09.09.2013 Views

Last ned PDF - lokomotiv

Last ned PDF - lokomotiv

Last ned PDF - lokomotiv

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

34

magasinet

Sven Bakken Sinnes og Torkell Myre skaut

i 1908 ein bjørn med Elsvatn nord for

Flattstøl, eller pålag ei mils veg inn i heii

frå Ådneram. Sven Bakken var den siste

bjørneskytaren som levde, han døde for 2-3

år sidan burt i mot 100 år gamal.

JæRBØNDENE SELDE SUEBEITE

Då det var eit stort sauetap i heiane på grunn

av bjørnen vilde bøndane på Jæren slutta

med smale og gå yver til kyr og meieridrift.

Heiane vart då mest verdilause, og då so dr.

Heiberg kom i 1908 for å kjøpa heiar til jakt,

var det mange som selde. Dei fleste bøndane

i Ådneram og Suleskard selde til Heiberg. Eit

par av Suleskarsheiane var tidelgare selde til

jærbuar til sauebeite, men no selde ogso jærbuane

heiane sine til Heiberg. Lenger framsynte

var dei ikkje, og det er mest bjørnen å

takka for at heiane vart selde i frå gardane,

noko som alle har angra på sidan.

Dr. Heiberg leigde folk til å driva jakt

på alt rovvilte for å rydja det ut. Dei sette ut

sakser og la ut gift. Og etter som rovviltet

minka, aukte det matnytiga småviltet til, og

det vart mange rike rupeår i Sirdalsheiane.

Berre i Øvre Sirdal vart det um vintrane fanga

ikring 100 000 ruper, og Hieberg saman med

Sirdalmagasinet · 1 / 2011

Lars T. Solskar skreiv denne teksten tidleg på 70-talet. Då var han i 60-åra.

Han gjer eit levande bilete av korleis Sirdalsheiene var rundt 1900-talet.

Foto: M. Espeland

vennen sin Rosenberg skaut 900 ruper på 14

dagar i haustjakti. Ein engelskmann skaut

uppe med Øyravatnet på 75 ruper på ein dag.

I dag lærer vilkunsulentane det motsatte:

At ein må ikkje gripa inn i naturen. Naturen

skal ordna seg sjølv, ved å drepa ned rovviltet

skiplar ein balansen. Men det vert fleir

og fleir kvart år som driv klappjakt på rupa

medan roviltet skal vera freda. Kvar finn ein

balansen i naturen her? Nei fredning av alt

rovvilt er berre eit lekk i planen til å leggja

fjellbygdane øyde. Er me tente med ei slek

utvikling? Svaret bør vera nei.

SISTE BJØRN SKOTEN I 1911

Men jærbuane slutta ikkje med smale, og

no kom dei til dr. Heiberg for å leiga heiar til

sauebeite, noko som Heiberg var uviljug til

å børja med, men etter kvart leigde han ut

fleire heiar til beite samstundes som han

nytta heiane til reinsdyrjakt um hausten

etter at smalen var samla heim.

Den siste bjørnen vart skoten i 1911 i

nærleiken av garden Sirekrog. Det var ikring

påske at Lars Sirekrog som då berre var ein

ung gut på 17 år skulde til skogs og køyra

heim høy. Dei på Fidjeland har slåtane og

stølane sine upp for Sirekrog, og Lars fekk då

Lars T. Solskar (1906-1976)

Fødd i Bjerkreim, men etter at moren

døde i barselseng flytta han til tanta

i Suleskar. Her budde han heile livet,

og til tross for lite skolegang, lærde

han seg det han fekk trong for. Han

skreiv mykje i aviser i Rogaland og

Vest-Agder, i tillegg til i årbøkene til

Sirdalutvalget.

fylgje med Torjus T. Fidjeland. Lars Sirekrog

hadde den lengste veien, og på heimveien

såg han av spori at Torjus var fyre. Som no

Lars høyrer, vert han merksam på nokre

store spor og forstod at det var bjørnespor,

og han vart litt fælen. Då so Lars kom heim

til Sirekkrog, hadde Torjus sakt i frå der at

Lars måtte ikkje dra på bjørnejakt åleine, og

no vilde han få fleire folk med frå Fidjeland.

Lars hadde ei remington-rifla som han um

kvelden gjorde i stand til bjørnejakti. Tidlegt

um morgonen kom Torjus T. Fidjeland att

og hadde meg seg Ola J. Fidjeland og broren

Eilef Vatnedal. Alle tri hadde Retmingtonrifler

med. Dei fann straks spori frå dagen før

og fylgde dei heile dagen utan å sjå noko til

bjørnen.

