12.09.2013 Views

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

Gå til originaloppgave - Masterbloggen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

fotografert på turar rundt i Noreg, Tyskland og USA. Store delar av samlinga er også prega av

familiefotografi, noko som understrekar at han har vore opptatt av å fotografere sine næraste.

Enkeltvis har fotografia trekk som gjer at dei kan knytast til nokon dominerande tendensar i

amatørfotografiet i Wilson si samtid. I tillegg er bileta satt inn i kreative montasjar med

tilhøyrande tittel, noko som tydeleggjer at Wilson har jobba med presentasjonsforma til

fotografia sine. Før vi ser nærare på forskingshistorie og oppgåvas gang, lyt vi gjere oss betre

kjend med Wilson og personen bak fotografiapparatet.

1.2 Teknisk ingeniør og amatørfotograf

Ralph Lindequist Wilson er i dag mest kjend for jobben han hadde som avdelingssjef for vass

- og kloakkvesenet i åra mellom 1909 og 1941. På denne tida utarbeidde han ei rekkje system

som betra livsstandarden til befolkninga i form av vassforsyningar og kloakkledningar. Han

arbeidde som assistent i brann- og vassvesenet frå 1900, før han gjekk i gang som leiar for

den nye etaten kommunen oppretta i 1909. 2 Eg vil skildre noko av det han fekk til gjennom

yrkeslivet, men først må vi tilbake til slutten av 1800-talet og sjå litt på oppveksten og

utdanninga til Wilson.

Han vart fødd i 1872 og vaks opp på Stend i Fana i ein søskenflokk på tre brør. Faren,

Georg Alexander Wilson (1833 – 1889), var styrar på Stend Jordbruksskule. Mora heitte

Emilie Wilson (1842 – 1936) og leia eit agenteur for sal av te på Engen i Bergen sentrum

under namnet Fru Wilsons Thehandel. Faren til Ralph døydde i ung alder, og det var Emilie

som sytte for å få Ralph og dei to brørne hans opp og fram i livet. Ralph var eldstemann i

søskenflokken, og etter skulegang på Hambro skole reiste han til Flushing, New York i 1891

for å ta meir utdanning. Han var då blitt 19 år gammal, og før denne turen hadde han allereie

hatt arbeid som ingeniør ved bygginga av Nesttun – Os-bana. 3 I tillegg til skulegongen i USA,

fekk han også delta som konstruktør i førebuinga til Verdsutstillinga i Chicago som vart

avvikla i 1893. Same året returnerte Wilson til Bergen, og arbeidde nokre år ved ulike veg -

og bruanlegg, før han altså tok til i kommunen frå 1900. På dette tidspunktet var han allereie

godt i gang med å dyrke fotograferingshobbyen sin. Om vi tek i betraktning det Susanne

2

Martin Byrkjeland og Morten Hammersborg: Byens skjulte årer – Vann og avløp i Bergen gjennom 150 år.

Bergen: Bergen Kommune. 2005, s. 156.

3

Bana sto ferdig i 1894, men bana var vedteke i Stortinget 2. februar, 1891.

http://www.ssb.no/ukens_statistikk/utg/9918/12.shtml

5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!