26.07.2013 Views

Nummer 2 - Kongshaug Musikkgymnas

Nummer 2 - Kongshaug Musikkgymnas

Nummer 2 - Kongshaug Musikkgymnas

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Når me nærmar oss juni og vårens fargespel og fuglesong

vert løyst av det friske sommarregnet sitrar det

litt ekstra hjå 3.klasse på Kongshaug. Då går nemleg

Kongshaugspela av stabelen. To intense dagar med

konsertar frå klokka ni om morgonen til seks om

kvelden. Kvar enkelt får tildelt 20 minutt der ein får

utfalde seg, syne musikalitet og speleteknisk kvalitet.

Mange av elevane legg gjerne opp til bandlåtar med

full besetning. Grunna færre krefter på enkelte instrument

er det gjerne akkurat i slike anledningar

nokon får kjørt seg litt ekstra. Ein av desse er Matias

Askvik.

Eg spør korleis han opplevde eksamenskonsertane.

Veldig, veldig kjekt. Litt tåkesky og stress,

men alt i alt to veldig artige dagar.

Du spelte på rundt 40 låtar. Korleis var innøvingsprosessen?

Er det utfordrande å skulle hugse alt?

Dei 5-6 mest krevjande kunne eg frå før

av og er låtar eg har øvd på i fleire år. Resten måtte

eg stort sett plukke etter øyra, og når me kom til

påskeferien satt det meste. Sidan eg måtte plukke det

meste sjølv så sat det ganske godt. I tillegg vart det jo

ein god del fellesøvingar dei siste vekene før eksamen

slik at alle skulle vera trygge.

Kva nerver går ein og kjenner på i samband med ein

slik eksamen?

Eg var nummer to ut og kjente det godt når

førstemann spelte og under min eigen, men deretter

kunne eg senke skuldrene og kose meg i langt større

grad.

Kva trur du eksamenskonsertane betyr for Kongshaug

og miljøet generelt?

Kongshaug er flinke til å gjere det ordentleg

med lyd, lys og publikum. Det er ei spennande

ramme, men sjølv om ein kjenner på alvoret

opplever ein det ikkje som ein vanleg eksamen. Ikkje

nok med at heile 3.kl skal i elden, men det er ei rekkje

med 1. og 2.klassingar som òg deltek som akkompagnetørar.

Ein får jo brukt mykje tid med personar

ein kanskje ikkje er like mykje med til vanleg. Heile

førebuingsperioden før eksamen er veldig samans-

veisande på dei som er med.

20

minutt i

rampelyset

Tekst: Sindre Minde

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!