29.07.2013 Views

KYRKJEBLAD - kyrkje... Austevoll - Den norske kyrkja

KYRKJEBLAD - kyrkje... Austevoll - Den norske kyrkja

KYRKJEBLAD - kyrkje... Austevoll - Den norske kyrkja

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

16

Austevoll kyrkjeblad nr 5/2012 Austevoll kyrkjeblad nr 5/2012

Påskedrøs

Påske er ei av dei tre store kyrkjehøgtidene våre. I vår

kristne lære er påskehelga ei minnehøgtid om innstifting

av nattverd, Jesu liding , krossfesting , død og oppstode.

Jødedommen har og si påskehøgtid, men dei minnest

utferda si or Egypt. I begge høve var det mykje som

hende, utan at det skal refererast her.

I motsetning til juledag er påskedag ikkje datofesta,

men plassert på første sundag etter første fullmåne

etter vårjamdøger. Det medfører at påske kan koma

tidleg eller seint – mellom 22. mars og 25. april -. I 2013:

Vårjamdøger 20/21 mars, fullmåne 27. mars, sundag/

påskedag 31. mars, - tidleg påske . Overgangen frå

vinter til vår er i full gang i dette tidsrommet, og naturen

endrar seg mykje. Det gjer sitt til at påske gjerne blir

både ei vinterleg og vårleg helg.

Sjå berre på påskeliljene med sin tendens til å stikka opp

av den siste snøen; for så å kunna bløma når helga er

der, tidleg eller seint. Men vakrast og mest utbreidd er

dei i april. Det er eit fint syn med gule bøar av påskeliljer

og ei vinterjord i forandring. Snøklokkene er og med

og pyntar opp. Våren er i emning. Var det kanskje difor

Bjørnson skreiv slik: ”Jeg velger mig April”?

Dei store høgtidene er oppretta ut frå bibelske tekstar,

som blir flittig brukt av kyrkja i forkynninga. Men mykje

folk har også lagt annan bruk og aktivitet av meir

jordnære slag til helgene. Er jula t.d. mest ei heimehelg,

- jfr.uttrykket ” heim til jul”, - så er påskehelga meir

brukt som utfartshelg. Folk dreg til fjells, særleg, men

og til kyst og sjø, sumtid til utland.

Fjellutfart er kanskje ein skikk av litt nyare dato på

våre kantar. Men den har fått godt fotfeste og breidd

seg blant folk. Gamle foreldre til dei som i dag boltrar

seg i skiløypene, var sjølv lite med på slikt. Dei synest

likevel det er greitt at etterslekta deira får delta. No

nyter mange påskehelga i sol over kvite vidder om

dagen, og tyr til hytte eller høgfjellshotell når kvelden

og natta stundar til. Det hender ofte at presten kjem og

held friluftsmesse for folk som rastar i solveggen eller

solhallet, der det er minst like mange tilhøyrarar som i

kyrkja.

På våre kantar har ein noko lenger røynsle med å søkja

rekreasjon ved kyst og sjø. Der bur ein, der ligg båten.

Den er blitt større og meir moderne enn før. Maten

kan tillagast og serverast om bord eller i land – alt etter

som. Køyene er oppreidde og like gode å sova i som ei

hotellseng. Dette er påske for somme.

Ver og naturtilhøve er ein viktig faktor anten du er her

eller der. Kvite vidder kan snart bli rok og fok, stundom

med snøras i fjellsidene. Idylliske viker og blikkstill

sjø viser stundom eit morskare andlet og jagar deg

heim. Dette må inngå i turplanane og gjevast akt på.

Dreg du til sørlege utland, er det venteleg gode sjansar

for godver.

Me skal ikkje spørja om eller filosofera over kvifor og

kvar ein dreg av garde på påsketurar. Kvar og ein har

sine grunnar. Det er berre blitt slik, og det er som med

utviklinga i tida: Uhyre vanskeleg å skru tilbake. Kanskje

freistar ein ikkje så hardt heller. Ein vil tru at dei fleste

opplever god og nyttig avveksling frå dagleglivet, og det

skal me gjerne unna kvarandre.

