22.09.2013 Views

Stiftsnytt - Den norske kyrkja

Stiftsnytt - Den norske kyrkja

Stiftsnytt - Den norske kyrkja

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

nr 2 - oktober 2007

Prostidag i Sunnhordland:

Nokre av dei 75 songarane i dei tre barnekantoria i Sveio var aktive deltakarar då familiemessa vart feira under prostidagen i

Sunnhordland.

«Saman om gudstenesta» var tema då prostirådet og prosten i Sunnhordland

inviterte til prostidag på Stord den 27. september. Første del av dagen

var ein fagdag for tilsette, medan det på andre delen av dagen også var

med mange soknerådsmedlemer og andre ulønna medarbeidarar.

Om lag 36 tilsette møttest første del av dagen

for å snakka om involvering av medarbeidarar

i gudstenesta. Like mange andre

medarbeidarar var med frå middag og

til dagen slutta med ei stor prostigudste-

neste. Gudstenesta vart førebudd av deltakarane

gjennom grupper om musikk,

tekstlesing, forbøn, forkynning, kyrkjevertoppgåva,

bruk av data og estetisk presentasjon.

Saman o

Høyrt på prostidagen

Om involvering i gudstenesta:

■ Speidargudsteneste. Begge organistane

var borte. Etter å ha spurt mange, fekk

me endeleg ei til å spela. Ho fekk til gjengjeld

med seg eit heilt band og speidarar

til å vera forsangarar. Olav Oma, Fitjar

■ Folk som skal delta i gudstenesta må

vera trygge. Dei må få øva før kyrkja er

full av folk. Me som har ansvaret, må ta

ein telefon 1-2 dagar i førevegen til dei

me har avtale med for å seia at me håpar

dei kjem på sundagen og at me gler oss

til å sjå dei. Eg har gode erfaringar med

at dei set pris på ei slik oppfølging.

Oddbjørg Heimark, Kvinnherad

■ Generasjonsgudstenester samlar mange

og har stor grad av involvering. Ein 9åring

ringde med klokkene, musikarane

kjem frå «grasrota» og ein 11-åring leste

teksten. Presten si oppgåve er å gjera dei

andre trygge, ta mange telefonar og kvalitetssikra

det som skal skje. Eg skulle ønskja

me kunne ha eigne medarbeidarar

til å sjekka kvaliteten på alt det tekniske

og praktiske. Jens Olav Mæland, Etne

Ei estetisk gruppe, under leiing av Ingebjørg Dale Madsen (f.v.) og

Målfrid Stautland, lagde utsmykning til gudstenesta.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!