09.09.2013 Views

Last ned PDF - lokomotiv

Last ned PDF - lokomotiv

Last ned PDF - lokomotiv

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Historisk tekst: Sirdalmagasinet har fått tilgang til et stykke historie skrevet av Lars T. Solskar (1906-1976).

Her får du innblikk i hvordan det var i Sirdalheiene tidlig på 1900-tallet.

FrÅ deN tId bjørnEn

gJekk og rUSLa

I SIrdaLSHeIaNe

Det er no yver 60 år sidan det gjekk og rusla bjørn i Sirdalsheiane og

gjorde heiane utrygge til å ferdast i. Verst var det å passa på bufeet i dei

dagane. Ein kunde ikkje sleppa verken sauer eller kyr på sjølvstyr, men

ein hjuring måtte fylgja budskapen heile dagane.

D

Tekst: Lars T. Solskar, 1974

et hende at bjørnen kom og fekk seg

ei steik um ein passa aldri so godt på.

Verst var det ym hausten når det vart myrke

kveldar og netar. I den tidi var det mange

som ikkje hadde buskapen i fjøset um netane

i summartidi, men dei hadde både sauer og

kyr ståande i ein gard utanfor husi. Ein gard

som var laga av grindar. Der av har me fenge

ordtaket når bufeet gjekk rolig: Det er som

dei stod i grendar.

REDD ELD

Ein haust då både sauer og geitar og kyr stod

i ein slek garde på garden Tolvkyrhelleren,

eller Helleren som garden vart kalla til han

vart set under vatn av Sira-Kvina. Seint um

kvelden kom bjørnen og krøteri vart so redde

at dei sprengde garden og fòr alle vegar.

Men kona på garden var snartenkt, ho fann

fram noko nevrar og bant fast på ein staur,

sette eld på dei og sprang so ut og skreik og

svenga med eldstaven. Og er bjørnen redd

noko, så er det eld, og han rømde sin veg.

Å få samla inn att krøteri i myrke kvelden

var uråd, men um morgonen kom alt att. Det

siste som fann veien til gards var eit lite lam.

På ein gard i Suleskard våga dei ikkje til å

senda smalen til skogs um våren, men hadde

sauene heime i band heile summaren.

I Ousdal kom ein stor slagbjørn like heim

til husi og drap. Ola Ousdal, som var ein god

bjørneskytar, la seg på vakt etter bjørnen

med eit lamb han hadde drepe. Men bjørnen

kom ikkje att, derimot hadde han um natti,

lenger inni dalen, slege i hjel ein flokk kje

og ein risbitbokk. Kjei og bukken hadde

bjørnen samla i ein haug og lagt torv yver.

Natti etter låg so Ola og broren Tarjei på vakt

her, men bjørnen kom ikkje no heller. Han

hadde same natti reist lenger inn i dalen

og slege ned ein liknande flokk, og ein fekk

seinare greida på at bjørnen etter dette hadde

drege yver til Fidjelandsheia.

PÅ LIVET LAUST

For heiagjetarane var bjørnen leid. Ein kunde

ikkje sleppa smalen på sjølvstyr som i dag,

men ein måtte fylgja drifti heile dagane, som

det heite. Ein låg ikkje på same staden heile

summaren, men flytte rundt um i heiane

etter som beite minka. Hytter hadde dei ikkje

alle stader til å bu i, men i staden låg dei under

hellerar, og merke etter desse bustadene

syner no rundt um i heiane. Um ein legegjete

måtte ein passa godt på, men det likevel

hende det at bjørnen kom på gjesting, og då

gjekk det som oftast på livet laust.

tolleiv syntes han såg noko

svart burte på lega og sikta og

skaut i den retninga. Bjørnen

sette i eit fælt brøl, karane vart

redde og sprang mot døri som

vart so liti at ho berre gav plass

for ein um gongen, men no

kom dei inn båe samstundes.

Ikkje alle hadde børsor med so som Tolleiv

Åsen og Sven Figved som låg på Ravnslega i

Suleskardsheii. Den tid var det berre mundladningsbørsor,

og kulene støypte ein som

regel sjølv. Det hadde Tolleiv Åsen og gjort, av

bly han hadde fenge i Suleskard.

Det var mykre kvelden, og dei hadde lagt

seg då bjørnen kom, og det vart eit fælt leven

utanfor. Tolleiv treiv munladningsbørsa

som stod lad og ferdig til bruk og fòr ut og

Sven etter. Tolleiv syntes han såg noko svart

burte på lega og sikta og skaut i den retninga.

Bjørnen sette i eit fælt brøl, karane vart

redde og sprang mot døri som vart so liti at

ho berre gav plass for ein um gongen, men no

kom dei inn båe samstundes. Innkomne treiv

Sven øksi og sat med den medan Tolleiv ladde

byrssa på nytt. Ute vart det stilt og ingen

bjørn kom, men då dei kom ut um morgonen

fann dei bjørnen dau på lega.

Fullt så godt gjekk dei ikkje i ei av Setesdalheiane

i nerheten av Håheller der Kitel

Kydland låg. Her kom og bjørnen ein mørk

haustkveld, og um morgonen låg det ikring

50 drepne smålom. Kitel sa seinare at det såg

ut som ei slagmark.

BJØRNESKYTAR ASLAK TVEITEN

Det var mange dugande bjørneskytarar i den

tidi, og den mest kjende var Aslak Tveiten

som skulde ha skote 19 bjørnar i si tid. Det var

med livet som innsats til å vera bjørneskyttar

i den tidi, for ein hadde berre mundlandningsbørsor,

og skade skaut ein då bjørnen,

var det ofte fare for livet, for ein fekk ikkje la

børsa att so fort som bjørnen kunde koma.

Dette fekk Aslak røyna ein gong. Han fekk

berga seg upp på ein stor stein, men bjørnen

kom etter og Aslak slog då sund kolben på

børsa i skallen på bjørnen, og fekk so koma

seg yver til ei fjellups. Ola Ousdal som eg før

har fortalt um, var og ein god bjørnejeger.

Ein gong han var på bjørnejakt saman med

Torkell Kvinen, kom dei yver 4 bjørnar i ein

flokk, og dei fekk sjoto tvo. Det var merke på

at det var mykje med bjørn i heiane i gamle

dagar. Det er fortalt at Per Knaben skaut tri

bjørnar ein gong. Det var ei binna med tvo

ungar.

Sirdalmagasinet · 1 / 2011 33

magasinet

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!