til fjell kan vi nytte utmark ueigna til

dyrking av menneskemat til beite, og auke matplanteproduksjonen og sjølvforsyninga.

Eit framtidsretta jordbruk i livskraftige lokalsamfunn handlar om samfunnstryggleik

for alle. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps-

og kriseplan, står ikkje i motsetning til internasjonal handel og samarbeid.

Kvifor svelt 821 millionar menneske, sjølv med nok mat i verda? Industrijordbruket

står for urettferdig fordeling av jord og makt. I tiår har vi overskride jorda si toleevne.

For å tryggje matforsyninga framover, oppmodar FN kvart land frå styresmakter til lokalsamfunn

til enkeltindivid å ta hand om fruktbar jord, naturmangfald og klimaomsyn.

Det er naudsynt med omfattande systemskifte og endringar i levevis.

Marie Aukrust (f.1953) er biolog, cand. scient. frå NTNU. Ho er lektor og òg spesialpedagog,

har undervist på ulike nivå og arbeidd i institusjonar og organisasjonar. Frå

verksemd knytt til miljø- og utvikling, er Aukrust oppteken av at sosial og økologisk

berekraft må sjåast i samanheng. Opphald i Asia, med ein økologisk ekspedisjon i

Nepal og i regnskogar på Sri Lanka, dessutan hjelp- til sjølvhjelpsarbeid, har bidrege til

eit særleg blikk på matforsyning og rettferdig ressursforvalting.

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!