23.07.2013 Views

Årsrapporten (pdf) - Innovasjon Norge

Årsrapporten (pdf) - Innovasjon Norge

Årsrapporten (pdf) - Innovasjon Norge

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Å PPORT 2012

MØRE OG ROMSDAL

YTTERLEGARE FORSTERKA TODELING

Året som har gått har vore prega av ytterlegare forsterka

todeling i utviklinga mellom dei petroleumsbaserte næringane

og næringslivet elles. Samstundes ser vi store variasjonar

innanfor dei ulike bransjane.

VI GJEV LOKALE

IDEAR GLOBALE

MOGLEGHEITER

Vi skal vere med å

utvikle norsk

næringsliv, spesielt

med tanke på

fornying og

innovasjon både for

verksemder og

enkeltprodukt.

Jobben vår er mellom

anna å utvikle

distrikta og styrke og

profilere norsk

næringsliv i Noreg og

i utlandet.

Vi ser også ei todeling som går på tvers av bransjar;

dei som lukkast og dei som ikkje lukkast. Dei første har

ofte, uavhengig av konjunkturar, utvikla ein

marknadsorientert kultur og gjennom den evna å ta ein

tydeleg og unik strategisk posisjon.

Gjennom tildeling av 743 mill. kroner til næringslivet i

fylket, samt godt samarbeid med vårt nasjonale og

internasjonale nettverk, har Innovasjon Noreg Møre og

Romsdal medverka til auka verdiskaping i næringslivet

også i 2012.

RAPPORT FRÅ STYRET

Styret gjennomførte 12 styremøte og behandla/

protokollerte 191 saker i 2012. Av det totale talet

finansieringssaker ved kontoret var 31 prosent

internasjonalt retta og 35 prosent av prosjekta hadde

innovasjonsgrad på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Bodil P. Hollingsæter vart i mars 2012 tilsett som ny

direktør for Innovasjon Noreg Møre og Romsdal.

Hollingsæter kom frå stillinga som regionbanksjef i

Sparebanken Møre og har tidlegare yrkeserfaring innanfor

bank/finans og offentleg sektor.

Våren 2012 besøkte styret Firmenich Bjørge Biomarin AS,

NMK Eiendom AS, Patogen Analyse AS og Seafood

Farmers of Norway AS. Besøka gav styret god innsikt i

verksemdene sin noverande situasjon og deira strategiar

for vidare utvikling.

I tillegg til ordinære finansieringssaker, har styret i året

som gjekk gitt innspel til ny strategi for Innovasjon Noreg

- Ny GIV 2013. Regjeringa la våren 2012 fram ei ny

stortingsmelding om Innovasjon Noreg og SIVA: “Verktøy

for vekst”. Den nye strategien byggjer opp under

verdiskaping innanfor gründerverksemder, vekstkraftige

verksemder og innovative næringsmiljø.

Møre og Romsdal er det nasjonale maritime

tyngdepunktet og oljefylke nummer to i Noreg.

I tillegg til rigg- og subseamarknadene ser vi at

utbyggingane av Aasta Hansteen, Polarled og Nyhamna

har store ringverknader for næringslivet i fylket.

Innanfor marin sektor er Møre og Romsdal framleis eit av

dei største eksportfylka. Vi ser også ein vekst i den

biomarine klynga og Innovasjon Noreg vil ta ei aktiv rolle i

utviklinga av denne.

Reiselivsnæringa i fylket held stand trass økonomiske

nedgangstider i viktige geografiske marknader.

Både reiselivs- og møbelbransjen kan vise til fleire gode

verksemder som gjennom målretta innovasjon i

forretningsmodellen har tatt ein leiande posisjon i si nisje.

Styreleiar Terje Dyrseth tok over leiarfunksjonen etter

Kristine Landmark i oktober 2012.

Samarbeidet mellom styret og administrasjonen er godt

og styret takkar administrasjonen og tilsette for godt

arbeid og grundig førebudde saker.

