29.07.2013 Views

KYRKJEBLAD - kyrkje... Austevoll - Den norske kyrkja

KYRKJEBLAD - kyrkje... Austevoll - Den norske kyrkja

KYRKJEBLAD - kyrkje... Austevoll - Den norske kyrkja

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

14

Austevoll kyrkjeblad nr 2/2013 Austevoll kyrkjeblad nr 2/2013

Jesus oppfyller lova!

Av Bjarte Vigleik Notnæs

Me kjenner godt til at Jesus, då han vart krossfesta,

oppfylte det som var profetert om han. Sal. 34:21,

Jes.53:4-57, 9,12. Lat oss sjå korleis Jesus òg

oppfylte lova fullstendig då han gav sitt liv for oss.

Jesus var konge, profet og prest då han vandra her

nede på jorda. At han var prest står omtala i Hebr.

5, 7 og 8. Ein prest til evig tid etter Melkisedeks vis.

Melkisedek er samansett av to hebraiske ord som

tyder ”Rettferds konge” (Hebr. 7:2). Ein er ikkje ein

prest utan to ting; han må ha eit alter og eit offer. Og

me skal sjå at Jesus hadde begge delar.

Rettsaka mot Jesus:

Matt. 26:57 Menneska samla her var ikkje berre

Kaifas, men Jesus, dei skriftlærde (ein stad mellom

70 og 120 personar), dei eldste (truleg dei 70 eldste

i Jerusalem). Peter og rådet (truleg det fariseiske

rådet) var der og. Grunnen til at dette vert nemnd er

at alle som var samla der, bortsett frå Peter, måtte

ha kjennskap til lova. Det som no hender vidare i

rettsaka vil dei straks forstå meininga med. Kaifas

var øvstefrest utnemnd av romarane. Øvstepresten

hadde stor makt over folket. Difor hadde dei

utnemnd ein som var deira mann.

Matt. 26:61 Klagemålet mot Jesus var at han hadde

sagt at han kunne riva ned tempelet og byggja det

opp att på tre dagar (Joh. 2:19). Dette fylgde Jesus

gjennom heile tenesta hans og førde han opp på

krossen. Trass skuldinga mot seg så svara Jesus ingen

ting. (Matt. 26:62-63) Då reiste øvstepresten seg å sa

til han: ”Svarar du ingen ting? Kva er det desse vitnar

mot deg?” Men Jesus tagde. Og øvstepresten sa til

han: ”Eg tek deg i eid ved den levande Gud at du

seier oss om du er Messias, Guds Son!”

Det øvstepresten gjer er å leggja fram ein eid for

Gud. Det same som å leggja handa på Bibelen og

gjera eid på å fortelja sanninga. No svarar Jesus

øvstepresten: ”Du seier det sjølv. Men det seier eg

dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja

ved høgre handa at den allmektige og koma på

himmelskyene”. Kvifor gjer han det? Han har vore

still opp til no. Lat oss sjå på lova.

I 3. Mos kap 5 og 6 er det 10 lover som er knytt til

syndofferet og skuldofferet. Lat oss finna ut Kvifor

jesus ikkje Den aller fyrste lova i syndofferet...3.Mos.

5:1 Om nokon syndar ved å la vera å etterkoma eit

offentleg påbod om å vitna om noko han har sett

eller fått greie på, men som han likevel har halde

for seg sjølv, då fører han skuld over seg”. Den

fyrste lova i syndofferet er altså at ein er forplikta

til å fortelja sanninga når du vert teken i eid. Gjer

han ikkje det har han altså brote den fyrste lova i

syndofferet. Så her ser me at Jesus må svara når

øvstepresten har teke han i eid. Gjer han ikkje det så

kan han ikkje gje sitt liv for oss lik eit lytefritt lam. Då

er han ikkje utan synd. Jesus kunne ha svart Kaifas.

Du har sagt det.. Men då hadde ikkje Jesus innrømt

noko. Difor måtte han stadfesta det med det neste

utsagnet. Kaifas visste kva Jesus sa.

Matt. 26:65 Då flerra øvstepresten kleda sine

og sa: Han har spotta Gud! Kva skal me no med

vitne? Sjå, no har de høyrt gudsspottinga. Lat oss

gå til det gamle testamentet og sjå på draktene til

presteskapet og kort sjå på eit av desse plagga. 2.

Mos. 28:31-35. Det fyrste plagget var eit underplagg.

Det andre var ein lang kvit kjortel som gjekk frå

skuldrene og ned til foten. Det tredje plagget, som

me skal sjå på, er eit kort plagg, kalla Efodkjortelen.

Det går berre ned til knea. Dette var eit plagg som

var voven som eit heilt stykke og hadde ingen saum.

Opninga rundt nakken var forsterka slik at det ikkje

skulle vera lett å riva sundt I 3. Mos. 10:6. talar Gud

til Aron og dei to sønene hans gjennom Moses: ”...

de skal ikkje riva sund kleda dykkar, så de ikkje skal

døy.” Så straffa for å riva sund kleda var døden. Legg

så merke til kva Kaifas gjer i Matt. 26:65. Han flerra

kleda sine. Alle dei som var til stades ved rettsaka

visste at han no nulla ut prestedømet sitt og måtte

døy. Men Kaifas døyr ikkje.

