18.11.2022 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2019

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Ingelin Røssland

OMG

Samlaget 2019

Presentert av Stig Elvis Furset

Ein vital villstyring av ein villkatt! Det er ein karakteristikk som passar på

Maria i Ingelin Røsslands OMG. For Maria er hemningslaus og total. Ho er

kortlunta. Ho sparkar og slår. Ho snakkar rått.

Eller “snakkar pervo”, som ho kallar det. Ho

er festglad. Ho drikker sprit rett frå flaska

dersom nokon byr henne. Ho går i front for

gjengen ho er med i, og agerer som rambukk

når dei kræsjar klassevenninna Hanne

sin filmkveld. Ho fører an når dei gjer han

om til eit party med dansing på bord, og rå

sex på eit soverom med kjærasten Dominic.

Han som børnar rundt med BMW, kallar

henne for “baby”, og blir kåt på den hissige

Maria. Han er tjue. Ho er femten.

Men mindre enn to døgn etter

festen er Maria på ein heilt anna plass.

Utan mobil! På ei øy! På lysmesse! I ei kyrkje!

Kor det i tillegg til kyrkja, er sju bedehus!

Maria er sendt på rehabilitering. Ikkje til nokon

institusjon. Men til noko enno verre. Til

bestemora. Som er streng på både moral

og religion. Ho toler ikkje banning. Og veit

å setje makt ved grensene.

Men då ho dultar borti Maria under messa,

peikar opp mot alteret, der ein gut spelar

piano til korsongen, og kviskrar at det er

sonen til presten, så bannar Maria likevel.

Inni seg. For ein idè kjem deisande ned i

tankane hennar, og finn seg fint til rette inni

det opprørske mørkret ho deggar for. Kan ho

greie å få dette dydsmønsteret over på si

side? Kan ho forføre sonen til presten?

På dette punktet i boka, så trudde eg det

gjekk i retning av ei “femme fatale”-forteljing

med Maria som ei djevelsk fristarinne.

Men eg burde sett nærare på omslaget. Det

er ikkje mykje “noir”-litterært over det. Så

eg skal ikkje klage over at OMG ikkje er eit

eple, når ho er ei pære.

For Ingelin Røssland skriv med innsikt om

jenter som er tøffe på utsida, og sårbare

innanfor. Den fysiske dragninga som Maria

har til både badboy Dominic og prestesonen

Johannes er til dømes godt skildra.

Men Røssland gjer også eit nybrottsarbeid

i OMG. Ho skildrar eit kristent miljø, attpåtil

i det vestlandske bedehuset, utan at det er

mørkemenn der. Berre det er utruleg å ha

vore vitne til.

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!