12.09.2013 Views

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

sundagsturane, og til ferien som borgarleg danningsreising og reportasjefotografering frå

hendingar i heimbyen”. 35 Bileta frå den private sfæren kallar Reiakvam familiebiografiske.

Desse bileta skildrar livet til familien som utartar seg i heimen, i det lokale turlandskapet og

på ferie. Den offentlege sfæren deler ho opp i kategoriane arbeidsplass, militærliv, byprospekt

og reportasje.

I dette kapittelet vil eg nytte Reiakvam sine forståingsrammer for Wilson sin

fotografiske praksis. Eg vil såleis sjå samlinga i lys av Wilson si private - og offentlege sfære,

og vise korleis vi kan forstå samlinga på denne måten. Lat oss starte med å tre inn i det

familiebiografiske materialet og sjå kva som finnast der.

2.3 Familiebiografien

Fig. 5. Ralph L. Wilson: Interiør. Hos besta, Engen, familien

Wilson+Emma, 1900-1910, UBB

Det familiebiografiske materialet

utgjer ein sentral del av Wilson-

samlinga. Mange av bileta viser scener

frå den omtala dørstokken til heimen,

og utover desse er det turbilete og

ferieminne som tek oss med på

familieutflukter utanfor heimen. Det

finnast for eksempel ein heil del bilete

frå første tiåret av 1900-talet. I desse

åra vart Wilson far til Edna og

Alexander, og han har tydeleg nok

vore glad i å fotografere borna medan

dei var små. Resten av familien er også representert; alt i frå foreldre, besteforeldre,

svigerforeldre, syskenborn, onklar og tanter finnast i biletmaterialet. Ofte er vener av familien

også med på bileta.

Eit trekk Reiakvam finn sentralt ved Larsen sin fotografiske familiebiografi, er at dei

også kan tene som kjelde til borgarleg kles- og interiørskikk i den aktuelle tidsepoken. 36 Slik

kan ein også nærme seg Wilson sine fotografi. Eit døme på det er eit familiefotografi der vi

35 Reiakvam, 1997, op.cit., s. 172

36 Ibid, s. 182

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!