Kvifor døyr ikkje Kaifas? Han var ikkje øvstepresten

i rettsaka. Jesus var øvsteprest etter Melkisedeks

vis. Jesus såg ikkje inn i augo til øvstepresten Kaifas.

Det var Kaifas som såg inn i augo til den sanne, store

øvstepresten. Visste Kaifas kven Jesus var? Han

visste det ikkje i tankane, men han tala det ut frå

hjarta (Joh. 11:49-52). Her seier Kaifas at Jesus skal

døy for Israel. Men ikkje berre for Israel, men for

Guds folk i heile verda.

Alle dei som var til stades i rettsaka visste at Kaifas

ikkje lengre var øvsteprest. Men kven skulle då

leggja fram offeret neste morgon? Dei hadde eit

problem som dei ikkje hadde løysinga på fordi dei

ikkje makta ha ein ny kjortel til neste morgon. For

kva skulle øvstepresten gjera då?

La oss gå til 2. Mos. 29:38-42. Kvar morgon og kveld

måtte eit offer leggjast fram. Morgonofferet måtte

døy kl. 0900, ettermiddagsofferet kl. 1500. Så neste

morgon kl. 0900 måtte det vera eit lam som vart

lagt på alteret. Kvar morgon og ettermiddag vil

øvstepresten koma til alteret, dela lammet i fem

delar; hovudet, høgre og venstre frampart, høgre

og venstre bakpart, og legga desse på alteret. Når

øvstepressten såg at dette lammet, som var utan lyte

var heilt brent opp så strekte han ut hendene sine,

løfta hovudet mot himmelen, og erklærte offeret:

NEGMAR. Det er fullført. Han gjorde det same med

offeret kl. 1500. Men Kaifas kunne ikkje gjera dette

fordi han hadde rive sund klede sitt.

Kva hendte under krossfestinga? Joh. 19:23-24.

Jesus var den sanne øvstepresten. Dersom kjortelen

hadde vorten riven sund så ville det ha nullstilt

presteembetet hans. Difor vart kjortelen hans kasta

lodd om og ikkje riven. Joh. 19:30 Jesus sa det er

fullført Men då Jesus ikkje tala norsk så ropte han ut

på arameisk det same ordet som øvstepresten bruka

når han hadde ofra lamma, nemleg ordet NEGMAR.

DET ER FULLBRAKT. Det er perfekt for all tid og for

alle menneska. Jesus sa at ”eg er offerlammet som

tar bort synda frå verda”.

Krossfestinga i Mark. 15:25. Den tredje timen er kl.

0900 då det første lammet skulle døy, vart Jesus

nagla til krossen. Mar. 15:33 Den sjette timen er kl.

1200, 9 timen er kl. 1500. to lam måtte døy kvar dag.

Men ikkje denne dagen for dette er ein heilt spesiell

dag. Ein gong om året er det tre lam som må døy. 2.

Mos 12:3,6 Dette lammet må døy kl. 1500. Så denne

dagen, når Jesus vert krossfesta, vert det lammet

som skulle ofrast kl. 1500 framskunda til kl. 1200

fordi påskelammet skulle døy kl. 1500. Jesus døydde

nøyaktig då påskelammet skulle slaktast kl. 1500.

Då vart vårt påskelam, Jesus, ofra slik paulus seier i

1. Kor. 5:7. Og vegen like inn til Herren vart opna for

oss alle.

I Joh. 20:4-8 les me om Peter og Johannes som

kappspring til den opne grava. Johannes stoggar

utanfor medan Peter går inn. I grava såg Peter at

linkleda var lagt fint saman og Johannes kom inn og

såg det same, og det står at då trudde Johannes.

Kva var det som gjorde at Johannes trudde? Han var

ein lærd mann og kjende skriftene. Han visste kva

Jesus hadde sagt skulle vera eit teikn, ”tre dagar og

tre netter i hjarta av jorda” (Matt 12:39-40). Men

han såg og linklede som låg der. Då visste han for

sikkert at Jesus var øvstepresten. Han kjende til det

som står i 3:Mos 16:21-23 ”Og Aron (øvstepresten)

skal leggja begge hendene sine på hovudet til den

levande bukken og sanna alle misgjerningane og alle

brota og alle syndene til Israels-folket over hovudet

hans. Han skal leggja dei på hovudet til bukken og

senda han ut i øydemarka med ein mann som står

ferdig. Og bukken skal bera alle misgjerningane

deira med seg ut i villmarka, og så skal han sleppa

bukken laus i øydemarka. Deretter skal Aron gå inn i

samlingsteltet og ta av seg linkleda som han tok på

då han gjekk inn i heilagdomen. Og han skal la dei

vera der. Sanneleg, Han er vår øvsteprest.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!