12.05.2013 Views

Fortid nr 3 2012

Fortid nr 3 2012

Fortid nr 3 2012

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

20 Fortid 3/12

eksempel valdelege handlingar med gjerrigskap. På den

andre sida skulle kyrkja ifølgje Norske Lov forfølgja nett

den type handlingar som «sædvanlig Rettergang ikke saa

beqvemmeligt er at afskaffe». Den formelle utvidinga av

syndeomgrepet må sjåast i samanheng med det, denne

omfatta handlingar hos innbyggjarane som styresmakta

ikkje ønskja, men som var lite konkrete og difor

vanskeleg å forby. Når Sjusterneprestane, ei gruppe norske

tidlegpietistar, skreiv bønneskriv til kongen i 1714 var det

då òg denne typen synder dei tok opp, medan dei ikkje

nemnte alvorlegare gjerningar som drap og incest med

eit ord. Handlingane som vart lagt til i 1687 var typiske

sånne som virka negativt inn på allmennsosiale forhold,

og utvidinga ga prestane fullmakt til å tukta svært mange

forhold som lova ikkje forbøy.

Synd i forkynninga

Om synd delvis var eit innarbeidd sosialt konsept, fekk

dette dynamisk input via presten sine ord. Gjennom

gjentakande kyrkjehandlingar vart det ikkje berre slått

fast kva som var syndig framferd, kyrkjegjengarane fekk

òg høyra kor gjennomførd syndige dei var, jamfør det

ovanfornemnde bønekonseptet. Fleire av lovpåboda retta

mot prestane gjekk då òg nett ut på at dei skulle åtvara mot

syndige forhold. At folk faktisk trudde på og underkasta

seg bodskapen var nærmast essensielt for ein vellukka

kyrkjedisiplin, som elles måtte ha blitt førd med hardare

fysisk makt enn det presten i verkelegheita rådde over.

Syndige handlingar var i den dansk-norske ortodoksien,

som var det rådande teologiske synet ved byrjinga av

1700-talet, formidla som eit alvorleg kollektivt problem.

Det heile var grunna i Paulus’ brev til efesarane 5,27 –

om at ein måtte halda kyrkja «utan den minste flekk eller

rynke». Tanken var at den som synda gjorde Gud vreid

og drog straff over heile samfunnet. Krig, ulukker og uår

vart difor formidla som direkte konsekvensar av slike

handlingar. Dette synet vart utfordra av nye teologiske

tendensar i løpet av hundreåret.

Den pietistiske retninga av lutherdomen, som for alvor

braut gjennom her til lands frå 1730-talet av, kom til å

vektlegga den individuelle karakteren, til fordel for den

dei kollektive syndetilstanden i ortodoksien. Samstundes

vart fokuset på synd meir perifert i forkynninga i løpet

av 1700-talet. Ikkje at fenomenet forsvann, men det vart

sjeldnare berande bodskap. Det er sjølvsagd grovkutta,

og kjem an på korleis ein delar inn perioden. At dei

ulike teologiske retningane formidla synda på ulik måte

gjorde òg den statskyrkjelege forkynninga av synda meir

mangsidig. Kva syndefortolking ein møtte avhang difor i

større grad av kva prest ein hadde.

Nedbygginga og reorienteringa av synda samanfall delvis

med ein lang fredsperiode, noko som bidrog til å gjera

Adam og Eva jages ut av Edens hage av Gustave Dorè

Kilde: Wikimedia Commons. (PD)

Guds straff mindre aktuell. Ved ulike nasjonale katastrofar

og militære trefningar kunne temaet motiverast igjen.

Fullt ut rehabilitert i forkynninga vart ho likevel

ikkje. Ved brannen på Christianborg i 1794 oppmoda

bededagsplakaten til å leggja vekt på Guds straff mot

synda, men i større grad enn ved tidlegare nasjonale

markeringar vart Guds miskunn og nasjonal harmoni

tematisert. 4

Den teologiske forståinga av synda utvikla seg såleis mykje

gjennom 1700-talet. Samstundes hadde kyrkja distinkte

oppgåver knytt til handsaminga av synda i samfunnet.

Gjennom straffhandlingar mot folk som hadde synda skulle

kyrkja nemleg syta for at bodskapen frå predikantane ikkje

berre vart tomt preik. Desse var klårt definerte i lovverket

og ein del av prestane sine oppgåver som embetsmenn i

det dansk-norske eineveldet.

Tukt i lovverk

Gjennom det som gjerne blir kalla kyrkjedisiplinen eller

-tukta forfølgde kyrkja menneske som utretta lastefulle

handlingar. Sentralt i kyrkjeordinansen frå 1537 var

nektinga av nattverd for såkalla «åbenlyse Laster» som

«fortørner kirken», jamfør definisjonen ovanfornemnd. 5

Dei to første kyrkjeordinansane etter reformasjonen tok

likevel først og fremst for seg korleis ein syndar kunne

forlika seg med Gud og lokalsamfunnet. Det var viktig at

syndaren ikkje «forvandle kirkens moderlige ris til en evig

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!