26.07.2013 Views

Nummer 2 - Kongshaug Musikkgymnas

Nummer 2 - Kongshaug Musikkgymnas

Nummer 2 - Kongshaug Musikkgymnas

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

: hva gjør du nå?

Det finst mange måtar å gjere musikken til eit levebrød. Nokre

er artistar, nokre er organistar, nokre er musikkterapeutar osv.

Men det finst òg dei som ynskjer å lage den musikken som alle

høyrer, men få lyttar etter. Det er ein slik mann eg møtte på

Augustin i Bergen.

I 2005-2008 var det ein skikkelse du alltid kunne sjå med Mozart

på øyre og eit nytt partitur i handa. Men like godt kunne me

sjå han med ein bass i handa, på veg til bandøving. Og det er vel

den allsidigheita som er beskrivande for Jon Amador Mandujano.

Og den allsidigheita skulle vere avgjerande når han seinare

skulle velje studieretning.

Jon hadde i løpet av tida på Kongshaug bestemt seg for å satse

på musikken. I utgangspunktet tenkte han å studere klassisk

gitar ved Griegakademiet i Bergen, men fekk ikkje fred for å

fordjupe seg i ein sjanger. ” Problemet mitt var nok at eg ein dag

kan høre på Mozart, men så neste dag så er det hip hop som er

det store”, forklarer Jon. Så det heile enda i at Han måtte leite

etter andre, mulige, studiestader. Det var då den allsidige musikaren

kom over Berklee College of Music. Jon beit seg merke

i ei studie retning som heiter ”Film Scoring”. Der skulle dei få

kompetansen til å verte filmmusikkomponistar, og det betydde

at allsidigheit var ein stor bonus.

Då Jon bestemte seg for at han ville søkje, gjekk han og fortalde

det til sin familie. Responsen derfrå var klar. ” Når eg sa det til

familien var svaret kjapt og greitt, Nei”, humrar Mandujano.

Han ingen problem med å skjønne responsen deira. Studiet var

veldig dyrt og det var langt frå Fyllingsdalen til Boston. Likevel

sende Jon ein søknad, og reiste til Dublin for prøvespeling og

intervju. ” Frå og med at eg reiste til Dublin, fekk nok familien

meir og meir roen for at det var dette eg skulle gjere”, fastslår

Jon.

Men sjølv om han bestod alle testar og intervju, var det ein test

som ikkje var på plass enda: Økonomi. Det har seg nemleg sånn

at lånekassen ikkje gir støtte dei to første semestra. Det fører til

at alle som må studere må dekke det første året sjølv. Jon måtte

søkje om utsetting eit år, og fekk seg jobb på Danielsen. I tillegg

fekk han stipend av Berklee, noko som er ei stadfesting på at

Jon var meir enn ønska av skulen.

Så etter eit år gjekk turen til Boston, og den unge, lovande, Mandujano

skulle begynne si utdanning.

” Eg var sjølvsagt spent, men det gjekk fort over”, fortel Jon.

Det var nemleg ikkje så stor kultur- forskjell , som han kanskje

hadde tenkt. Han forklarar at studieopplegget kan minne mykje

om det me har på

norsk vidaregåande.

Hovudforskjellen er

at på Berklee må ein

velje nok fag til å få

dei studiepoenga ein

trenger pr. semester.

Likevel var det kanskje

ein ting som var

uvandt for Mandujano.

” Det finst ingen

jantelov i USA. Der er

det meininga å vise alt

du kan”. Han forklarer

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!