03.08.2013 Views

fornybar energi bachelor - UniFlip.com

fornybar energi bachelor - UniFlip.com

fornybar energi bachelor - UniFlip.com

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

42 STUDENT hSf

vIkTIg INfOrMaSjON fOr DEg SOM Er STUDIESøkjar

STUDIEår – STUDIEpOENg – graDar kOMME gODT I gaNg – Og fUllførE STUDIET

I samsvar med det internasjonale gradssystemet utgjer

eit fulltids studieår 60 studiepoeng.

bachelorstudium - er normert til tre år og tilsvarar

180 studiepoeng.

Fullført bachelorstudium gir ein bachelorgrad.

årsstudium - tilsvarar 60 studiepoeng. Eit årsstudium gir

ingen grad, men kan i mange tilfelle bli brukt for å byggje

ein bachelorgrad.

Masterstudium - er eit toårig fordjupingsstudium

som byggjer på ein bachelorgrad og fører fram til

ein mastergrad.

OppTakSkrav

Dei fleste bachelorstudia og årsstudia har generell studiekompetanse

som opptakskrav. Generell studiekompetanse

får du på grunnlag av fullført vidaregåande opplæring eller

ein kombinasjon av utdanning og praksis.

Realkompetanse gjeld søkjarar som har fylt 25 år, og som ikkje

har generell studiekompetanse. Realkompetanse er individuell

vurdering av søkjaren sine samla kvalifikasjonar ut frå utdanning

og arbeidspraksis vurdert opp mot aktuelle studium.

Ein del studium har definerte opptakskrav. Sjekk alltid nøye

kva som gjeld for det studiet du er interessert i.

SøkNaD Og SøkNaDSfrIST

Dei aller fleste studia søkjer du gjennom Samordna opptak.

Nokre få studium søkjer du direkte til Høgskulen i Sogn og

Fjordane. Kva for søknadsmåte du skal bruke, står i alle

studieomtalane på hisf.no.

Søknadsfristen er 15. april. Søkjarar som skal bli vurdert på

anna grunnlag enn ordinært opptaksgrunnlag, til dømes på

grunnlag av realkompetanse eller utanlandsk utdanning,

må søkje innan 1. mars.

STUDErE I UTlaNDET

Drøymer du om å studere i utlandet? Vil du følgje reiselysta

di samstundes som du studerer? Då skal du vite at alle våre

bachelorutdanningar har lagt til rette for at du kan ta delar

av studiet eller eventuell praksis i utlandet.

DU Skal ha DET bra SOM STUDENT

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane - SISOF tilbyr

bustader, kantiner, barnehagar, kro, bokhandel og psykososial

rådgjevingsteneste. Dei har fleire typar hyblar og leilegheiter

av høg standard med internett inkludert i husleiga. Både studentbustader

og andre husvære er rimelegare i Sogndal og Førde

enn i dei større byane. Det er fullt mogeleg å bu godt og

sentralt for under 2500 kroner. Dei fleste bur så nær skulen at

dei ikkje treng bruke pengar på å komme seg frå bustaden til

skulen. Du kan søkje om bustad før du har fått studieplass.

Vi ønskjer at du skal få mest mogleg ut av studietida di og

legg vekt på å skape ein god studiestart. Gjennom fadderordninga

håper vi du finn deg til rette frå første dag. Fadrane

dine vil hjelpe deg godt i gang med dei faglege og sosiale

aktivitetane.

Alle får kurs i studieteknikk, og du kan melde deg på forkurs

i matematikk om du ønskjer det. Du får tidleg i studiet

orientering om HSF sitt læringsmiljø og om bibliotekog

datatenestene våre.

Du skal til ei kvar tid vite kva som er opplegget for deg

framover. Og blir du i tvil om noko undervegs i studiet,

tilbyr vi deg studierettleiing.

TIlrETTElEggINg I STUDIET

Mange har særskilte behov av ulik karakter. Ved HSF har vi

lang erfaring i å finne fram til ordningar som kan hjelpe dei

som treng ekstra tilrettelegging for å kunne gjennomføre eit

studium. I nokre tilfelle kan det vere snakk om forlenga tid på

eksamen eller hjelpemiddel i form av pensum på lydbok eller

pc. Vi har også ”Studier med støtte (SMS)”, eit lågterskeltilbod

til studentar med psykiske problem.

Du finn meir informasjon om alt dette på hisf.no og sisof.no

Er det noko du lurer på, bør du ringe HSF på telefon 57 67 60 00

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!