Årsrapporten (pdf) - Innovasjon Norge
Årsrapporten (pdf) - Innovasjon Norge
Årsrapporten (pdf) - Innovasjon Norge
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
VI GJEV LOKALE

IDEAR GLOBALE

MOGLEGHEITER

I Innovasjon Noreg

arbeider menneske

som har lokal og

internasjonal

kompetanse slik at

ein idé kan bli ein

forretningssuksess.

Av dei seks kystkontora som gir lån til fiskeflåten er

kontoret i Møre og Romsdal størst. Finansiering til

fiskeflåten omfattar alle fartøystørrelsar og kvotekjøp.

Totale utlån til fiskeflåten i Møre og Romsdal i 2012 var ca.

1,3 mrd. kroner.

Gjennom programmet Maritim Utvikling er det gitt

tilsagn om midlar til prosjekt som utviklar nye lønsame

produkt, tenester og produksjonsmetodar, samt

samarbeidsprosjekt mellom verksemder og

kunnskapsmiljø som styrker innovasjonsevna.

Møbelprogrammet skal bidra til auka marknadsorientering

og innovasjon i forretningsmodellane og

samordningsprosjekt. Gjennom programmet vart det i

2012 initiert eit forprosjekt for ein søknad om etablering

av eit Arena-program for Møbel og Interiør i 2013. Det

er vidare innvilga midlar til gjennomføring av langsiktige

målretta internasjonaliseringsstrategiar, samt nettverksog

samordningsprosjekt.

AKTIVITETAR I MØRE OG ROMSDAL - NOKRE

NØKKELTAL

KontorstaderÅlesund og Molde

Faste kontordagar i Kristiansund

Tal saker i 2012 435 saker

Innvilga i 2012 (mill. kroner) 743

Tal SkatteFUNN-søknader 2012 165 saker

Innvilga i 2012 (mill. kroner)

- Marknadslån 397

- Risikolån og garantiar 99

- Landsdekkjande tilskot 53

- Distriksretta tilskot 44

- Etablerartilskot 14

- BU-midlar 33

- Diverse tilskot 1

- Lånebeløp for rentestøtte 102

Største næringar - tilsagn 2012 (mill. kroner)

Marin 287

Landbruk 204

Maritim, Olje & Gass 112

Låneportefølje 31.12.2012 (mill. kroner)

Marknadslån 2 722

Risikolån 506

Andre lån 16

Tapsnedskriving utlån pr 31.12.2012 46

Dvs ca 0,95 % av totale utlån i Innovasjon

Norge Møre og Romsdal.

Innvilga tilskot i 2012 fordeler seg nokså likt mellom nord

og sør i fylket, men samstundes med noko overvekt på

kystkommunane. Om lag 40 prosent av utlåna i 2012

gjekk til finansiering av fiskeflåten.

MØRE OG ROMSDAL

KONTORET I MØRE OG ROMSDAL

Dei 27 tilsette innvilga totalt 743 mill. kroner i 2012. Dette

er ein reduksjon på om lag 171 mill. kroner frå 2011 og

skuldast lågare tilsagn av marknadslån til fiskeflåten.

Innovasjon Noreg Møre og Romsdal forvaltar ei

låneportefølje på ca. 3,2 mrd. kroner.

Kontoret fekk i 2012 den nyoppretta nasjonale stillinga

som leiar av Innovasjon Noregs maritime

kompetansesenter. Stillinga har eit nasjonalt ansvar for å

utvikle og følgje opp Innovasjon Noregs tilbod retta mot

maritim næring.

Samarbeidet med Møre og Romsdal fylkeskommune er

godt. Kontoret har vore aktivt med i utviklinga av

Handlingsprogram Verdiskaping for perioden 2013–2016.

Saman med fylkeskommunen og andre

samarbeidspartnarar har vi også i 2012 laga

konjunkturbarometeret TEMP og gjennomført

Mørekonferansen.

Med kontor i meir enn 30 land er Innovasjon Noreg ein

aktiv samarbeidspartnar for å fremme lokalt næringsliv

sine interesser over heile verda. Med kunnskap om

teknologi, kompetanse og marknad hjelper vi våre kunder

med å utvikle deira idear og realisere det potensialet dei

har både i Noreg og internasjonalt.

KUNDEBEDRIFTER FRÅ MØRE OG ROMSDAL

KRONPRINS HAAKON OPNA NORSK MARITIMT

KOMPETANSESENTER

Norsk Maritimt Kompetansesenter vart formelt opna

8. november 2012. Foto: NMK

Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) styrker den

maritime klynga i Møre og Romsdal. At leiande maritime

aktørar no samlast skaper ein unik arena for innovasjon.

Innovasjon Noreg var fødselshjelpar gjennom å innvilge

risikolån og tilskot til NMK. Dette er no det største

enkeltståande engasjementet i Møre og Romsdal, og

blant dei ti største i Innovasjon Noreg totalt.

Hovudgrunnen for vår medverknad var at eit senter, med

ein verdsleiande aktør som Rolls-Royce som største

leigetakar, ville vere vesentleg for å styrke og vidareutvikle

innovasjon i den maritime klynga.