Me er våre forfædre takknemmlege

for at dei fekk rydja

ut ulven og bjørnen med dei

primitive våben dei då hadde.

den arven bør me byggja vidare

på so me kan halda heiane

reine for rovviltet, for då vil våre

etterkomarar sjå upp på oss.

Då kvelden kom, gav dei upp og reiste

heim. Um morgonen bar det ut på nytt

etter spori som førde dei ned til Fidjeland.

Her hadde trulegt bjørnen vorte skræmd

og snut nordyver att på det fjellet som er

på vestsida av Ortevatnet og kome ned til

stølen Raudelkroni som ligg mest uppe med

Sirekrog. Her fekk dei auga på bjørnen, men

det var langt hold. Eilef Vatnedalt elde til tri

og so small det i frå alle fire Remingtonnane.

Bjørnen vart såra og bykste på Sira som rann

fossande her, og symde yver til den andre

sida. No måtte jegerane gå langs Sira ned til

Ortevatnet der dei såg bjørnen koma i land.

Lars og Eilef var no litt fyre dei andre då dei

såg bjørnen att. Han hadde då blødt ein del,

og gjekk ikkje so fort lenger, so dei tok han

att uppmed Sirekrogfossen. No skaut Lars og

Eilef på bjørnen att, bjørnen datt, men kom

seg upp att og sprang rett på fossen, men det

var berre med naudi han kom seg på land på

andre sida. No måtte jegerane taka umveien att um Ortevatnet

for å koma yver til der bjørnen låg.

Det var ein hannbjørn, og dei seldte han til Per Ivarson

Lunde for 150 kroner. Han reiste til Oslo med han. Saman

med premien vart det 85 kroner på kvar av jegerane som var

ei god innkoma i den tidi.

TRYGT I SIRDALSHEIANE

Sidan denne bjørnejakti har ein ikkje merka meir til bjørn i

Sirdalsheiane. Kyr og sauer har fenge gjenge i fred på beite

um summaren, og folk har kunne ferdast trygt i heiane.

I dag heiter det at me må ikkje rydja ut rovviltet for våre

etterkomarar for elles vil dei fella ein sterk dom yver oss.

Det er ikkje sant. Me er våre forfædre takknemmlege for at

dei fekk rydja ut ulven og bjørnen med dei primitive våben

dei då hadde. Den arven bør me byggja vidare på so me kan

halda heiane reine for rovviltet, for då vil våre etterkomarar

sjå upp på oss. Me er ikkje tente med at heiane våre er ein

rovviltpark der ein ikkje kan beita husdyr lenger og ikkje

kan ferdast trygt utan å hava med seg våpen.

Nei, heiane skal vera beitemark for husdyr og der det

matnytiga viltet kan få vara i fred for auka og trivast. Der

byfolki kan få ferdast som turistar og der dei kan få plukka

multer og ber utan frykt for å møta bjørnen. Me er heller

ikkje tende med at fjellbygdane vert lagde øyde på grunn

av rovvilter, og at folki må flytja ned til byane og tett bygde

strog der det er folk nok frå før.

(Fra årboka til Sirdalsutvalget 1974)

HUGGET STOKKPANEL har en ujevn overfl ate som gir

veggen et levende og robust utseende. Panelen er for utvendig

og innvendig bruk.

HUGGET STOKKPANEL er i heltre furu

eller gran eller impregnert for utvendig

bruk. panelen monteres liggende

eller stående med falser. Leveres i forskjellige

bredder og i 22 mm tykkelse.

Kontakt oss for brosjyre og prisliste.

Tlf. 38 34 82 02 - fax. 38 34 84 10 - 4596 EIKEN

E-post: info@eikaas-sagbruk.no eller ordre@eikaas-sagbruk.no

www.eikås-sagbruk.no

www.antix.fr

Franske langbord

i hel rustikk eik fra Antix.

Velkommen!

Åpent 10-19 - Lørdag 10-15

Hillevågsveien 24, Tlf. 51 88 60 60

www.helgo-mobler.no

Din lokale

rørlegger i Sirdal

Nå også:

-Kamera for

rørinspeksjon

-Kjerneborings-Kjerneboringsutstyr

Vi kan tilby de fleste varer og tjenester innen VVS

og flisearbeider. Også industrirørlegging

Sveinung Stuhaug . . . . . . . 97 68 22 41

Tlf avd. Flekkefjord . . . . . . . 38 32 22 41

Sirdalmagasinet · 1 / 2011 35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!