03.08.2013 Views

fornybar energi bachelor - UniFlip.com

fornybar energi bachelor - UniFlip.com

fornybar energi bachelor - UniFlip.com

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

34 STUDENT hSf STUDENTar

SOM fOrSkar

katastrofeforskarane

Djupe fjordar, bratte fjell, isbrear som smeltar

og vêrtilhøve som berre vil bli meir ustabile når

klimaendringane tek tak for alvor. Julie Heggdal

Velle (21) og Geir Magne Tyssebotn (36) har valt

å forske på den farlege geologien

Dei to tredjeårsstudentane skriv no

bacheloroppgåva si med utgangspunkt

i ei skredutsett dalside.

- Me vil prøve å finne samanhengen

mellom nedbør, endra klima og det som

heiter poretrykk. Å måla poretrykket

handlar om å kartleggja fastheita

i underlaget. I oppgåva vil me analysere

dette komplekset, og forhåpentleg

utvikle parameter som kan fortelje oss

når eit eventuelt skred kan bli utløyst,

seier Geir Magne.

gEOlOgISTUDENTaNE på HSF kan

i sitt siste semester på bachelor ta

spesialisering innanfor det som har

fått namnet Geohazards and climate

change. På norsk heiter det geofare.

Studiet tek for seg naturkatastrofar og

søkjer å problematisere korleis dei oppstår,

og kva ein kan gjere for å førebyggje.

– Sogndal ligg svært godt plassert for

å studere geofare. Skred er ei aktuell

problemstilling på Vestlandet, seier

Stein Bondevik. Han er professor i geologi

ved HSF.

STEIN har fOrSka på tsunamiar sidan

tidleg på 90-talet, eit fenomen som ikkje

vakte særleg interesse utanfor akademia

før flodbølgjekatastrofen råka Asia

i romjula 2004. Sidan har fokuset på

ekstremvêr tatt av.

-gEOfarE er eit omgrep som vert brukt

når dei geologiske tilhøva vert farlege

for folk, forklarar professoren.

– Me veit at klimaendringane vil føre til

fleire ras og meir ustabil geologi. Derfor

treng me fleire geologar med kompetanse.

vESTlaNDET var åSTaD for heile tre

tsunamikatastrofar i førre hundreår.

– Det er berre eit tidsspørsmål kva tid

det skjer igjen. Derfor er det viktig å

kartleggje ustabile fjellsider. Me må

finne dei, forstå dei og tolke om dei er

farlege eller ikkje, seier professoren

og viser til beredskapen rundt det

risikoutsette Åkneset på Sunnmøre.

Korleis ein studerer slike risikoområde,

er ein del av studieprogrammet.

prOfESSOrEN håpar han kan vere med

på å utdanna geologar som kan vurdere

skredfare i framtida.

- Dei funna som studentane gjer

i bacheloroppgåver, vil vere verdifulle

for forskarane. Vi brukar materiale frå

studentane sine arbeid som underlag

for å forstå meir.

- Me treng folk som kan bistå med

kunnskap om skred og fare knytt til

nedbør, seier han. Det vil alltid oppstå

naturkatastrofar. Me må berre finne

måtar som gjer at me kan leve med dei,

seier professoren.

jUlIE Og gEIr MagNE seier at faget er

spanande, og at ein medverknad til det

er førelesarane.

-Me har enno ikkje møtt på ein førelesar

som ikkje brenn for faget. Det er vanskeleg

å ikkje bli smitta av engasjementet, seier

dei to og legg til:

- Det er ei allsidig utdanning. Me kan reise

kor me vil. Jobbar er å finne både i det

offentlege og i private konsulentselskap.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!