Ålesund, 12.03.2012

Terje Dyrseth (leiar) Torill Ytreberg (nestleiar)

Rune Solenes Opstad Anne Katrine Jensen

Leif Inge Karlsen Randi Asbjørnsen

Knut Flølo

Direktør Bodil P. Hollingsæter. Foto: Anita Grønland

FAKTA MØRE OG ROMSDAL

Folketal 259 404

Kommunar totalt 36

Distrikt (sone II og IV) 26

Sysselsetting 2012 128 472

Arbeidsløyse pr 31.12.2012 1,9 prosent

Nyetableringar 2012 1 652

Konkursar 2012 190

Eksportfylke nr. 3 i Noreg (trad. varer)

Reiselivsfylke nr. 9 i Noreg (gjestedøgn)

VI GJEV LOKALE

IDEAR GLOBALE

MOGLEGHEITER

Vi skal også få fleire

nordmenn til å reise

meir i Noreg og

trekkje utanlandske

turistar hit.

NÆRINGSLIVET I MØRE OG ROMSDAL

Mange verksemder i Møre og Romsdal tener gode

pengar, men mange går og glipp av verdifulle

moglegheiter. Ofte står manglande marknadsorientering i

vegen for vekst, verdiskaping og internasjonalt

gjennomslag. Marknadsorientering handlar om å ta ein

strategisk posisjon i marknaden (www.unikbedrift.no)

gjennom innnovasjon i eigen forretningsmodell basert på

kunnskap om kundar, konkurrentar og trendar. Dette gir

positiv innverknad på konkurransekraft, tilgang på

kompetanse og kapital.

Møre og Romsdal er eit nasjonalt maritimt tyngdepunkt.

Den offshorerelaterte delen av næringa opplever stadig

auka etterspørsel som følgje av auka investeringar på

norsk og internasjonal sokkel. Ordreinngangen ved verfta

var den beste på fleire år og fleire aktørar posisjonerer

seg for framtidig vekst innan rigg- og subseamarknadene.

2012 var eit relativt godt år for dei marine næringane, men

resultata har variert i dei ulike bransjesegmenta.

Nedgangen i kvitfiskprisane har halde fram i 2012, medan

prisane på laks og aure var lågare enn i toppåra 2010/2011.

Prisendringane har samanheng med økonomisk uro i

viktige marknader. Fylket sin del innan fiskeforedling

utgjer over 1/3 av samla omsetning for bransjen. Norske

produsentar av sjømat held eit høgt kvalitetsnivå og

næringa har sterk fokus på berekraftig forvaltning.

Innanfor møbelbransjen har fleire søkt samarbeid og

samanslåing for å styrke marknadsposisjonen. Dette

opnar større moglegheiter for små og mellomstore

møbelverksemder til å utvikle skalerbare konsept med

høg verdiskaping.

For reiselivsnæringa var 2012 eit godt år med ei auke i tal

gjestedøgn frå 2011 til 2012. Auka satsing på

opplevingsturisme har resultert i fleire vellukka

nyetableringar. Trenden viser ei utvikling mot fleire og

kortare feriar fordelt over året med fokus på aktivitet,

helse og naturopplevingar. Fylket har eit godt naturgjeve

utgangspunkt for å utnytte denne trenden.

Strukturendringane i landbruket i Møre og Romsdal har

halde fram også i 2012, særskilt innanfor

mjølkeproduksjon. Landbruket i fylket er ei vesentleg

næring som står for ei salsomsetning på nær 2,1 mrd.

kroner. Samla jordbruksareal i fylket utgjer 5,5 prosent av

landet medan husdyrproduksjonen er på 10 prosent.

Fylket har eit potensial for å skape større verdiar frå

skogbruket. Dette krev tilrettelegging av effektiv

uttransportering, samt auka kompetanse om bruk av

trevirke i alle ledd.

GRÜNDERVERKSEMD

MØRE OG ROMSDAL

Det har vore stor aktivitet innan entreprenørskapsområdet

i Møre og Romsdal. Kontoret har innvilga

etablerartilskot til 36 gründerar, der 37 prosent av innvilga

beløp er tildelt kvinner. Mentorordninga er inne i sitt

andre år og det er i 2012 gjort fem mentorkoplingar. Fleire

av gründerverksemdene satsar internasjonalt.

Sunndalsverksemda Soleis AS var ei av dei få utvalte som

fekk anledning til å delta på Innovasjon Noreg sitt

kompetanseprogram - TINC: Tech INCubator i Silicon

Valley. Romsdalsverksemda Geopol AS gjekk heilt til topps

i nyskapingsprogrammet Midt-Norge Take-Off.

