29.08.2013 Views

Lederforum nr. 4 2005 - KFUK-KFUM-speiderne

Lederforum nr. 4 2005 - KFUK-KFUM-speiderne

Lederforum nr. 4 2005 - KFUK-KFUM-speiderne

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

8

volleyball. Alle bidrog til å gjera turen så

kjekk som mulig. Nokon av oss lærte å spela

tromme av palestinarane. Me fekk læra

nokre arabiske ord av dei, og dei prøvde å

læra norsk. Me lærte til og med ein av dei å

synga “Lille Petter Edderkopp”.

Då me vakna dagen etter, var det heilt vindstille,

så me kunne lett ha padla frå campingplassen.

Me hadde likevel bestemt oss for

å kjøra med buss til enden av vatnet, der

onsdagsetappen opprinneleg skulle starta

frå. Me pakka ned telta og resten av bagasjen

før bussen henta oss.

Stengde sluser

Etter å ha padla 5,5 km, var me komne til

den andre slusa. Då var nokre av oss så slitne

at dei heller ville køyra. Omlag halvparten

av oss fortsette, men nå var slusene stengde,

så me måtte bera kanoane forbi slusene. Me

kom fram til soveplassen, som var ein

kjempe fi n plass med grasdekka strand heilt

ned til vatnet etter å ha padla 12 km og då

var alle ganske utgåtte. Me måtte likavel

setja opp telta og lage mat.

Kanovelt og slusepadling

Nest siste dagen fekk alle velja om dei ville

padla igjennom nokre sluser eller om dei

ville vera på Nomestranda og padla litt der.

Før dagen var skikkeleg starta, var det nokre

palestinarar ute og padla pluss Ingjerd og

Lillian. Nokre av dei norske speidarane merka

ikkje at dei var for langt ute, før det var

for seint. Då ville me ha eit lite kappløp mellom

dei norske jentene og Abed og Dave, to

av dei palestinske gutane. Me veit ikkje heilt

korleis det skjedde, men kanoen til Abed og

Dave kantra. Ingjerd og Lillian måtte redda

dei fordi dei var nærmast.

Alle kom seg trygt i land. Etter litt kjeft frå

Atle, leiaren, for å ha vore for langt ute, fór

ein gjeng og padla slusene. Det er veldig artig:

Inne i slusene blir nokre store tredørar

stengde igjen, så blir luker i botnen av dørene

opna, og vatnet fossar ut av det kammeret

me er i. Når vatnet har sunke til same nivå

som kammeret nedom eller elva utanfor, vert

tredørene opna og me padlar vidare.

Siste kvelden

Me som ikkje ville padla torsdagsetappen til

Ulefoss, tok ut liggjeunderlaga og solte oss.

Me låg lenge og bare koste oss. Vi norske

jentene lærte noko verdifullt av Issa, som

me aldri kjem til å gløyma. Han sa: ”God

made every human beautiful.” (Gud skapte

alle menneske vakre).

Dette var den siste kvelden, så ungdommane

tok seg ein liten tur og det går ikkje så

greit når det er to ”galne” palestinarar der

som spring midt i vegen når det kjem bilar.

På kvelden hadde me leirbål, der våre palestinske

vener fekk fortelja om korleis det er i

Palestina. - ”Me lever ganske normalt, går på

skule og dei vaksne går på jobb. Kjem heim

igjen og går og legg oss. Før hadde me det

bra, men etter den siste Intifadaen kom det

strenge restriksjonar, portforbod, og det er

blitt bygd ein 8 meter høg mur som har

stengd palestinarane ute frå 90 prosent av

vassressursane sine, jordeigedommane sine,

arbeidet sitt og slektningar. Me elskar fred

og me elskar frihet. Det har me ikkje nå.”

Livslad gjeng

Fredag morgon måtte me pakka saman telt

og utstyr. I starten av bussturen heim var

alle så trøytte at me låg og sov på kvarandre,

men etter litt mat i magen og litt brus

kvikna me til. Dei palestinske stod i midtgangen

og dansa, song og spelte trommer.

Då me kom heim til Etne, blei palestinarane

henta av vertsfamiliar som dei skulle bu hos

i nokre dagar.

Eg er glad for at eg fekk lov til å vera med på

denne turen og bli kjent med ein så livsglad,

utadvent og kjekk gjeng. For å sei det litt

lettare: Eg ville ikkje for alt i verda vore utan

denne turen og dei fantastiske vennene eg

har fått.

Tekst: Lillian Frette Litlehamar

Foto: Kari Aas Onstein og Atle Aas

I solveggen med nye vener. Frå venstre: Lina,

Lillian (artikkelforfatteren), Dave og Munna.

lederforum_4_05_KR.indd 8 06-12-05 14:08:15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!