God påske - og god tur!

Olav Drivenes.

SALMEBLOGGEN

Påskemorgen slukker sorgen

Påskemorgen slukker sorgen,

slukker sorgen til evig tid;

den har oss givet lyset og livet,

lyset og livet i dagning blid.

Påskemorgen slukker sorgen,

slukker sorgen til evig tid.

Redningsmannen er oppstanden,

er oppstanden i morgengry!

Helvede greder, himlen seg gleder,

himlen seg gleder med lovsang ny.

Redningsmannen er oppstanden,

er oppstanden i morgengry!

Påskemorgen slukker sorgen, er ei av våre aller

kjæraste påskesalmar, full av jubel og glede over Jesu

oppstandelse. Salma er skriven av Nikolai Fredrik

Severin Grundtvig i 1843 og du finn den i Norsk

Salmebok nr. 184. Ludvik M. Lindemann sette melodi

til salma i 1864.

Grundtvig var dansk prest og salmeforfattar og

levde frå 1783 – 1872. Mellom andre kjente salmar

han har skriv kan me nemna: Deilig er den himmel

blå, Det kimer nå til julefest, Apostlene satt i

Jerusalem, Alt står i Guds faderhand og Kirken den

er et gammelt hus. Grundtvig har skrive rundt 1500

salmar, noko som gjer han til ein av våre største

salmediktarar. «Påskemorgen» har underleg nok

ikkje høg status i Grundtvigs heimland, Danmark,

men hos oss ville vel ei påskegudsteneste utan

denne salma nesten vera utenkjeleg. Litt av

forklaringa er nok Lindemanns melodi. Den gjeve

salma eit realt løft og understrekar påskemorgonens

jublande bodskap. Tenkjer eg attende på 1.

påskedagsgudstenestene då eg var liten gut, er

det fyrst og fremst denne salma, og den sterke

overtydane songen, som sit att som eit sterkt minne.

Egil Elseth har i boka «Mennesket – et guddommelig

eksperiment» kommentert Grundtvigs salme. Han

Sangen toner, vår forsoner,

vår forsoner til evig pris;

han ville bløde for oss å møte,

for oss å møte i paradis.

Sangen toner, vår forsoner,

vår forsoner til evig pris.

Bøtt er brøden, død er døden,

død er døden som syndens sold!

Nå ligger graven midt i gudshaven,

midt i gudshaven i Jesu vold.

Bøtt er brøden, død er døden,

død er døden som syndens sold.

Se, i skarer opp vi farer,

opp vi farer fra grav i sky.

Tungene gløder, Herren vi møter,

Herren vi møter med lovsang ny.

Se, i skarer opp vi farer,

opp vi farer fra grav i sky.

skriv følgjande: «Påskemorgen slukker sorgen, er et

overdådig gledesutbrudd. Det er som om Grundtvig

mobilserer alle sine dikteriske virkemidler og spiller

på alle strenger. Det voldsomme budskapet baner

seg vei i innholdstunge kortsetninger. De spikrer

sannheter fast med ordspråkets fynd.» Setningar

som: «Redningsmannen er oppstanden», «Helvede

greder, himlen seg gleder», «Bøtt er brøden, død er

døden», understrekar nettopp dette.

Grundtvig var meir enn dei fleste ein prøva mann.

Men han gav aldri opp og let ikkje dei tunge

stundene prega livet sitt. Han elska livet og gjekk

ikkje med på å resignera. Han kjempa seg heller

igjennom det vonde, til han sigra. Han visste å setja

pris på at dødens brodd var overvunnen og var ein

talsmann for den glade og frimodige kristendomen.

Verset om bortrykkinga er ikkje skrive for at me skal

bli nedtrykte. Det er ein trøstefull bodskap til alle

truande. «Så trøyst kvarandre og set mot i kvarandre

med desse orda!» seier Bibelen. JTN.

Kjelde: Leif Haugen’s salmeblogg

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!