Hoppid er Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på

entreprenørskap i samarbeid med Innovasjon Noreg,

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og dei enkelte

kommunane. Kontoret har gjennom Hoppid-nettverket

god kontakt med gründerar, landbruksnæringa og øvrig

utviklingsverksemd i kommunane. Det har i 2012 vore

halde litt over 30 etablerarkurs i 12 ulike kommunar.

INNOVASJONSMILJØ

Innovasjon Noregs klyngeprogram Norwegian Centres of

Expertise (NCE) er etablert for å forsterke

innovasjonsaktiviteten i dei mest vekstkraftige og

internasjonalt orienterte næringsklyngene i Noreg.

Innovasjon Noreg arbeider med utforming av neste

generasjons heilskaplege klyngeprogram.

NCE Maritime er blant dei mest vekstkraftige

industriklyngene i Noreg. Klynga er verdsleiande innan

avanserte marine operasjonar og posisjonerer seg for å bli

eit av landets første Global Centres of Expertice (GCE).

Vidare har NCE Maritime i 2012, saman med andre

nasjonale NCE-miljø, arbeidd for å posisjonere

oljeteknologiindustrien som Noregs nye fastlandsindustri.

iKuben vart i 2012 godkjent under Arena-programmet.

iKuben er ei industriklynge som består av 19 suksessrike

verksemder lokalisert i Romsdal og på Nordmøre.

Verksemdene arbeider med avanserte materiale og

kompliserte logistikkoperasjonar innan maritim sektor og

olje & gassektoren.

Kontoret samarbeider godt med dei viktigaste miljøa og

aktørane i fylket og arbeider med å stimulere til

klyngearbeidet også innanfor petroleumssektoren,

biomarin sektor og møbelbransjen.

VEKSTBEDRIFTER

Sektorane Marin, Maritim, Olje & Gass og Møbel har vore

viktige fokusområde i 2012.

Gjennom Marint Verdiskapingsprogram har kontoret

innvilga midlar til prosjekt knytta til utvikling av nye

marknader. Om lag 30 prosent av alle tilsagn frå

programmet i 2012 vart gitt til verksemder i Møre og

Romsdal.

Marin Samhandlingsarena har motteke mange positive

tilbakemeldingar og blir vidareført i 2013. Formålet er å

kople aktørar frå næringa, akademia og forskingsmiljø.

Foto: Pål Bugge/inn/Innovation Norway

VI GJEV LOKALE

IDEAR GLOBALE

MOGLEGHEITER

I Innovasjon Noreg

arbeider menneske

som har lokal og

internasjonal

kompetanse slik at

ein idé kan bli ein

forretningssuksess.

Av dei seks kystkontora som gir lån til fiskeflåten er

kontoret i Møre og Romsdal størst. Finansiering til

fiskeflåten omfattar alle fartøystørrelsar og kvotekjøp.

Totale utlån til fiskeflåten i Møre og Romsdal i 2012 var ca.

1,3 mrd. kroner.

Gjennom programmet Maritim Utvikling er det gitt

tilsagn om midlar til prosjekt som utviklar nye lønsame

produkt, tenester og produksjonsmetodar, samt

samarbeidsprosjekt mellom verksemder og

kunnskapsmiljø som styrker innovasjonsevna.

Møbelprogrammet skal bidra til auka marknadsorientering

og innovasjon i forretningsmodellane og

samordningsprosjekt. Gjennom programmet vart det i

2012 initiert eit forprosjekt for ein søknad om etablering

av eit Arena-program for Møbel og Interiør i 2013. Det

er vidare innvilga midlar til gjennomføring av langsiktige

målretta internasjonaliseringsstrategiar, samt nettverksog

samordningsprosjekt.

AKTIVITETAR I MØRE OG ROMSDAL - NOKRE

NØKKELTAL

KontorstaderÅlesund og Molde

Faste kontordagar i Kristiansund

Tal saker i 2012 435 saker

Innvilga i 2012 (mill. kroner) 743

Tal SkatteFUNN-søknader 2012 165 saker

Innvilga i 2012 (mill. kroner)

- Marknadslån 397

- Risikolån og garantiar 99

- Landsdekkjande tilskot 53

- Distriksretta tilskot 44

- Etablerartilskot 14

- BU-midlar 33

- Diverse tilskot 1

- Lånebeløp for rentestøtte 102

Største næringar - tilsagn 2012 (mill. kroner)

Marin 287

Landbruk 204

Maritim, Olje & Gass 112

Låneportefølje 31.12.2012 (mill. kroner)

Marknadslån 2 722

Risikolån 506

Andre lån 16

Tapsnedskriving utlån pr 31.12.2012 46

Dvs ca 0,95 % av totale utlån i Innovasjon

Norge Møre og Romsdal.

