Jutulen - Vågå Historielag
Jutulen - Vågå Historielag
Jutulen - Vågå Historielag
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
17. maivesten i Jutulheimen

Av Kirsti Krekling

Den 17de Mai blev Frihedens Palme Plantet på Norriges Fjeldfaste Grund

Conrad N. Schwach

Jutulheimen har ein særskild vest i samlingane – ein såkalla 17.-maivest.

Han er småmønstra og laga av ein relativt ordinær silkekvalitet i mørk

blått og grønt: på ein bautastein er motivet VII MAI innhogd. På steinen

sit ein fugl med spreidde vengar omgitt av ein strålekrans. Kanskje sit han

i soloppgangen? Nederste del av mønstret er to greiner som kryssar kvarandre

– den eine av gran og den andre av bjørk. Liknande vestar av den

same tykvaliteten er kjent frå museum i Trondheim (2), Drammen (1) og

Oslo (1). Alle er dokumenterte, men opphavet til vågåvesten er ukjent.

Vesten Jutulheimen eig, har framstykke som skrånar nokså svakt ned midt

framme. Han har sjalskrage som står opp bak, er lukka med seks trekte

knappar og har ei lita lomme på kvar side. Ryggen er sauma av linstoff.

Vesten har ikkje særlege merke etter å vera brukt særleg ofte.

40