12.09.2013 Views

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Såleis argumenterar ho for viktigheita av å sjå Hawarden som ein kunstnar og ikkje som ein

kvinneleg amatørfotograf frå det aktuelle tidsrommet. 57 For å gje ei seriøs vurdering av

Hawarden lyt ho løftast ut frå sistnemnde kategori. Mavor gjer difor som mange andre og

nedvurderar faktisk biletkulturen Hawarden var ein del av. For kvinnene i denne kulturen var

album ein heilt normal måte å samle både eigne og andre sine fotografi. Di Bello påpeikar at

ein tidlegare faktisk kunne presentere heile album utstilte for publikum. Dette var til dømes

ein viktig del av kameraklubbane sin praksis. Gjennom The Photographic Exchange Club

kunne ein bytte til seg bilete frå andre medlemmar til å setje i albuma sine. Dette hende blant

anna i regi av Royal Photographic Society, ein av dei første kameraklubbane i historia. Di

Bello skildrar praksisen der som følgjer: ”As amateurs, they were familiar with collecting

prints and drawings in albums, and understood them as an important mean to construct, record

and circulate the aesthetic values and visual standards of the Society”. 58 Ho peiker på at det

heller ikkje berre var fotografi som vart satt inn i albuma. Teikningar og andre dekorasjonar

var også vanleg å ta med, og albuma fekk såleis meir karakter av å vere ei slags skissebok.

Fotohistorikaren Helmut Gernsheim har i tråd med denne tanken samanlikna Lewis

Carrol sine album med skissebøkene kunstnarar ber med seg og teiknar i. Carrol var fotograf,

men er kanskje meir kjend for sitt arbeid som forfattar av bøker som Alice i Eventyrland. I sitt

arbeid ved Oxford College hadde han ansvar for albumet som låg i opphaldsrommet til

studentane ved studiestaden. Gernsheim ser altså Carrol sine album som noko kreativt og

skapande. Di Bello kommenterer dette kritisk ved å peike på at Gernsheim i same studium

behandlar kvinnelege album frå same tidsrom som symbol på forbrukarkultur, noko som vart

oppfatta som eintydig negativt. 59 Ho understrekar også at ansvaret Lewis Carrol hadde for

albumet i opphaldsrommet på sitt college, ikkje ligg langt unna den måten kvinner i same

tidsrom samla saman bilete og limte dei inn i album i sine eigne heimar på vegne av familien.

Av nyare forsking som er gjort på album nemnar Di Bello Geoffrey Batchen som ein

av dei som har skapt positiv merksemd omkring albumfenomenet. 60 Dette gjer han til dømes i

artikkelen Vernacular Photographies. I starten etterlyser Batchen ei seriøs historieskriving for

dette forsømde emnet. Album representerer ein folkeleg og populærkulturell del av

fotografiet. I følgje Batchen er det faktisk så populært at det har blitt ignorert i

57

Di Bello, 2007, op.cit., s. 11

58

Ibid, s. 12

59

Ibid

60

Ibid, s. 13

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!