Innvilga tilskot i 2012 fordeler seg nokså likt mellom nord

og sør i fylket, men samstundes med noko overvekt på

kystkommunane. Om lag 40 prosent av utlåna i 2012

gjekk til finansiering av fiskeflåten.

MØRE OG ROMSDAL

KONTORET I MØRE OG ROMSDAL

Dei 27 tilsette innvilga totalt 743 mill. kroner i 2012. Dette

er ein reduksjon på om lag 171 mill. kroner frå 2011 og

skuldast lågare tilsagn av marknadslån til fiskeflåten.

Innovasjon Noreg Møre og Romsdal forvaltar ei

låneportefølje på ca. 3,2 mrd. kroner.

Kontoret fekk i 2012 den nyoppretta nasjonale stillinga

som leiar av Innovasjon Noregs maritime

kompetansesenter. Stillinga har eit nasjonalt ansvar for å

utvikle og følgje opp Innovasjon Noregs tilbod retta mot

maritim næring.

Samarbeidet med Møre og Romsdal fylkeskommune er

godt. Kontoret har vore aktivt med i utviklinga av

Handlingsprogram Verdiskaping for perioden 2013–2016.

Saman med fylkeskommunen og andre

samarbeidspartnarar har vi også i 2012 laga

konjunkturbarometeret TEMP og gjennomført

Mørekonferansen.

Med kontor i meir enn 30 land er Innovasjon Noreg ein

aktiv samarbeidspartnar for å fremme lokalt næringsliv

sine interesser over heile verda. Med kunnskap om

teknologi, kompetanse og marknad hjelper vi våre kunder

med å utvikle deira idear og realisere det potensialet dei

har både i Noreg og internasjonalt.

KUNDEBEDRIFTER FRÅ MØRE OG ROMSDAL

KRONPRINS HAAKON OPNA NORSK MARITIMT

KOMPETANSESENTER

Norsk Maritimt Kompetansesenter vart formelt opna

8. november 2012. Foto: NMK

Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) styrker den

maritime klynga i Møre og Romsdal. At leiande maritime

aktørar no samlast skaper ein unik arena for innovasjon.

Innovasjon Noreg var fødselshjelpar gjennom å innvilge

risikolån og tilskot til NMK. Dette er no det største

enkeltståande engasjementet i Møre og Romsdal, og

blant dei ti største i Innovasjon Noreg totalt.

Hovudgrunnen for vår medverknad var at eit senter, med

ein verdsleiande aktør som Rolls-Royce som største

leigetakar, ville vere vesentleg for å styrke og vidareutvikle

innovasjon i den maritime klynga.

VI GJEV LOKALE

IDEAR GLOBALE

MOGLEGHEITER

Med kontor i alle

fylke og i meir enn

tretti land over heile

verda, er det lett å

kome i kontakt med

oss.

Innovasjon Norge Møre og Romsdal

Molde - Tlf 71 19 14 11

Fylkeshuset, 6404 Molde

Ålesund - Tlf 70 11 64 70

St. Olavs plass 1

Pb. 166, 6001 Ålesund

SOLEIS AS - KVINNESTYRT BEDRIFT FRÅ

NORDMØRE

Soleis AS utvikler programvare og interaktive

kunnskapsbilder til hjelp og modernisering av

undervisninga i skoleverket. Bedrifta utvikler pedagogisk

innhald som kan nyttast på alle plattformer som har

internettilkopling. Undervisningsmetodane i skoleverket

og dei tradisjonelle tavlene er klare for å bli bytta ut med

moderne teknologi som vil effektivisere arbeidet til

lærarane, og ikkje minst gjere undervisninga meir

interessant for elevane.

KLEVEN - FLYTTAR STÅLPRODUKSJON HEIM TIL

NOREG

Delar av Kleven sin skrogproduksjon blir no flytta heim frå

Aust-Europa til Ulsteinvik. Kleven posisjonerer seg i ein

marknad prega av tøff konkurranse gjennom investering i

ny kunnskap, nye anlegg og ny teknologi. Klevens

skipsbyggings-organisasjon er skreddarsydd for eitt

formål: Å levere dei mest lønsame og effektive løysingane

til verdas leiande reiarlag. Berre dei siste sju åra har Kleven

levert nær 60 fartøy.

