40—41 KOMMUNIKATØREN Det er vanleg i politikk og næringsliv å rekne kultur som eit overskotsfenomen, som noko som kjem etter økonomien og dei sosiale strukturane. Etter dette synet utviklar kulturen seg så å seie ”utanpå” samfunnet. Med slikt utgangspunkt er det lett å tenkje at skiljet går mellom ”høg” og ”låg” kultur og å anten gå inn for det eine eller det andre eller og, som i norsk kulturpolitikk frå 1970-talet, begge delar. Bedriftskunstforeiningar har såleis vorte populære over heile landet, som symbolske teikn på at det no er vanleg alle stader å gjerne ville ha kultur – etter den smak og stand og stilling ein meiner seg å fremje. Då ser ein fyrst og fremst kultur som artefakt, som produksjon av gjenstandar, og ein opererer ut frå ein ide om at det er positivt å omgje seg med kunst- og kulturprodukt. I staden for å oppfatte kultur som i hovudsak dei produkta som blir skapte av kunstnarar og kulturarbeidarar, er det også vanleg å rekne kultur som meiningsproduksjon og idear og normer i samfunnet. Noko som ofte gjev abstrakte diskusjonar om kva som er beste verdiane, tradisjonelt også svært problematiske disksusjonar omkring tilhøvet mellom ”kulturar”, altså norske og utanlandske til dømes, eller etniske grupper. Men kva om kultur i staden bør reknast som ei drivkraft i samfunnet, som regulator av sjølve orienteringsevna til folk? Og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har arbeidd ved Universitetet i Bergen og Université March Bloch i Strasbourg. Han arbeidde 1996-98 med kunst- og kulturfomidling ved HiS og har vore professor i lesevitskap ved Universitetet i <strong>Stavanger</strong> (tidl. HiS) sidan 2002. M.a. leiar for mastergradsprogrammet i lesevitskap og Literacy Studies. Kultur, språk og internasjonalisering (III) at kultur difor kan vere både positivt og negativt, alt etter kva som er resultatet i form av sosiale praksisar, og kva for oppgåver desse praksisane er tenkte å løyse? Då må det tenkjast heilt motsett. Og då kan ein tenkje kultur-omgrepet som ”det som kan lærast i eit samfunn” – av informasjonar, kunnskap, handlemåtar, handverk, haldningar, estetisk vurderingsevne, dømmekraft. Slik tenkte den franske kultursosiologen Pierre Bourdieu (1930-2002), og brukte fire årtier på å studere sosiale nettverk av personar, og måten nettverka regulerer smak og vurderingsevne på, mange samanhengar: utdanningsvesenet frå barneskule til universitet, fritidsåtferda, landbruket, fagrørsla, byggebransjen, bustadmarknaden, kyrkja, rettsstellet, byråkratiet, lokalpolitikken, innvandringsmiljøa osb. Om lag over alt meinte han å kunne påvise at det er kulturen som regulerer evnene til å forme høvelege og raske svar på utfordringar, altså at ”kulturell kapital” er meir fundamental enn økonomisk kapital. Den forma for læring som er høgast skatta i institusjonalisert liv, er å ta oppatt det folk har gjort tidlegare, samstundes som ein etterliknar eller innordnar seg dei personar eller grupper som vert oppfatta som førande i eit sosialt nettverk. Institusjonsliv i alle sine former kan såleis i stor mon verke til å låse fast tilvande handlemåtar, og i liten grad fremje interessa for nye tilgangar til problemløysing. Det meste av opplæringa går jo ut på å studere kva folk før oss har gjort. For Bourdieu stod det slik, at det dannar seg klare sosiale skilje mellom dei som alt i utgangspunktet er så trygge på dei ”klassiske” løysingane at dei kan sjå seg med det same blikket som avantgardekunstnarar; samstundes med at dei kan anerkjenne tradisjonen, kan dei også omdefinere situasjonen. Dette er i eigenleg forstand den kulturelle kapitalen, for det er når ein utviklar slike evner, at ein skaper nye verdiar. Å omgåast det uventa og det annleise, såleis i kunstsamanheng, er også i den forstand med på å gjere oss meir fleksible. Slik handlar all kulturutvikling om å kunne sjå på eigne tilvande førestellingar og vanar med ein utvendig observatørs blikk, og å kjøleg vurdere om ein kunne funne på noko anna.
Sentralt og profilert på Forus Vassbotnen 19 Vi søker leietakere til nytt bygg på ca 16. 500 m2 kontorareal. Foruten en meget sentral plassering på Forus Vest vil det bli lagt vekt på : • Moderne arkitektur • Fleksible løsninger • Muligheter for mindre eller større enheter • Planlagt auditorium • Felles kantine med takterasse • Innflytting 2010 For mer informasjon: kontakt megler på tlf. 51 91 00 50 eller mail stavanger@mork-partners.no