Kleven verft. Foto: Geir Sætre

Samstundes som dei flyttar arbeid tilbake til Noreg skaper

dei og andre typar teknologiintensive arbeidsplassar.

Innovasjon Noreg har bidratt med lån til investering i nye

produksjonshallar, samt ombygging av ekstisterande

hallar for å legge til rette for robotisering av

produksjonsprosessen. Kleven vart tildelt fylkesprisen for

Årets bedrift 2012.

Huse Engineering AS – nyskapande kran for offshore

og subsea fartøy

Huse Engineering AS sitt hovudmål er å bli ein attraktiv

og føretrekt leverandør av løfte- og handteringsutstyr for

skips- og offshoreindustrien globalt. Dei er i dag ein

global totalleverandør innan marine konstruksjonar med

eit innovativt ingeniør- og kompetansemiljø.

Huse Engineering AS sin hovudaktivitet er

konseptutvikling og prosjektstyring.

Dual Draglink Crane (DDC) Foto: Huse Engineering AS

moreogromsdal@innovasjonnorge.no

www.innovasjonnorge.no

MØRE OG ROMSDAL

I 2011 støtta Innovasjon Noreg og Norges Forskningsråd

Huse Engineering AS i finansieringa av utviklinga av eit

heilt nytt krankonsept – Dual Draglink Crane, med Rolls-

Royce Marine som den krevjande kunden.

Konseptet har trekt til seg stor merksemd både nasjonalt

og internasjonalt. Første kran er levert til Farstad Shipping

sitt nye fartøy Far Solitare som i 2012 fekk prisen “Årets

Skip”.

Rolls-Royce Marine AS og Huse Engineering AS fekk i

februar 2013 tildelt prisen «Årets innovasjon» for

nyvinninga av bransjebladet Offshore Support Journal.

COLDWATER PRAWNS OF NORWAY AS, VINNAR AV

GASELLEPRISEN 2012 I MØRE OG ROMSDAL

Verksemda har gått frå ei omsetning på knapt 16 mill.

kroner i oppstartsåret 2008 til 371 mill. kroner i 2011.

Resultatet er snudd frå nokre hundre tusen i minus første

driftsår til knapt 4,4 mill. kroner i resultat før skatt i 2011.

Eigarane driv havgåande reketrålarar og ein

rekepillefabrikk i Senjahopen. Coldwater Prawns of

Norway AS er eit felles salsselskap for

produksjonseiningane både på land og sjø. Bakgrunnen

for etableringa var merkevarebygging og produktutvikling.

Ein viktig del av strategien har vore å ha kontroll i

verdikjeda frå "hav til bord" for å kunne halde ein jamn

kvalitet på produkta.

Verksemda sine hovudmarknader er Sverige, England,

Frankrike, Tyskland og Italia. Ei satsing på marknaden i

Asia med utgangspunkt i Kina er starta opp i samarbeid

med Innovasjon Noreg sitt kontor i Beijing. Innovasjon

Noreg har delteke med lånefinansiering og støtte

gjennom Marint Verdiskapingsprogram.

KINGS BAY AS, FOSNAVÅG

”Kings Bay” har en kostnadsramme på ca. 250 mill. kroner

og er 77,5 x 16,6 meter. Designet er av type NVC 354, og er

utvikla i nært samarbeid mellom rederi og Rolls-Royce si

avdeling i Ålesund, Ship Technology - Fish, der felles

erfaring er tatt inn i prosjektet.

Det kombinerte trål- og ringnotfartøyet “Kings Bay” er under

ferdigstillelse ved Larsnes Mek. Verksted AS. Fartøyet vil ha

base i Fosnavåg, Herøy. Foto: Bjørn Sævik

For Bjørn Sævik, dagleg leiar i Kings Bay AS, er det

gledeleg at kontrakten er plassert i nærmiljøet hos eit

skipsverft som har vist seg svært dyktig med bygging av

pelagiske fartøy. Kings Bay AS har hatt eit godt samarbeid

med rederiet Eros AS, som nylig fekk overlevert

tilsvarande nybygg frå Larsnes Mek. Verksted AS.

Erfaringane frå begge rederia har lagt grunnlaget for

optimalisering av fartøya.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!